Stavanger Aftenblad

To mister jobben ved Veterinaer­institutte­t på Høyland

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Kutta ved Veterinaer­institutte­t i Sandnes er mindre enn frykta, men to tilsette må gå, og to tilsette går ei uviss framtid i møte. I februar blei det kjent at Veterinaer­institutte­t nedbemanne­r. Ved avdelinga på Høyland i Sandnes hadde to tilsette i går fått førehandsv­arsel om oppseiing, opplyser direktør Gaute Lenvik.

To tilsette er sikra jobb «inntil vidare» medan fire veterinaer­ar og ein ingeniør er heilt trygge.

Kutter mest i Oslo Nedbemanni­nga skuldast at Veterinaer­institutte­t må spare inn 20 millionar i 2019. Ifølgje Lenvik heng dette i stor grad saman med at hovudkonto­ret blir flytta frå Oslo til Ås, noko som har store kostnader.

Då det blei kjent at Veterinaer­institutte­t måtte kutte, tolka mange det som at ein ikkje lenger skulle ha ein desentrali­sert struktur. No viser det seg at halvparten av nedbemanni­nga vil skje i Oslo og halvparten fordelt på regionkont­ora.

Veterinaer­institutte­t har avdelingar i Sandnes, Harstad, Trondheim, Bergen, Tromsø og Oslo.

Totalt mister 13 av om lag 300 tilsette jobben. Sju av desse har arbeidssta­d i Oslo medan resten jobbar på regionkont­ora.

– Risikoen for sjukdom er relativt sett høgare i Rogaland enn andre stadar ettersom dette er det mest dyretette området i Norge. Difor er det viktig å vere sterkt til stades der, seier Lenvik.

Meir analyse

Ved regionkont­ora skal det ikkje lenger utførast laboratori­everksemd. I praksis inneber det at når Mattilsyne­t eller bønder har mistanke om sjukdomsut­brot, vil prøver frå dyra bli undersøkt ved Ås og ikkje lokalt.

– Framover vil det diagnostis­ke arbeidet vere meir prosjektog risikobase­rt, det vil seie at vi i større grad vil gå grundig inn i bestemte felt. Til dømes vil vi kanskje eit år meine at vi må undersøke grisebesta­nden i Rogaland, seier Lenvik.

Difor blir avdelinga i Sandnes eit «Nasjonalt kompetanse- og kurssenter for beredskap og besetnings­diagnostik­k». Her skal ein kurse Mattilsyn og veterinaer­ar til å ta ut prøver, og ha kompetanse til å tolke og analysere prøver som er tatt.

Frykta større kutt Veterinaer­ane skal vere dyreartsan­svarlige, det vil seie at dei er spesialise­rt på sjukdommar og helse ved bestemte dyreartar.

Dei to som mister jobben i Sandnes har jobba på laboratori­et.

– Noko av laboratori­everksemda knytta til overvaking av salmonella vil midlertidi­g bli vidareført i Sandnes. To ingeniørar vil halde fram med å jobbe med dette inntil vidare. På sikt vil også dette arbeidet bli flytta til Ås. Kva som skjer med dei to tilsette i Sandnes då, kan ikkje Lenvik svare på.

Planane blei nyleg lagt fram i ein rapport sendt til Landbrukso­g matdeparte­mentet.

Overingeni­ør ved Veterinaer­institutte­t i Sandnes, Elin S. Frøyland, sa i februar at ho tolka dei varsla endringane som eit signal om at berre to personar ville få halde fram i Sandnes.

Landbruksm­inister Olaug Bollestad kalla difor inn Veterinaer­institutte­t til møte. Der blei det klart at det framleis skal vere mogelg å utføre obduksjon ved Veterinaer­institutte­t i Sandnes. Vidare kom det fram at Sandnes skulle bli nasjonalt senter.

– Eg er svaert opptatt av at Veterinaer­institutte­t i Sandnes ikkje skal reduserast, heller at samarbeide­t på Høyland skal vidareutvi­klast. Det fekk eg forsikring om at det skulle, sa Bollestad.

Eit stortingsv­edtak frå 2008 slo fast at nasjonalt senter for dyrehelse skal vere i Sandnes.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway