Stavanger Aftenblad

Alpinisten

-

DRØSET: Sist han hadde slalomski på beina, knakk han kragebeine­t. Var det ein god idé å prøva igjen?

Forsøka deira på å leva opp til myta om nordmenn fødde med ski på beina hadde – aerleg talt – vore mislukka. Det var lenge sidan han hadde kjent noko driv etter å oppsøka snø og kulde. Men det er utruleg kva dårleg samvit og norsk nasjonalro­mantikk kan føra med seg. Det er komplisert å vera norsk forelder – og ikkje ha gitt barna sjansen til å laera seg å stå på ski.

Sist dei prøvde seg i fjellheime­n, enda ho han framleis var gift med på legevakten med forstua tommel, mens sonen blei sitjande og grina ute i ei fonn fordi han mista si første tann. (Kona hamna forresten på legevakten året før også.)

Sist han sjølv hadde hatt slalomski på beina, for 16 år sidan, hadde han bare ramla éin gong.

Til gjengjeld høyrde han at noko knakk ein stad i overkroppe­n.

Det er utruleg kor mykje styr og vondt det kan bli av eit så lite og tilsynelat­ande ubetydeleg bein som kragebeine­t.

Men, upåverka av si eiga begredeleg­e alpine historie, her var dei på veg til fjells og vinterferi­e. Ein lett nervøs far. Ei minst like nervøs mor, og to uvitande barn som skulle prøva seg for slalom for første gong.

Første dag var dei som Bambi på isen. Han prøvde å vera ein tolmodig og pedagogisk far som snakka med rolig stemme, sjølv når han gjentok ting for 143. gong. Han lukkast bare delvis. Barna var i middels godt humør.

Dag to ploga ungane seg ned den vesle bakken på eiga hand. På dag tre tok dei trekket sjølv, og hadde tilsynelat­ande skjøna grunnleggj­ande svingtekni­kk.

Den fjerde dagen var alle så slitne i beina at dei heldt seg på hytta.

På dag fem tok far og dotter det store stoltrekke­t heilt til topps, til 1200 meter og uendeleg lange, slake bakkar nedover.

Han sansa noko i sidesynet på veg nedover. Han tykte eigentleg det gjekk ganske fint. Teknikken var nok ikkje finslepen, men han heldt seg på beina, prioritert­e rolige svingar framfor høg fart.

Noko mørkt dukka opp ved sida hans. Den vesle kroppen tok forbi og forsvann ned bakken. Han blei passert av si eiga dotter. Endeleg.

Ein lett nervøs far. Ei minst like nervøs mor, og to uvitande barn som skulle prøva seg for slalom for første gong.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway