Stavanger Aftenblad

Ikkje nå igjen, staten!

-

KOMMENTAR: Regjeringa vil påleggja kommunane å halda oversikt over alle einsame blant oss. Eg syns det er litt i overkant. Eg forstår at drivkrafta i ein politikar er å endra samfunnet til det betre. Men av og til tar dei litt for mykje tran.

Folkehelse

Denne gongen er det eldre- og folkehelse­minister Åse Michaelsen (Frp) som var litt tung på tranflaska, då folkehelse­meldinga kom sist veke.

Vi skal vera blant dei tre landa i verda med høgast levealder, og fleire leveår skal levast med god helse, trivsel og mindre sosiale helseforsk­jellar, og vi – det vil seia regjeringa – skal skapa eit samfunn som fremjar helse i heile befolkning­a.

Det er fint. Og svaert, sjølvsagt, det grip inn i alle politiske felt. Ein kan for eksempel meina at regjeringa i fordelings­politikken sin er med på å auka forskjella­ne mellom folk, og dermed på sikt også helseforsk­jellane. Og ein kan meina at når urovekkjan­de mange er utanfor arbeidsliv­et, er det dårleg både for deira eiga helse og for å oppretthal­da nok pengar i velferdspo­tten til andres helse. Det er heller ikkje sikkert at å korta ned på arbeidsavk­laringspen­gane til dei som slit, styrkar folkehelsa. Som sagt, det er svaert.

Oversikten

Men det Åse Michaelsen valde å skriva om oppi alt dette, er regjeringa­s nye strategi mot einsemd.

Regjeringa vil nemleg ha kampanjar som set søkjelyset på meir openheit og bevissthei­t rundt einsemd, og på kva vi som enkeltpers­onar og fellesskap kan gjera. Dei vil samla meir kunnskap om einsemd og kva konsekvens­ar det har for helsa. Og dei vil lovfesta at kommunane skal ha oversikt over omfanget av einsemd blant eigne innbyggjar­ar, kva slags konsekvens­ar det har for folk flest, og for utsette grupper spesielt.

Det er her eg synest Michaelsen, og heile regjeringa, har tatt litt mykje tran.

Pål Mykkeltvei­t i Minerva er også på den linja. Han minner om at vi faktisk er dei minst einsame i Europa. I alle fall ifølgje ei undersøkin­g frå 2015, blant folk i 13 europeiske land. At dei fleste av dei rundt 15 prosenta av oss som seier vi kan kjenna oss einsame, meiner litt einsame. At under 2 prosent av oss tidlegare har oppgitt at vi slit skikkeleg, skikkeleg med å vera einsame. At det ikkje ein gong er ein aukande trend. Sidan dei begynte å måla dette – og det veit eg ikkje når var, eg berre registrere­r at sjølvsagt måler dei dette, dei måler jo alt – har talet vore sånn omtrent stabilt. Mens fleire enn før oppgir å ha minst éin naer, fortruleg venn, og litt fleire av oss kjenner oss fornøgde med livet.

Nødvendig?

Så eg veit ikkje heilt, eg , Michaelsen, om du treng slå til lyd for ein svaer kampanje?

Det kan også vera det er heilt innafor å kjenna seg litt einsam. Det kan vera at måten vi elles lever på, kanskje sjølv har valt å leva på, og stort sett trivst med, av og til også gjer at vi kjenner oss einsame.

Det er bra å passa på at frivillig sektor har nok musklar, i form av midlar eller nettopp av frivillige, til å kunna hjelpa til. Det er viktig at unge som slit, ikkje med einsemd, men med psykiske plager, får hjelp fort og enkelt.

Slike ting.

Men derifrå til å påleggja kommunane ved lov at dei skal ha oversikt over kor mange einsame innbyggjar­ar dei til ei kvar tid har?

Kor går grensene?

Mykkeltvei­t skulle ønska at regjeringa let nokre område av livet vera utan statleg styring. Eg også. At det finst grenser for kor langt inn i livet til folk politikken skal gripa.

Men alle politiske parti ein kunne håpa og trudd ville tenkja omtrent slik, sit faktisk i denne regjeringa.

Den same regjeringa har nyleg fått råd om å kartleggja alle barnehageb­arn, blant anna i kor gode dei er på å kontroller­a eigne kjensler, og gjera det mogleg å dela informasjo­nen med alle instansar som kan trenga den. Denne regjeringa, gjennom Helsedirek­toratet, har fått forslag om eit nytt målesystem for korleis Staten endå betre kan måla livskvalit­eten vår frå vogge til grav, med spørsmål som kor bekymra du har vore siste veka og kor mange venner du har.

Kjem ein berre naert nok innpå livet til folk, kan kva som helst løysast med passande, statlege tiltak.

«Vi lever jo i et samfunn der toleransen for mangfold og annerledes­het har blitt større på mange områder», skriv Michaelsen, – og min første tanke var: «Gjer vi verkeleg det?» Jo, eg veit at vi gjer det, på mange måtar. Det er ikkje lenger rart at kvinner blir ingeniørar og sjefar, og at far hentar i barnehagen. Det er ikkje lenger så umogleg å leva som homofil. Det finst ein anna openheit rundt psykiske lidingar enn det gjorde før. Og ungane våre er vant til å forholda seg til eit heilt anna mangfald av bakgrunnar og kulturar enn generasjon­en før var det. Men likevel, likevel, eg er redd for at definisjon­en av kva som er eit normalt liv, blir smalare og smalare.

Når ein vil sørgja for lovpålagt oversikt over trekk ved enkeltmenn­eske, som einsemd, kan velmeint hjelp bli til ei overspent tru på at Staten kan skapa det perfekte samfunn. Der også sunne, friske reaksjonar, både på livet sjølv og på usunne ordningar i samfunnet, kan bli det som skal fjernast. Ved passande tiltak.

Det er ikkje sikkert det der tener enkeltmenn­esket. Det hadde vore fint om partia på høgresida ennå stilte seg det spørsmålet.

Kjem ein berre naer nok innpå livet til folk, kan kva som helst løysast med passande, statlege tiltak.

 ?? FRANK MAY, NTB SCANPIX ?? «Det kan vera heilt innafor å kjenna seg litt einsam», skriv Solveig G. Sandelson.
FRANK MAY, NTB SCANPIX «Det kan vera heilt innafor å kjenna seg litt einsam», skriv Solveig G. Sandelson.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway