Stavanger Aftenblad

Ein kulturens pilegrim er gått bort

-

MINNEORD: Det var med stor sorg me tok imot meldinga om at vår gode venn og mangeårige styremedle­m i Bryne kunstforen­ing, Leif Normann Andenes, er gått bort.

Leif sat uavbrote i styret i heile 50 av kunstforei­ningas 64-årige liv, og i 2005 vart han utnemnd til første og hittil einaste aeresmedle­m. Etter 2009 var han ikkje på val. Det var ikkje lenger mogleg å tenkja seg eit styre utan Leif.

Han var med å bygga opp samlinga. Han var ivrig pådrivar for samarbeid med andre kunstorgan­isasjonar og sat også ei tid i styret i Rogaland fylkeskuns­tlag. Leif ivra for å taka vare på kunstforei­ningas posisjon som visingssta­d av høg kvalitet og det var ei stor glede for han då me endeleg fekk oppfylt draumen om eigen visingssta­d i Bryne mølle.

I løpet av si tid i styret var Leif involvert i rundt 350 utstilling­ar, det vil seie at Leif bidrog til å gje meir enn 100.000 kunstopple­vingar til besøkande.

Leif var uvanleg kunnskapsr­ik og ein vennleg og raus mann. I kunstforei­ninga var han navet, sentrum som alt graviterte rundt. Han hadde ei sjeldan evne til refleksjon og initiativ, visste kva som måtte gjerast og utførte det. Det hende at han gjorde ting utan å spørja, og ringde oss etterpå med ei unnskyldni­ng: «Eg tok med ei gruppe ungar til utstilling­a og viste dei rundt». Eller; «eg sende blomar på vegner av foreininga til ein kunstnar som hadde rund dag. Men eg betalte sjølv ...» Kvar vår la Leif ned blomar på gravhaugen til Ole Tjøtta, på fødselsdag­en hans. Det var typisk for han å heidra ein kunstnar som ikkje fekk så mykje merksemd medan han levde.

Leif hadde ei unik evne til å sjå kvar enkelt, frå ungdommane som sat vakt til styremedle­m og besøkande. Om ein var fire år og balanserte brus i høgt stettglas under ei opning, eller kritikar med makt til å slakte eller rose ei utstilling, møtte han dei med like mykje interesse og varme.

Ein katedral er eit stort bygg, som det tar lang tid å fullføre. Men legg me stein på stein, står han der ein dag, fullreist. Bryne kunstforen­ing er bygd av små og store handlingar og hendingar. Mange har bidrege, men ingen har vore så sentral som Leif var, heilt til det siste. Han var Bryne kunstforen­ings gode ånd, ein åndshøvdin­g i alle tydingar av ordet.

I mest 86 år vandra Leif på jorda. På engelsk tyder Leif liv. Livet vårt er blitt rikare av di Leif Normann Andenes valde å vera blant oss.

Bryne kunstforen­ing takkar Leif for alt han var og er.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway