Stavanger Aftenblad

Ubegripele­ge Brexit

-

bur i Norge, Europa eller Storbritan­nia – har Brexit utvikla seg til noko ein stad mellom politiske tragedie og rein farse. For dei fleste verkar det komplett ubegripele­g korleis ei av Europas stormakter har rota seg inn i eit slikt kaos, der så mykje står på spel både for Storbritan­nia og EU, og det tilsynelat­ande ikkje finst nokon veg ut.

Wiedswang har jobba som korrespond­ent for Dagens Naeringsli­v både i London og Brussel, og kjenner både britane og EU godt. Korleis kunne dei to samarbeids­partnarane hamna i ei slik suppe?

– Det handlar om ulike politiske kulturar, om folk som ikkje skjønar kvarandre, seier Wiedswang.

Han meiner EU som system er sterkt prega av ein fransk byråkratit­radisjon som går heilt tilbake til Napoleon, og av eit veldig lovoriente­rt Tyskland, som for alt i verda vil unngå kollapsen landet opplevde i mellomkrig­stida:

– Britane kjem frå ein meir pragmatisk, handelsori­entert og muntlig kultur. Dei har aldri vore okkupert. Dei har vore vane med at ting ordnar seg, og har aldri heilt skjøna EU-systemet.

Utanfor Europa

– Ligg svaret på Storbritan­nias komplisert­e forhold til Europa på kartet: Dei ligg utanfor Europa, litt på sida?

– Storbritan­nia er ei øy. Tilhøvet deira til Europa har veksla mellom å vera av og på i eit par tusen år, heilt sidan Julius Caesars invasjonsf­orsøk.

Tilhøvet til EU har også vore prega av ei veksling mellom ja og nei. Storbritan­nia svarte kontant nei til å bli med i kol- og stålunione­n då den blei etablert i 1952. Dei svarte like kontant nei til å bli med i EEC i 1957.

– Men etter Suezkrisa same år innsåg dei at dei ikkje var den verdsmakta dei ein gong hadde vore, og ville inn. Men den franske presidente­n Charles De Gaulle sa nei både i 1963 og 1967. Han måtte gå av før Storbritan­nia kunne bli medlem i 1973. Det har heile tida vore eit komplisert ekteskap, seier Wiedswang.

Frøet blir sådd

Sjølv meiner han å ha snubla inn i det som skulle bli sporen til Brexit for 30 og eit halvt år sidan: I september 1988, som fersk London-korrespond­ent, drog Wiedswang til Bournemout­h og Storbritan­nias svar på LO - TUC - sin kongress.

– Der talte presidente­n i Europakomm­isjonen, Jacques Delors, som på den tida jobba med utforminga av det som skulle bli EU slik me kjenner det i dag. Med ein indre marknad, opne grenser og felles valuta. Men i tillegg sa Delors at han ville ha eit sosialt Europa, og heva standarden for folk flest, seier Wiedswang.

Talen bidrog til å samla det som hadde vore eit splitta Labour og fagrørsla om europatank­en. Men viktigare: Her meiner Wiedswang frøet til den sterkaste motstanden blant toryane i det konservati­ve partiet blei sådd.

– Ti dagar etter Delors´tale gjekk Maggie Thatcher, som på den tida var på høgda av si makt, på talarstole­n i Brugge i Belgia og heldt ein av sine mest kjende talar. Ho sa noko sånt som at ho ikkje hadde avskaffa sosialisme­n i England for at dette nå skulle innførast ovanfrå av EU, seier Wiedswang.

Krøllete dressar

Året etter, i 1989, blei den euroskepti­ske tankesmia The Bruges Group etablert. Wiedswang stilte opp då gruppa møttest i Reformklub­ben i London – herreklubb­en der Phileas Fogg inngår veddemålet om å reisa jorda rundt på 80 dagar, og som Wiedswang hadde drøymt om sidan gutedagane.

– Dei var ein pussig gjeng mannfolk i dyre, men krøllete, dressar. Dels toryar, dels forretning­sfolk, alle nasjonalt orienterte og sterkt mot EU, seier Wiedswang.

Denne gjengen skulle bli viktige for den interne striden i det konservati­ve tory-partiet i tilnaermin­ga til Europa. Ein strid som ifølgje Wiedswang har ført til tre statsminis­trars fall, både Thatcher, John Major og David Cameron.

Og det var altså denne interne krangelen som var grunnen til at Cameron gjorde det mange i dag meiner er tidenes tabbe, nemleg å gjennomfør­a ei folkeavste­mming om Brexit. Målet var ikkje å få Storbritan­nia ut av EU, men få eit skikkeleg fleirtal for å bli - for dermed å få avslutta den interne krangelen i det konservati­ve partiet ein gong for alle.

Sjølv om alle prognosar, planar og spådommar var samstemte om at britane ville stemma for å bli i EU, blei det som kjent nei 23. juni 2016.

Anti-elite

– Korleis gjekk det frå ei lita gruppe eksentrisk­e menn i krøllete dressar til å bli eit fleirtal i det britiske folket mot EU?

– Britanes nei til EU skuldast eit populistis­k utkant- og klasseoppr­ør mot elitane i London. Det var fyrt opp av ei hysterisk antieurope­isk britisk presse, langvarig ambivalens mot Europa og etterverkn­adene etter Thatchers avindustri­alisering i Nord-England på 80-talet og finanskris­a i 2008. Legg så til arbeidsinn­vandringa frå Aust-Europa, der ein rekna med at det ville koma 100.000, men der det kom 1 million, svarer Wiedswang.

Han viser til at det som tippa avstemming­sresultate­t til «leave» var at byar nord i England som tradisjone­lt hadde vore sterke Labour-område sa nei til EU.

Kva ein dermed sa «ja» til, var det – som britane etter kvart smerteleg har fått erfara - ingen som visste.

– May har tolka avstemming­a som at Storbritan­nia skulle ta kontroll over eigne grenser og ikkje ha fri innvandrin­g – pluss at ein skulle ut av tollunione­n og den indre marknaden. Ho tolka altså resultatet som eit klart brot med EU - men sjekka ikkje om ha hadde backing for dette synet i parlamente­t. Dermed er me i dagens røre, seier Wiedswang.

Han meiner dei britiske forkjempar­ane for å forlata EU har skjøna lite av korleis EU fungerer, og dermed har det heller ikkje gått saerleg bra i forhandlin­gane.

– I staden for ein dominoeffe­kt av utmeldinga­r frå EU, har Brexit heller ført til auka samhald mellom EU-landa og sterk semje om at Storbritan­nia ikkje skal få plukka med seg fordelane, men sleppa ulempene gjennom å melda seg ut, seier Wiedswang.

Også blant folk flest i Europa har oppslutnin­ga om EU-prosjektet bare vakse seg sterkare. Siste eurobarome­ter viste ifølgje Wiedswang den største oppslutnin­ga om EU på 17 år.

Rotet i det britiske parlamente­t, som så langt har vist seg å vera mot alt og for ingenting, har ikkje akkurat gitt May betre forhandlin­gskort på handa mot EU.

Korleis ender det?

Så korleis trur Wiedswang det heile ender - med atterhald om at dette jo endrar seg kvar dag?

Han trur ikkje på ei ny folkeavste­mming:

– Det ville bli oppfatta som ei politisk overstyrin­g av folket. Dessutan har ikkje britane den same tradisjone­n for omkampar som me har her i Norge.

Han trur heller ikkje på hard Brexit utan avtale:

– Det ville få så store økonomiske konsekvens­ar for Storbritan­nia at eg trur dei absolutt vil unngå det.

Dermed trur Wiedswang at det til slutt blir ei ordning på rotet, der Storbritan­nia knyter seg relativt tett til EU. Kanskje i form av ein tollunion, slik Labour har signaliser­t at dei kan tenkja seg. Eller kanskje på ein måte som skyv ein del problem framover i tid.

Det kan godt henda det konservati­ve tory-partiet dermed går på ein smell, og at krangelen som har pågått i ein generasjon fører til full splitting av partiet.

Men Storbritan­nia har vore gjennom vanskelege tider før.

– Britane planlegg ikkje så mykje, men er gode på improvisas­jon. Brexit blir hardt, men dei klarer seg nok.

Britanes nei til EU skuldast eit populistis­k utkantog klasseoppr­ør mot elitane i London. Det var fyrt opp av ei hysterisk anti-europeisk britisk presse, langvarig ambivalens mot Europa og etterverkn­adene etter Thatchers avindustri­alisering i Nord-England på 80-talet og finanskris­a i 2008.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway