Stavanger Aftenblad

Rumpeostpa­radokset

-

DRØSET: Korleis laerer du eit barn å bli ein omnivor?

– Du som til og med et rumpeost, må jo kunna eta ei grøn potet. Du et jo alt, pappa!

Han såg bort på sonen. På middagstal­lerkenen låg bitar av innbakt torsk - og poteter han hadde gjort seg ekstra føre med: Først hadde han kokt dei ei stund. Men sidan det stod på fiskepakke­n at den sprøbakte torsken passa ekstra godt til steikte poteter, hadde han hatt dei i ovnen etterpå, med godt smør, olivenolje, rosmarin, kvitløk og krydder.

For éi gongs skuld var middagen ein suksess hos alle familiens fire medlemmer – sjølv om den matsaere sjuåringen sjølvsagt ikkje hadde tomatsalat på sin tallerken.

Sjølv blei han sitjande utan å vita heilt kva han skulle seia, mens mor og dotter lo av han – som vanleg – og sjuåringen smilte lukkeleg over tydelegvis å ha fått inn eit så godt poeng. Han skulle gjerne hatt noko treffande å slå tilbake med. Problemet var at han, som far, måtte anerkjenna at husets minste – og minst altetande – hadde fått inn ein retorisk fulltreffa­r. Såpass at han var meir stolt enn sår.

Hans eige, daglege mas mot sjuåringen om at han skulle laera seg til å eta alt, inkludert grønsaker og ting han ikkje nødvendigv­is tykte var det beste i verda, hadde effektivt blitt snudd og brukt mot han sjølv, bare fordi han ikkje hadde valt poteta dottera (feilaktig!) påstod at hadde litt grønt på seg. (Dottera, som tok til seg katastrofe­orientert kunnskap (frå mora) som ein svamp, var overtydd om at potet med grønt på var å likna med å eta cyanid.)

Det verste, eller beste, var at gutungen – heilt på eiga hand – hadde kopla poteta til rumpeosten. «Rumpeost» hadde blitt eit begrep etter at han var i Paris og kom heim med ostar som lukta så kraftig at dei måtte pakkast inn i fem lag plast. Han fekk bare pakka dei ut ute på terrassen. Han hadde fått mykje tyn for å eta stinkbombe­ne, som han argumenter­te for at smakte langt betre enn dei lukta. For dei lukta definitivt rumpe

– i mangel av meir avanserte smakskonno­tasjonar.

Så kva skulle han nå gjera? Han fekk ta ei potet.

Han hadde fått mykje tyn for å eta stinkbombe­ne

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway