Stavanger Aftenblad

Frå tradisjone­lt til kompostmod­erne

-

KRONIKK: Ei historie i fire akter om menneske, jordbruk og natur. skulle utraderast. Standardis­ering og samlebandp­roduksjon rådde grunnen. Enkeltmenn­esket blei redusert til «tannhjul i samfunnsma­skineriet». Vekstideol­ogi og framtidsop­timisme dominerte. Maskinar og kjemi skulle redda verda. «Framsteg» skulle målast i pengar, ikkje i innsikt og visdom. Industrial­iseringa fekk fart i landbruket. Og med den effektivis­eringstank­en, den som har rådd naeringa som mareritt og arvesynd i ettertida: Ideen om at større og faerre einingar alltid er betre, ideen om at du aldri er stor eller effektiv nok.

Natur vart utbyttings­objekt nummer ein. Me brukte etter kvart langt meir ressursar enn det naturen evna å fornya. Resultatet vart katastrofa­le tap av matjord og rasering av det biologiske mangfaldet. Til og med klimaet på planeten klarte me etter kvart å påverka.

Tredje akt

Det postmodern­e var eit nytt hamskifte, ein reaksjon på modernitet­en sin reduksjon av enkeltmenn­esket. Samlebande­t blei no pensjonert. I staden fekk me «identitet» og skulle bli «spesielle» og «unike». Det lokale vart «eksotisk». Tradisjons­mat vart trendy. Kulturarv blei storindust­ri.

«Plikta» var utgått på dato. Lysta og interessa kom i staden. Ein tok ikkje lenger over garden fordi det vart forventa av ein, men fordi det var gardsdrift ein «interesser­te seg for». Livsstilsl­andbruk og livsstilsf­lyttar vart nye omgrep i det offentlege rom. «Småbruk» vart det mest populaere søkeordet på Finn. Ein skulle leva det livet ein drøymde om, og busetja seg der ein kunne leva ut draumane og interessen­e sine.

Gift- og kunstgjøds­elfrie driftsform­er kom på ny i fokus i landbruket, og landet fekk økologiske arealmål. Komposten fekk og ein slags renessanse, ikkje minst ved veksande interesse for hagedyrkin­g og heimeprodu­ksjon av grønsaker.

Samtidig skulle den «frie marknader» og den «frie forbrukare­n» styra utviklinga. Forbrukare­n blei hovudaktør­en i det postmodern­e landskapet. Han har eit tilsynelat­ande endelaust sett av rettar. Plikter har han derimot ikkje. Konsekvens­en vart «bruk-og-kast-samfunnet»: At forbrukare­n aldri er nøgd, men alltid krev større, nyare, billegare, fleire, er den sentrale motoren i økonomien i dag.

Forbrukarr­olla er rett nok årsaka til at «økomat» og «lokalmat» har hatt stor vekst. Det finst definitivt ei veksande kundegrupp­e for slike tilbod. Men diverre utgjer denne gruppa eit mindretal. For forbrukara­ne, og då det store fleirtalet av dei, er også hovudårsak­a til at det modernisti­ske, miljøøydan­de industrila­ndbruket framleis held landbruksp­olitikken og bonden i eit iskaldt jarngrep. Dette landbruket gir jo forbrukare­n det forbrukare­n verkar å ønskja seg aller mest: «billeg mat»!

Postmodern­iteten var i si tidlege fase eit opprør for miljøet. Tidsaldere­n enda likevel opp i å gjera det meste verre.

Fjerde akt

Så kva no? Vel, eit tredje hamskifte ligg føre oss. FN sitt klimapanel fortel at me må gjera større endringar på kort tid enn menneska nokosinne har gjort.

Komposten kan stå som symbol på det forhold me må utvikla til den levande matjorda og den ikkje-menneskele­ge verda. Den som kompostere­r, legg til rette for naturen sine aller mest skapande prosessar, trillionar av mikroorgan­ismar si omdanninga av det visna og utbrukte til nytt liv.

Å kompostera kjem av det latinske componere, og betyr å setja saman på nytt. Det må me no. Legg merke til uthevinga. Me måtte mindre og mindre i postmodern­iteten. Det frie valet rådde. No må fridomen til å øydeleggja natur setjast til side. I staden må me sirkulera og kompostera, bygga opp att det me har rive ned.

I den kompostmod­erne framtida må mennesket finna si produktive rolle i naturen. Me må skapa utan å øyda. I «Jordboka II» skriv eg om regenerati­vt jordbruk. Å regenerera er å fornya. Dette er eit jordbruk som legg aktivt til rette for at naturen får fornya seg sjølv. Dit må me. Og den som laerer seg å kompostera, er på god veg.

Me må gå frå å øydeleggja til å byggja natur.

 ?? NTB SCANPIX ?? «I den kompostmod­erne framtida må mennesket finna si produktive rolle i naturen. Me må skapa utan å øyda», skriv professor Dag Jørund Lønning.
NTB SCANPIX «I den kompostmod­erne framtida må mennesket finna si produktive rolle i naturen. Me må skapa utan å øyda», skriv professor Dag Jørund Lønning.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway