Stavanger Aftenblad

Alderdomme­n

-

DRØSET: Alt var likt. Alt var forskjelli­g.

Ansiktet som møtte han i spegelen likna til forvekslin­g det han hadde sett i går. Ingenting å ropa hurra for, men så var det også mange, mange år sidan han gav opp tanken på å møta ein fotomodell når han såg seg sjølv i spegelen.

Var det noko nytt der? Rettare sagt: Noko gammalt? Hadde dei begynnande rynkene rundt augo blitt fleire? Han visste ikkje. Hadde aldri talt dei. Hadde dei blitt djupare? Han ante ikkje. Hadde aldri målt dei.

Han hadde begynt å finna eitt og anna grått hår det siste halvåret, men etter det han kunne sjå hadde det ikkje blitt fleire over natta.

Og i tillegg til fargen, hadde han mesteparte­n av håret sitt ennå.

Var det inni den store forandring­a skulle skje? Han prøvde å kjenna etter - men visste ikkje heilt kva han skulle kjenna etter på. Han hadde aldri heilt skjønt kva det gjekk i når folk snakka om å lytta til kroppens signal. Kva då slags signal? Beina kjendest like ut som i går. Armane likeså. Det murra litt i hovudet og magen, med det hadde mest med det eventyrleg­e måltidet og vinpakka dei hadde feira dagen med kvelden før.

Hadde han blitt ein annan nå? Då han var ung, hadde han alltid sett på folk som kom oppover i åra som utgamle. Farfaren hadde gått med hatt då han var på denne alderen. Faren hadde aldri hatt hatt, men han hugsa han som tydeleg vaksen, med grå og distingver­te tinningar i denne fasen av livet. Korleis såg hans eigne barn på han nå? Som ein fossil frå ei heilt anna tid, pre-internett, pre-ps4, pre-tictoc?

Det rare var at han ikkje kjende seg slik. Skulle han setja eit tal på korleis han følte seg, ville han sagt cirka 27. Høgst 35.

Likevel var han blitt ein annan. Uansett kva han sjølv måtte føla, var han ikkje 27. Eller 35. Neste gong Statistisk sentralbyr­å eller Respons analyse skulle plassera han i eit utval av den norske befolkning­a, skulle han bli del av ein heilt annan kategori. Mann 50–59. Alt var likt. Alt var forskjelli­g.

Var det inni den store forandring­a skulle skje?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway