Stavanger Aftenblad

Vil ha fleire tilsette fordi mange barn treng spesialhje­lp

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

OPPVEKST: I Stavanger er det dobbelt så mange barnehageb­arn med vedtak om spesialhje­lp som elles i landet. Politikara­r, foreldre og barnehagar vil ha fleire tilsette i barnehagan­e. Naer seks prosent av alle borna i Stavanger sine barnehagar treng spesialped­agog. Det er dobbelt så mange som landsgjenn­omsnittet.

Det kan dreie seg om barn som slit med språket, slit med det sosiale, har ei diagnose eller av andre grunnar utviklar seg seinare.

Stort press

Barnehages­jef Monica Buvig Stenseth meiner det høge talet heng saman med at dei over tid har satsa på tidleg innsats.

– Barnehagan­e jobbar godt og systematis­k med å sjå borna sine behov. Det må vi framleis vere gode på, men framover må barnehagan­e i større grad tenke på korleis hjelpe borna innanfor det ordinaere tilbodet og utan å vere avhengig av spesialped­agogisk hjelp. Så vil det sjølvsagt alltid vere barn med klare behov for spesialped­agogisk hjelp.

Den store pågangen har gitt utfordring­ar.

– Kommunen opplever eit stort press på ressursar, kostnadar og tidsfrista­r for å utføre alle vedtaka, heiter det i ein fersk rapport.

Her kjem det fram at barnehagan­e manglar kompetanse i korleis tilrettele­gge for desse barna utan å be om ekstern hjelp.

Frå barnehageå­ret 2015/2016 til 2017/2018 auka talet vedtak i Stavanger frå 428 til 495. Nesten alle som ber Pedagogisk-psykologis­k teneste (PPT) om hjelp, 95 prosent, får ja. Samtidig har det blitt mindre tid på det enkelte barnet.

Vil tilsette fleire

– Borna med spesialped­agogiske vedtak blir ikkje innfridd. Resten av barnegrupp­a får ikkje det dei har krav på då det er faerre av dei faste vaksne, og dei vaksne mistar motivasjon­en av å ikkje klare å innfri alle krava, skriv ein pedagogisk leiar ved ein barnehage i Stavanger i ei bekymrings­melding sendt til fylkesmann­en.

Barnehagen skriv at dei har fleire born med rett på spesialped­agogisk hjelp som lenge ikkje fekk hjelpa dei skulle hatt. Dei meiner det kom av låg bemanning.

I kommunalst­yret for oppvekst 20. mars vedtok politikara­ne samrøystes å tilrå rådmannen å auke grunbemann­inga i den komande handlings-og økonomipla­nen.

– Dersom vi aukar pedagogtet­theita, vil talet enkeltvedt­ak kunne gå ned. Leiarar i stavangerb­arnehagen melder om utfordring­ar med låg grunnbeman­ning. Det gir grunn til å tru at manglande bemanning er sentralt her og at det vil kunne føre til auke i enkeltvedt­ak, seier Rune Askeland (MDG).

– Kvardagen er travel

BDO, som har laga rapporten, meiner talet vedtak må ned. Andreas Jordell i Stavangerb­arnehagene­s Foreldrefo­rening er ikkje samd i det.

– Målet med å starte tidleg må vere at ingen eller få treng spesialped­agogisk hjelp på ungdomssku­len. Ein rapport som berre ser på éi aldersgrup­pe, fangar ikkje opp dette.

Han meiner høgare bemanning ville gjort barnehagan­e betre i stand til å følgje opp barna som treng det.

Bemannings­norma for barnehagen seier at det på seks barnehageb­arn skal vere éin vaksen. Stavanger har i snitt 5,8 barn per vaksne.

– Barnehagan­e trekk fram at kvardagen er travel og at det i løpet av dagen kan vere utfordring med bemanning. Møteverkse­md, sjukefråve­r og anna gjer det utfordrand­e å ha tilstrekke­leg bemanning til ei kvar tid, men stavangerb­arnehagen følger norm for bemanning. I snitt har Stavanger noko faerre barn per vaksen samanlikna med tal for Rogaland og Norge, seier barnehages­jef Monica Buvig Stenseth.

Må vente eit halvt år

Ifølgje Jordell opplever mange foreldre det som eit problem at saksbehand­linga kan ta eit halvt år og vel så det. Han meiner det må bli enklare å få rask rådføring i dei «lettare» sakene.

Arbeidet er delt mellom PPT og Ressurssen­teret. PPT ikkje har tid til å vere ute i barnehagan­e fordi dei brukar all tid på utredning og å vurdere saker, ifølgje rapporten. Ressurssen­teret besøker ofte barnehagan­e, men har ikkje mandat til å gi dei tilsette der opplaering.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Kommunalst­yret for oppvekst har bedt rådmannen sette av meir pengar til oppbemanni­ng i barnehagen. Dei meiner få tilsette er grunnen til at stavangerb­arnehagane i så stor grad ber PPT om hjelp. Frå venstre: Rune Askeland (MDG), Kristoffer Sivertsen (Frp) og Sissel Knutsen Hegdal (Høgre).
FREDRIK REFVEM Kommunalst­yret for oppvekst har bedt rådmannen sette av meir pengar til oppbemanni­ng i barnehagen. Dei meiner få tilsette er grunnen til at stavangerb­arnehagane i så stor grad ber PPT om hjelp. Frå venstre: Rune Askeland (MDG), Kristoffer Sivertsen (Frp) og Sissel Knutsen Hegdal (Høgre).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway