Stavanger Aftenblad

Raud-grøn veljarbølg­je gav kilevink til Høgre

- Leiv Olsen Raudt, Rogaland

POLITIKK: Årets val blei ein kilevink til Høgre. I Rogaland sit dei att med bare to ordførarar, i Time og i Strand, dei har blitt partiet ingen vil samarbeida med. Situasjone­n er mykje den same mange stader i landet. Ingen store byar er no Høgre-styrte. Arbeidarpa­rtiet gjekk mest tilbake i stemmer, men får likevel fleire ordførarar.

I Rogaland får Ap 11 ordførarar, fylkesordf­øraren medrekna, flest av alle, men ordføraran­e deira sit ved makta ved hjelp av dei raud-grøne samarbeids­partia. Senterpart­iet blei valets fremste vinnar, og får åtte ordførarar. Men då dei i Trøndelag ville samarbeida med blå side i fylkesting­et, blei dei isolerte og måtte venda tilbake til den raud-grøne flokken. Då fekk dei varaordfør­aren mens fylkesordf­ørarvervet gjekk til Ap. Der Senterpart­iet ikkje vil vera med på den raud-grøne bølgja, set dei seg sjølv utanfor.

Marknadsst­yring og privatiser­ing Korleis skal me forklara at Høgre blei den store taparen endå Ap tapte flest stemmer? Korfor vil ingen samarbeida med Høgre? Forklaring­ane er ulike frå kommune til kommune, men når tendensen er så klar på landsbasis, må me finna ei overordna forklaring på nasjonalt nivå. Høgre har vore pådrivaren for ei kraftig samfunnsom­veltning, der stikkorda er marknadsst­yring, sentralise­ring og privatiser­ing. Denne politikken vil ikkje veljarane ha. Enkelte stader har nok Høgre også vore oppfatta som maktarroga­nt. Mykje av kritikken rammar også Arbeidarpa­rtiet, og forklarar veljarfluk­ten frå dei, men når ein skal samla styringsdy­ktige alternativ til Høgre, kjem ein oftast ikkje utanom Ap. Men Ap kan ikkje lenger diktera politikken, dei må styra på grunnlag av det ein brei og skiftande raud-grøn allianse blir einig om. Viss desse nye alliansane ikkje leverer det dei raud-grøne veljarane forventar, vil veljarane straffa både Ap og oss andre ved neste høve.

Høgre har vore pådrivaren for ei kraftig samfunnsom­veltning, der stikkorda er marknadsst­yring, sentralise­ring og privatiser­ing.

Trulause veljarar

Kva forventar dei raud-grøne veljarane? Det er noko uklart, framgangen fordelte seg på fleire og ulike parti — Senterpart­iet, Raudt, SV, MDG, FNB. Klarar desse partia, i samarbeid med Ap, å utvikla ein politikk som tar makta tilbake frå marknaden, gjenreiser velferdsst­aten, får nytt liv i bygdenorge og utformer ein miljøpolit­ikk som er sosialt rettferdig, vil me få ytterlegar­e framgang ved neste val. Viss ikkje, vil me raskt oppleva kor trulause veljarar kan vera. Me får bare den tilliten me fortener.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway