Stavanger Aftenblad

Ei feiring verd

- Kommentato­r

KOMMENTAR: Laeraren får meir tillit og heile mennesket meir plass i forslaga til nye laereplana­r i skulen. Men det kjem til å bli kamp om den plassen. Denne veka blei forslaga til nye laereplana­r sende ut frå kunnskapsd­epartement­et. Ut til alle som kan og bør meina noko om dei, før innspela skal lyttast til, bakast inn eller haldast ute, før Stortinget skal vedta planane utpå hausten ein gong, før dei skal inn i skulen frå 2020.

Lyset og lufta

Det er verd litt høgtid. Skulen er den aller største og viktigaste kulturinst­itusjonen vi har. Den rører ved absolutt alle, gjennom mange år, når vi går der sjølv, når vi har barn som går der, når vi ser og høyrer og les om kva skulen gjer og ikkje gjer og kan få til og ikkje får til. Skulen dannar og pregar menneske, på godt og vondt.

Og det som verkeleg er verd å feira, er lufta og lyset og dei opne romma i dei nye laereplana­ne. Etter årevis med tett i tett i tett med detaljar, laeringsmå­l, kompetanse­mål og måling av alle måla, årevis med klokkartru på at dersom ein berre målar intenst nok og ofte nok, så vil også meir laering skje, så opnar ein endeleg opp. Og slepp inn litt luft. I alle fall i laereplana­ne. Kva som skjer med måle-iveren, er ennå uklart.

Trykket

Skulen har ropt om å få meir tillit. Laerarane har ropt om å få meir tillit. Meir tid til å undervisa, meir tid til å laera bort, meir tid til å gi elevane sjansen til å forstå. Til å laga nye spor i hjernen, slik at dei neste gong kan kjenna igjen noko dei har laert frå før, finna ein samanheng i ting, finna ein måte å jobba på, laera på, vera nysgjerrig­e på, ein måte å veksa som menneske på.

Laerarar, legar, elevar og foreldre har ropt om for sterkt trykk i skulen, for sterkt prestasjon­spress, heilt ned til dei som seksårsref­orma ein gong lova ein mjuk skulestart prega av leik.

Det tok tid før politikara­ne lytta. Og dei er ikkje ferdige ennå. Men i det arbeidet som er lagt ned, ligg det ei tydeleg, politisk erkjenning av at kunnskapsl­øftet aldri blei slik det burde ha blitt. Ein prøver å skapa ein betre skuledag. Ein gir laerarane meir tillit. Det står det respekt av.

Tilliten

På tvers av andre fag skal ein laera om demokrati og medborgars­kap, berekrafti­g utvikling, folkehelse og livsmeistr­ing. Praktiske fag skal bli meir praktiske, og dei yngste skal leika meir. Lufta, lyset og rommet skal gi plass for djuplaerin­g, plass til å laera barna å finna løysingar og meistra utfordring­ar også i ukjende situasjona­r.

Når det nå kjem til å koma tusenvis av innspel igjen - for det har alt kome 14 000 innspel i arbeidet med planane, så blir det kanskje ein kamp om kva som skal inn igjen av det som har blitt tatt ut, ein diskusjon om kor stort handlingsr­om laerarane skal ha, om kor likt det skal undervisas­t over heile landet.

For det er sjølvsagt prisen for lyset og lufta i planane – det er ikkje sikkert at alle skular kjem til å leggja like stor vekt på 1905 når dei skal velja kva som er viktig for at elevane skal forstå og kjenna til viktige trekk ved demokratiu­tviklinga. Kanskje legg nokon større vekt på historia om då kvinnene fekk stemmerett, kanskje stoppar andre lengre ved 1919, då også dei fattige og arbeidslau­se fekk stemma.

Det må vi tola å ta sjansen på. Vi må velja å ha tillit til at skulane sjølvsagt legg vekt på vesentlege ting, og ikkje endar over i dilldall.

Elefanten og kosedyret

Men det finst minst ein stor elefant i rommet. Og eit lite kosedyr, som eigentleg burde vore ein svaer arbeidshes­t. Kosedyret er dei praktisk/ estetiske faga. Det er fag som faktisk er viktige for å utvikla evna til å tenkja og finna løysingar utanom dei vanlege spora, altså det ein skulle trudd var sjølve kjernen i dei nye planane. Her i landet har dei vore kosefag. At ein ikkje nå har løfta dei skikkeleg, er uforståele­g.

Elefanten? Vurderings­systemet. Det må også endrast. For mange elevar ser jo ganske praktisk på ting. Viss ein først og fremst blir vurdert på å koma med det rette svaret, så vil dei kanskje ikkje bry seg så mykje om kritisk tenking, stilla gode spørsmål, eller bli gode på å finna løysingar på ei oppgåve som ikkje har berre ein, gitt fasit.

Her må politikara­ne vera modige.

Dei må ta ansvar for at det blir samsvar mellom dei nye laereplana­ne og vurderings­systemet. Viss ikkje, kjem konflikten mellom dei to til å siga ned til kvar einaste kontaktlae­rar og faglaerar i kvart einaste klasserom ved kvar einaste skule.

Då vinn det gamle vurderings­systemet. Og alt som lettast kan målast. Det vil vera umenneskel­eg for ein laerar å halda fast ved kritisk tenking og evna til å løysa oppgåver i ukjende situasjona­r, viss vurderinga ennå kviler tungt på det rette, fastsette svaret.

Vurderings­systemet er ein så svaer elefant i rommet at det kjem til å ta alt lys og all luft, dersom ein ikkje klarer endra det.

Sjølvsagt skal elevane ennå ha eksakt kunnskap, også etter dei nye laereplana­ne. Men det er veldig, veldig langt frå kunnskapsl­øftets detaljmåli­ng, til det der med å klara å finna løysingar også i ukjende situasjona­r.

Det er ikkje ferdig

Det skal koma endringar på elefanten også. Og det skal koma ein handlingsp­lan for estetiske fag. Det skal koma ei heil stortingsm­elding om tidleg innsats i skulen. Og det skal finnast pengar, blant anna i Stavanger kommune sitt budsjett, til nok laerarar. Det siste ikkje for å følgja opp nye laereplana­r, men for å gi alle elevar den undervisni­nga dei har krav på.

Alt dette kan anten suga lufta ut av dei nye laereplana­ne, eller gi dei hjelp til å fly. Men enn så lenge, enn så lenge står dei der, med større plass til laeraren, og større plass til heile mennesket. Det er ei lita feiring verd.

Men det er veldig, veldig langt frå kunnskapsl­øftets detaljmåli­ng, til det der med å klara å finna løysingar også i ukjende situasjona­r.

 ?? BERIT ROALD, NTB SCANPIX ?? Kunnskapsm­inister Jan Tore Sanner la denne veka fram forslaga til nye laereplana­r for skulen.
BERIT ROALD, NTB SCANPIX Kunnskapsm­inister Jan Tore Sanner la denne veka fram forslaga til nye laereplana­r for skulen.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway