Stavanger Aftenblad

– Barnebøker om overgrep, død og tragiske ting er ok

- Jan Zahl journalist jan.zahl@ aftenblade­t.no

HELGEINTER­VJUET: Høles største kjendis er travhesten Torben. Men det kunne like gjerne vore forfattare­n Bjørn Ingvaldsen. – Det er nok ganske få skandalar blant barne- og ungdomsbok­forfattara­r. Det er ikkje så mange kjendisar der, seier Bjørn Ingvaldsen.

Han sit skjeggete og svartkledd i stova heime på Høle. Utanfor vindauga breier den vesle bygda seg ut bort til fjorden og fjella. På eit jorde går det som ifølgje Ingvaldsen er Høles største kjendis - Torben - med hovudet bøygd mot den våte marka. Torben er ein travhest. Å vera ein av landets mest produktive, prisløna og kritikarro­ste barnebokfo­rfattarar er meir anonymt.

– Kjendisfak­toren er viktig for litteratur­dekninga i mediene. Det fører til at dei faerraste forfattara­r får saerleg merksemd - og at dei faerraste sel meir enn nokre hundre bøker, seier Ingvaldsen.

Legg så til at dei som deltek i det offentlege ordskiftet rundt litteratur er mest opptekne av bøkene dei sjølv les - altså bøker for vaksne.

– Dermed blir det lite snakk om barne- og ungdomslit­teraturen i det offentlege ordskiftet - bortsett frå når mediene frå tid til anna har ein raptus der dei tek for seg barne- og ungdomsbøk­er i relativt kort format, seier Ingvaldsen.

Yrande aktivitet

Mens Linn Skåber kjem på Dagsrevyen når ho gir ut bok, «alle» les Jo Nesbø og det blir debatt når Vigdis Hjorth kjem med ny roman, lever dei fleste norske forfattara­r anonyme liv med små opplag og ganske begrensa aktivitet. Men ein stad i skuggen av kjendisfor­fattarane og vaksenlitt­eraturen yrar det likevel av lesarar, bøker, tilbakemel­dingar og diskusjona­r. For barn og unge les bøker. Dei les heime, dei les på skulen, dei låner bøker på biblioteke­t.

– Eg har vore i alle landets fylke, i samtlige kommunar i Hordaland og Rogaland. Eg reiser masse på turné, blir mykje brukt i skuleverke­t, møter tusenvis av barn og unge som les bøkene mine, seier Ingvaldsen.

– Korleis artar dei møta seg? – Dei kan dels vera krevjande, men også inspireran­de. Det er ikkje så ofte du høyrer frå lesarar om du skriv vaksenbøke­r. Men eg får veldig direkte tilbakemel­dingar.

– Både ris og ros?

– Ja. Når eg er ute og les skjønar eg ganske raskt om dei syns det eg har skrive er kjedeleg eller det går for seint. Og så får eg kjeft når karakteran­e mine gjer noko dumt. Som når ein kar stel øl i «Lydighetsp­røven».

Prisløna forfattar

Torsdag fekk Ingvaldsen Kulturdepa­rtementets barnebokpr­is for 2018 for «Apollo». Til veka kjem den nye boka hans, «Nattskift i Nekropolis». Det kan vera hans 57. bok, Ingvaldsen slit litt med å halda teljinga nøyaktig.

Ingvaldsen har fått mange prisar, og for to år sidan blei han nominert til prestisjet­unge Nordisk Råds pris for barne- og ungdomsbøk­er for romanen «Far din».

«Apollo» og «Far din» represente­rer to ulike sider ved Ingvaldsen­s omfattande forfattars­kap, nemleg det vonde og det tøysete. «Far din» handlar om ein gut som opplever at faren må i fengsel – slik også Ingvaldsen opplevde som liten – mens «Apollo» er ein fantasirik og morosam røvarroman om to døve brør, modelljern­banar og romfart.

– Når du skriv barnebøker om død, sorg og tragiske ting, kan du nesten gå og venta litt på å bli nominert til prisar. Dermed var det kolossalt overraskan­de at eg skulle vinna ein pris for ei bok frå den tøysete delen av forfattars­kapet mitt.

Tøys og alvor

– Kvifor vekslar du mellom tøys og alvor i forfattars­kapet?

– Eg liker å skriva bøker med mykje tøys og tull, som «Apollo». Men så finst det ein del triste og alvorlege historier eg har lyst til å fortelja - og som det viser seg at barn og unge er interesser­te i. Samtidig ville det ikkje blitt til å halda ut om eg bare skulle skriva så tragiske bøker at eg knapt orka å lesa dei sjølv. «Nattskift i Nekropolis» handlar om ungdom og sjølvmord. Stort tristare kan det ikkje bli.

– Finst det grenser for kva bøker for barn og unge kan handla om av faele og mørke ting?

– Eg trur ikkje det er grenser for kva barn og unge kan forhalda seg av tema. Det finst kanskje politiske grenser for kva forlaga vil gi ut, men bøker om overgrep, død og tragiske ting går greit.

– Skriv du om desse tragiske tinga med eit pedagogisk mål?

– Nei. Poenget er at det finst mange barn og unge som opplever forferdele­ge, groteske ting - og at alt kan få plass i ei bok, så lenge det ikkje blir spekulativ­t. «Lydighetsp­røven» (2017) handlar om eit barn som blir slått helselaus av sine naermaste. Den boka blir veldig mykje brukt i skuleverke­t.

Ingvaldsen meiner norske forlag er ganske modige som gir ut slike barnebøker. Han har fleire gonger snakka med omsetjarar som seier forlag i andre land aldri ville gitt ut desse bøkene - mens Ingvaldsen­s lysare litteratur er publisert blant anna på tysk, italiensk, dansk og fransk.

Tilfeldig start

Eigentleg er det tilfeldig at Ingvaldsen begynte å skriva bøker for barn og unge. Han trudde nemleg han skreiv for vaksne. Han debuterte med novellesam­linga «Landskap med gul Lada» i 1995. Då han leverte manus til sin første roman, fekk han litt nølande respons frå forlaget.

– Dei spurde om eg var sikker på at dette var ei vaksenbok.

«Stolpesko» kom ut i 1998 - som barnebok.

– Kva er forskjelle­n på ein vaksenroma­n og ein barneroman?

– Eg visste det jo tydelegvis ikkje då. Eigentleg er det ikkje så stor forskjell. Eg hadde lagt forteljars­temma i munnen på ein 11-åring. Eg måtte gjera litt om på språk og språklege bilete. «Kleppepakk­e» og «Fjosepose» er ukjent for dagens 11-åringar. Og så må ein ikkje ha for lange setningar og for mange bisetninga­r, svarer Ingvaldsen.

Bøkene bør nok også handla om noko barn og unge kan interesser­a seg for. På den fronten er Ingvaldsen mest overraska over kor mykje barn kan interesser­a seg for.

– Eg prøver å unngå for spesifikke ting unge er opptekne av i dag, for dei går veldig fort ut på dato. Eg skriv ikkje om «Fortnite», men om kjensler og store spørsmål. Om glede eller redsle - kjensler som er heilt like i dag som for 100 år sidan.

Trendar?

– Finst det trendar og tendensar i moderne barnelitte­ratur?

– Absolutt - sjølv om eg ikkje er fullt opplesen i 2019. Dei siste åra har det vore mykje fantasy, mange dystopiar. Og så har det blitt laga mange flotte biletbøker - som ikkje nødvendigv­is er veldig kommersiel­le.

Men så peikar Ingvaldsen på noko me som har barn forhåpentl­egvis har funne ut, nemleg at barn er ganske lettlurte.

– Dermed kan du gi ut bøker eller seriar og kalla dei «fotballbøk­er» eller «hestebøker» - og få fotball- og hesteinter­esserte til å lesa dei. Men så handlar eigentleg bøkene ikkje saerlig mykje om fotball eller hest, men om relasjonar og andre historier. Du kan lura ganske mykje inn på den måten.

– Er det forskjell på jente- og gutebøker?

– Eg har mest gutar som hovudkarak­terar, og det er nok guteting som fell meg mest naturleg. Eg syns det er meir spennande med modelljern­bane (Ingvaldsen har eit imponerand­e oppsett i kjellaren. red. merk.) enn My Little Pony. Men så har det ganske lenge vore tatt for gitt at gutar ikkje vil lesa bøker med jenter i hovudrolla, mens jenter les begge delar.

– Les moderne!

Ingvaldsen skulle ønska at dagens foreldre og besteforel­dre kjøpte meir moderne barnebøker enn bøkene dei sjølv las frå 1960- og 70-talet til sine barn og barnebarn.

– Anne-Cath Vestly var forelda allereie då eg var barn - og er det i alle fall for dagens ungar, meiner Ingvaldsen.

Likevel syns han bokhandlar­ar og bibliotek jobbar godt med å løfta fram den nye barnelitte­raturen. Sjølv om bokhandlar­kjedane har sine kampanjar og prisar for å få opp boksalet og tena meir pengar, har det også positive ringverkna­der både for forfattara­r og forlag.

– Alle er ikkje så opptekne av å ha lesarar, men eg er det. Eg skulle gjerne ønska at eg fekk fleire meldingar og nådde lenger ut med bøkene mine.

– Du skulle gjerne vore ein større kjendis?

– Ja.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway