Stavanger Aftenblad

SVs kamp mot forskjella­ne

-

KOMMENTAR: SV vil bli eit parti for dei mange, ikkje for dei få. Kan dei klara det? Uro over miljø- og klimaavgif­ter som rammar dei som har minst. Såre sinn over ei venstresid­e som lenge ikkje tok i folks uro over manglande integrerin­g, undertrykk­jande strukturar og tradisjona­r blant nokre innvandrar­ar frå nokre land, og ein velferdsst­at der ryggane som skal bera dei tyngste børene ikkje synes mange nok til å klara bera alle dei andre. Eit parti som syntes meir opptekne av å dela ut pengane i potten enn av å få dei inn.

Kan SV få også oss som står på ganske god avstand, til å lytta med interesse?

Planen

Her må det igjen seiast at firepartis­regjeringa har lagt ganske godt til rette for det. Fire parti som synes altfor ulike til å halda saman, som når dei står på den eine foten støttar felles politikk, og som når dei står på den andre, vil gå til val på å kjempa mot delar av den same politikken. Det synes som om alle sjeler er til sals på den sida.

Lysbakkens plan? Nedkjempa ulikskap og utslepp. SV vil endra skattesyst­emet. Dei vil ha skattelett­e for folk med inntekt under 600 000 kroner, og dei vil innføra luksusskat­tar for dei på toppen - ein ekstra direktørsk­att for dei med over 1,5 millionar i lønn, ein spekulants­katt for dei som eig langt fleire bustader enn dei kan bu i, og ein maktskatt for dei som får det SV kallar skyhøg arv. Dei vil ha meir skatt på det dei meiner er luksus og privilegie­r, og mindre på arbeid.

Dei vil hiva bemannings­byråa ut av norsk arbeidsliv for å sikra trygge arbeidsvil­kår, og forby profitt på grunnleggj­ande velferd. Dei vil flytta store fiskekvota­r frå dei få og store til dei mange og små, dei vil kjempa mot fattigdom ved å sikra dei svakaste med betre ordningar. Pengane skal dei igjen ta frå dei rikaste. Dei vil sikra ein integrerin­gspolitikk som verkar, og at ingen i Norge blir haldne nede av kultur, religion eller tradisjon. Dei vil ha heiltidsst­illingar i kommunen, ein sektor der over halvparten av stillingan­e i dag er deltid. Dei vil ha vekk laeringstr­ykket i skulen, dei vil ha laerelyst og heildagssk­ule og lekser inn i skuledagen.

Dei vil ha den norske varianten av Green New Deal - ein plan for å få ned både utslepp og ulikskap. Norge skal vera både fornybarsa­mfunn, velferdsst­at og industrina­sjon. Det er statens musklar som skal byggja landet grønt. Staten skal sikra at verdiane vi får frå naturressu­rsar og teknologi kjem alle til gode.

Ein grøn folkebonus skal inn i klimapolit­ikken, den skal diskuteras­t og debatteras­t og knas i - på ein eller annan måte skal ein finna ei løysing så ikkje dei som har minst får svi mest når utslepp skal kuttast.

Alt anna enn å ta kampen mot klima og ulikskap på djupt alvor, vil vera uansvarleg, slår Lysbakken fast. Klimaendri­ngane vil uansett innhenta oss, og det vil treffa vanlege folk knallhardt og brutalt dersom vi ventar til andre land panikk-kuttar utsleppa sine.

Svara

SV mobilisere­r. Ein sterk stat skal bruka musklane til å tryggja arbeid, velferd og framtid for folk flest. Ei omfordelin­g av skatt og tilgangen til ressursar er det som skal til.

Fremst i rekka har dei ein leiar som ikkje kjem til å bomma på ei einaste lissepasni­ng høgresida sender frå seg.

Men dei treng ein del til, for å koma i posisjon. Dei treng at Ap finn ei politisk retning folk kan tru på. Dei treng at Senterpart­iet ikkje framstår som ein motpol i klimapolit­ikken. Og dei treng at mange nok kjenner at SV både har ideologi og truverdige svar for vanlege folk.

Sett frå Rogaland verkar det ikkje heilt overbevisa­nde, når landsmøtet heller vil diskutera jernbane i nord enn ei meir rettferdig løysing på bompengeor­dningane.

Og med eit Ap i ein lite elegant spagat, blir det Senterpart­iet og SV som tar i mot og kan setja ballen i mål. Til veksande jubel, i følgje meiningsmå­lingane.

 ?? OLE BERG-RUSTEN / NTB SCANPIX ?? Audun Lysbakken mobilisere­r til kamp mot ulikskap og utslepp. Omfordelin­g og ein sterk stat er nøkkelen.
OLE BERG-RUSTEN / NTB SCANPIX Audun Lysbakken mobilisere­r til kamp mot ulikskap og utslepp. Omfordelin­g og ein sterk stat er nøkkelen.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway