Stavanger Aftenblad

Vikarane er ikkje rusta for kvardagen i barneskule­n

-

STAVANGER: Når vikarane er ukvalifise­rte, krev det ekstra mykje av dei andre laerarane. Rektorar har store problem med å finne vikarar til dei minste borna.

– Kvardagen som laerar er krevjande. Vi skal i aukande grad handtere utagerande elevar. Mediene skriv at vald mot medelevar og laerarar har auka siste åra. Det gjer klasseleii­ng viktigare enn nokon gong, seier Ninette Hoem Hegre, laerar ved Tjensvoll skole i Stavanger.

Skulen har så langt dette skuleåret rapportert inn om lag fire gongar så mange undervisni­ngstimar gitt av ein person utan riktig kompetanse, samanlikna med førre skuleår. Det gjer dei ikkje verre enn andre skular i Stavanger.

Utdannings­forbundet ser utviklinga i samanheng med at mange laerarar må ta etterutdan­ning for å tilfredsst­ille nye krav. I mellomtida blir det sett inn vikarar utan riktig kompetanse.

– Dei ukvalifise­rte vikarane kan vere dyktige i fag, men kan gjerne ikkje klasseleii­ng godt nok. Det krev mykje rettleiing frå oss laerarane, seier Hoem Hegre.

– Det er ei belastning for vi som står att. Dei som tar vidareutda­nning er langt på veg ute av undervisni­ng og kan ikkje vere kontaktlae­rar, seier Margrethe Wallem Fossan, laerar og tillitsval­t ved Tjensvoll skole.

Laerarmang­el

Ifølgje rektor på skulen, Anita Legland, har alle vikarane studier som er relevant for laeraryrke­t, men få er kvalifiser­t for å undervise på dei minste trinna. Dei har gjerne studert pedagogikk retta mot 5. trinn og oppover.

I 2018 blei den nye laerarnorm­a sett i kraft. Det inneber at det skal vere éin laerar per 16 elevar i 1.-4. trinn og éin laerar per 21 elevar i 5.–10. Samtidig viser tal frå Udir at over tusen laerarar i Rogaland naermar seg pensjonist­alder. Dermed blir behovet for nye laerarar stort.

– Det er utruleg viktig for elevane å få laerarar med riktig kompetanse. Til hausten treng vi tre nye laerarar på dei minste trinna. Målet er å få nokon som er kvalifiser­t for dette, men då må vi arbeide hardt. Når vi luker vekk alle som ikkje har riktig kompetanse, er det tydeleg at Stavanger har ein generell laerarmang­el, seier Legland.

– Vi taper

Gautesete skole har rapportert inn om lag like mange timar gitt av ein person utan riktig kompetanse som Tjensvoll skole.

– For vår del er det litt tilfeldig at det blei slik. Vi har tre ukvalifise­rte vikarar, men desse er i ferd med å ta utdanning, seier rektor Knut Ytre-Arne.

På barneskule­n Nylund opplever rektor Frøydis Anthonsen at dei taper i kampen om hovuda.

– Skulen er midt i ei omfattande rehabilite­ring. Vi har ein sprengd situasjon der enkelte klasser er flytta til brakker fordi vi ikkje har plass nok og der vi må ha delte friminutt fordi skulegårde­n er for liten. Arbeidsfor­holda vi kan tilby er ikkje forlokkand­e, seier ho.

Også her er det på dei minstre trinna situasjone­n er mest krevande. Ifølgje Anthonsen er behovet for vikarar spesielt stort no.

– Laerarar vidareutda­nnar seg og blir borte to dagar i veka. Dermed treng alle skulane fleire vikarar som kjem i tillegg til behovet som alltid vil vere på grunn av babypermis­jon.

 ??  ??
 ??  ?? Rektor ved Tjensvoll skole, Anita Legland, forsøker å finne både vikarar og faste tilsette som kan undervise på dei minste trinna. Den kompetanse­n er det få av søkarane som har.
Rektor ved Tjensvoll skole, Anita Legland, forsøker å finne både vikarar og faste tilsette som kan undervise på dei minste trinna. Den kompetanse­n er det få av søkarane som har.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway