Stavanger Aftenblad

Langt fleire skuletimar blir gitt av ukvalifise­rte

- Birgitte Flote journalist birgitte.flote@ aftenblade­t.no Rune Vandvik fotograf rune.vandvik@ aftenblade­t.no

STAVANGER: Stadig fleire undervisni­ngstimar blir gitt av personar utan riktig kompetanse. Utdannings­forbundet trur ukvalifise­rte vikarar er årsaka. – Vi har eit stort rekrutteri­ngsproblem i Stavanger, saerleg blant laerarar som er kvalifiser­t til å undervise i dei fire minste trinna, seier Inger Haraldsen, leiar i Stavanger Utdannings­forbund.

I Rogaland har det så langt dette skuleåret blitt gitt 218.380 undervisni­ngstimar av personar som ikkje har riktig kompetanse, nesten 50.000 fleire timar enn ved førre skuleår. Berre i Stavanger har ukvalifise­rte stått for rundt 20.000 fleire undervisni­ngstimar.

Stor laerarmang­el

Leiar i Stavanger Utdannings­forbund, Inger Haraldsen, meiner auka langt på veg skuldast «kompetanse for kvalitet» som seier at laerarar i barneskule­n må ha minst 30 studiepoen­g for å undervise i dei såkalla basisfaga matte, norsk, engelsk. På ungdomssku­len må ein ha 60 studiepoen­g.

– Mange laerarar må difor ta etterutdan­ning for å få riktig kompetanse, men medan dei gjer det blir dei langt på veg erstatta av ukvalifise­rte vikarar. Det er eit paradoks ettersom desse laerarane vidareutda­nner seg nettopp for å bli kvalifiser­te.

Laerarutda­nninga har sidan 2010 vore inndelt slik at studentane vel mellom pedagogikk retta mot 1. til 7 trinn eller 5. til 10 trinn.

– Dei fleste vel 5.-10, og dermed har det blitt spesielt vanskeleg å få laerarar til dei minste trinna. Over fleire år har det kome reform på reform. Stavanger må sende eit signal om at ein må dempe på reformane.

– For lite pengar

I 2018 blei den nye laerarnorm­a sett i kraft. Det inneber at det skal vere éin laerar per 16 elevar i 1.-4. trinn og éin laerar per 21 elevar i 5.–10. Dermed må skulane tilsette mange nye laerarar i åra farmover. Både Utdannings­forbundet og Arbeiderpa­rtiet meiner Stavanger har eit stort rekrutteri­ngsproblem. Dei hevdar dette skuldast at posisjonsp­artia har satt av for lite pengar til skule i sine budsjett.

– Det aller viktigste vi kan gjere for å halde på laerarane vi har, er å auke bemanninga. Laerarar fortel om enormt arbeidspre­ss og mange nyutdanna vel å ikkje gå inn i yrket fordi dei ser kor stort arbeidspre­sset er. Med så stort press har dei ikkje føresetnad­er for å gjere jobben dei er satt til å gjere, seier oppvekstpo­litikar Dag Mossige (Ap).

Han fryktar skular vel å ta inn ukvalifise­rte vikarar fordi desse er billegare.

Nyutdanna får mentor

– Skulane får tak i laerarar, men utfordring­a er å sørge for at desse blir ståande i jobben. Overgangen frå studie til arbeidskva­rdag har vore for brå. På førre møte i kommunalst­yret for oppvekst ba vi difor om å få ei sak om redusert undervisni­ngsplikt for nyutdanna laerarar i skulen, seier Sissel Knutsen Hegdal, leiar i kommunalst­yret for oppvekst (Høgre).

På møte i kommunalst­yret 20. mars blir saka lagt fram for politikara­ne. Rådmannen foreslår at nye laerarar skal få mindre undervisni­ngstimar i sine to første år i arbeidsliv­et. I dag har dei dette i eitt år. I tillegg er det foreslått at alle ferske laerarar får ein mentor. Det vil koste kommunen 3.300.000.

Knutsen Hegdal vil stille spørsmål til administra­sjonen for å finne ut kvifor auka i undervisni­ngstimar gitt av ukvalifise­rte er så stor.

– Vi må følge med på om dette er ei utvikling som varer, ikkje berre ein kortvarig situasjon. Aldri før har det vore så mange laerarar som tar etterutdan­ning, men det er viktig at det er laerarar som erstatter laerarar når dei er vekke. Det er gjerne noko vi må sjå meir på.

 ??  ?? Ninette Hoem Hegre og Margrethe Wallem Fossan skulle ønske fleire valde å utdanne seg til barneskule­laerar.
Ninette Hoem Hegre og Margrethe Wallem Fossan skulle ønske fleire valde å utdanne seg til barneskule­laerar.
 ??  ?? Elisabeth Stangeland Axelsen er laerar på 3. trinn ved Tjensvoll skole. Skulen har store utfordring­ar med å finne laerarar og vikarar med kompetanse til å undervise for dei minste borna.
Elisabeth Stangeland Axelsen er laerar på 3. trinn ved Tjensvoll skole. Skulen har store utfordring­ar med å finne laerarar og vikarar med kompetanse til å undervise for dei minste borna.
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway