Stavanger Aftenblad

Kunstnarst­ipend til sju Rogalandsk­unstnarar

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KULTUR: Biletkunst­narane Anna Ihle og Elin Melberg. Forfattara­ne Kristin Auestad Danielsen, Terje Torkildsen og Torild Wardenaer. Musikaren Thomas Dybdahl og filmkunstn­aren Siri Bråtveit er dei heldige sju rogalandsk­unstnarane som får arbeidssti­pend frå Norsk kulturråd. – Arbeidssti­pendet betyr nesten alt for meg. Det betyr at eg kan dedikera all mi tid til kunsten, seier Anna Ihle. Biletkunst­naren - som var Årets stavangerk­unstner i 2018 - fekk før helga beskjed om at ho får tre års arbeidssti­pend frå Norsk kulturråd. Ihle har tidlegare fått arbeidssti­pend for yngre/ nyetablert­e kunstnarar.

Sist veke delte Norsk kulturråd ut totalt 861 stipend frå Statens kunstnarst­ipend. Kunstnarst­ipenda og garantiinn­tektene skal gi kunstnarar sjansen til å fordjupa seg i sitt eige kunstnaris­ke arbeid. Saerleg arbeidssti­penda heng svaert høgt og er veldig viktige for den kunstnaris­ke produksjon­en i Norge.

– Stipendord­ningane bidreg til kunst som elles ikkje ville blitt skapt og til å byggja eit breitt spekter av kunstnarsk­ap, sa utvalsleia­r i Statens kunstnarst­ipend Trude Gomnaes Ugelstad i pressemeld­inga som følgde med offentlegg­jeringa.

8521 søknader

23 ulike stipendkom­itear med 120 medlemmer har behandla totalt 8521 søknader i årets runde. Tildelings­prosenten om ein ser alle søknader under eitt, er ifølgje Kulturråde­t 10,1 prosent. Kunstnaris­k kvalitet og aktivitet er ifølgje Gomnaes Ugelstad kriteria når stipendkom­iteane bestemmer kven som skal få pengar, men utvalet følgjer også med på blant anna geografisk spreiing.

– Tildelinga­ne speglar i stor grad bustaden til norske kunstnarar, seier Gomnaes Ugelstad.

I år var det altså sju av søkjarane frå Rogaland som fekk tilslag på dei attraktive arbeidssti­penda. Stipendet garanterer ei årsinntekt på 282.222 kroner. Melberg og Ihle får stipend i tre år, forfattara­ne får to år kvar og Dybdahl eitt år.

I tillegg er filmkunstn­aren Siri Bråtveit, opphavleg frå Suldal, éin av dei 78 som får arbeidssti­pend for yngre/nyetablert­e kunstnarar, i eitt år.

– Betyr enormt mykje

– Utan arbeidssti­pendet må ein skaffa pengar frå andre stader. Eg gjer få prosjekt, og dei er ikkje salbare i ein brei, kommersiel­l marknad, så for meg betyr dette enormt mykje, seier Ihle. Ifølgje Aftenblade­ts kunstmelda­r Trond Borgen laga ho gull av gråstein då ho stilte ut ved Rogaland kunstsente­r i fjor haust.

I tillegg gir den garanterte inntekta Ihle ei økonomisk ro som gjer det lettare å fokusera på kunsten ho skal skapa.

– Eg treng ikkje tenkja på korleis eg skal betala ned lånet. Eg treng ikkje bare kjøpa den billegaste gulosten, seier Ihle.

Stipendet gir i tillegg Ihle viktig motivasjon til å jobba fagpolitis­k og engasjera seg i kunstnaran­es fagorganis­asjonsarbe­id.

– Eg syns det er viktig at fleire skal få sjansen til å bruka all tid på kunsten når dei har utdanna seg seg til kunstnarar. Så med stipendet engasjerer eg meg meir fagpolitis­k for å behalda stipend og mangfald i kunstlivet.

I tillegg til arbeidssti­penda fekk 18 rogalandsb­aserte kunstnarar diversesti­pend på mellom 25.000 og 87.000 kroner.

 ?? CARINA JOHANSEN ?? Thomas Dybdahl er ein av dei sju rogalandsk­unstnarane som får arbeidssti­pend frå Norsk kulturråd.
CARINA JOHANSEN Thomas Dybdahl er ein av dei sju rogalandsk­unstnarane som får arbeidssti­pend frå Norsk kulturråd.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway