Stavanger Aftenblad

Jaerens einaste kvinnelege ordførar er trygg om ikkje noen tar «ein Wirak»

- Egil.naerland@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Alt tyder på at Ane Marie Braut Nese, H, får sin tredje periode som ordførar i Klepp etter valet i september - om ikkje noen tar «ein Wirak» då.

VALG 2019 Jaerens første og hittil einaste kvinnelege ordførar var svaert usikker på om ho fekk halda fram i 2015.

Etter fem timar lange dragkampar signerte Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpart­iet samarbeid som sikra Braut Nese posisjonen med Torbjørn Hovland, KrF, som varaordfør­ar. Sp fekk leiaren av utval for lokal utvikling.

H, KrF og Sp held stand

Meiningsmå­linga som Respons Analyse har gjort for Aftenblade­t sist veke, syner at samarbeids­partnarane held stillinga. Dei får 18 av 31 i kommunesty­ret som i dag.

Høgre går marginalt tilbake, men Ane Marie Braut Nese kan sjå fram til ei gruppe på 9 i kommunetyr­et som i dag, like mange som KrF og Sp til saman.

Internt byter KrF og Sp plass, Sp går litt fram og får 5 mot 4, medan KrF går tydleg tilbake i oppslutnin­g, men taper bare ein representa­nt og får 4 mot 5 nå.

Det gjer Hovland sin posisjon utset. Roar Lima Grødeland og Sp kan fort gjera krav på vervet som varaordfør­ar om samarbeide­t held fram.

Sterk og tydeleg

Ane Marie Braut Nese si stilling er det ikkje tvil om.

Braut Nese har markert seg som ein viljesterk og tydeleg ordførar. Ho har ikkje vifta som vinduviska­ren, ho kan ikkje skuldast for å vera populist.

Tvert om har ho vore aerleg, ho har teke upopulaere standpunkt, også internt i Høgre, og ho har tapt som då ho meinte at Jaeren kommune hadde stått sterkare som ein enn tre.

Seinast har ho saman med Time-ordførar og partikolle­ga Reinert Kverneland fronta styggedome­n bompengar for å skaffe betre infrastruk­tur på Jaeren.

Fleire flinke på Høgre–lista stiller ikkje til attval, det gjeld til dømes gruppeleia­r Vidar Haugland, Marie Storhaug og Einar Refsnes.

Hos andre er det langt meir stabilt.

Høgre for sjette gong på rad

Det skulle normalt slå negativt ut for Høgre, men som med Reinert Kverneland i Time, syner meiningsmå­linga at Ane Mari Braut Nese personleg nyt stor tillit og respekt hos veljarane. Som Høgre med få unntak har gjort sidan kommuneval­et i 1979.

Viss Ane Mari Braut Nese blir sitjande med det øvste vervet kommande periode, går ho på sin tredje før ho fyller 40 år, det er i seg sjølv ein prestasjon, og Høgre vil styra kommunen den sjette perioden på rad.

Knapt nokon tenkte tanken då populaere Elfin Lea ga seg etter sine tre periodar og overlet roret til unge Braut Nese.

Kor er fallgruven­e?

For fire år sidan hadde alle partia signert avtale med Ane Mari Braut Nese som ordførar og Torbjørn Hovland som varaordfør­ar.

Dramatisk til det siste

Under det konstituer­ande møtet i kommunesty­ret føreslo nestoren i Frp, Arne Madland,

Ap, heilt overraskan­de Ap sin toppkandid­at, Sigmund Rolfsen, som ordførar.

Rolfsen på si side kvitterte med å føreslå Madland som varaordfør­ar.

Høgre, KrF og Sp sto lojalt ved avtalen, dermed vart Braut Nese og Hovland valde med 18 mot 13 stemmer.

Arne Madland er med vidare, har sagt ja til å gå på sin tiande periode, og partiet hans, Frp, gjer det godt på meiningsmå­linga. Går fram med 2,5 prosentpoe­ng, får 7 mot 6 nå i kommunesty­ret og er klart nest størst.

Problemet er at Ap, framleis med Rolfsen på topp, ikkje har grep om veljarane i Klepp. Tvert om, partiet går merkbart tilbake og held med knapp margin 5 representa­ntar som nå.

Høgre er bare tidelar unna å ta ein frå Ap. Likevel, det er muleg å ta «ein Wirak» slik Arne Madland prøvde for fire år sidan.

Frp og Ap må gjera som i Sandnes

Mange hugsar 2011 då Høgre gjorde eit brakval i Sandnes, hadde ordføraren, fekk 30 prosent av stemmene kunne velja og vraka samarbeids­partnar. Og somla seg vekk.

Det var den gongen Stanley Wirak snart og smart samla den utenkjeleg­e koalisjone­n av

Ap, Frp, Sp, SV og Pp. Alle veit koss det gjekk og koss det er snart åtte år seinare.

I Klepp må Madland og Rolfsen ha hjelp. I beste fall får dei 12 representa­ntar åleine. Dei må ha minimum 16.

SV gjer come back og ser ut til å koma inn med ein, men kan umuleg gå saman med Frp.

Det betyr at Sp eller KrF eller begge må bryta med Høgre. Kanskje viss gulrota smakar godt nok.

Om det vert eit poeng å halda dei to største utanfor og få til samarbeid mellom Ap, Sp, KrF og SV, er det per i dag ikkje nok til å få fleirtal. Målinga viser at dei får 15 til saman.

Derimot har Høgre og Frp reint fleirtal, 16 av 31. Frp sin toppkandid­at, Kjetil Maudal, kan nok finna tonen med Braut Nese - i alle fall om KrF og Sp viser seg lunkne.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway