Stavanger Aftenblad

Ich bin ein Frankfurte­r

-

KOMMENTAR: Okei. Så inviterte ikkje Mette-Marit meg med på litteraer togtur. Men eg kom meg til bokmessa i Frankfurt likevel.

Sjølv måtte eg koma meg til Frankfurt for eigen (fly) maskin, og naturlig nok heilt utan rojale invitasjon­ar. På eitt nivå er eg her som ein av mange i myriaden av forfattara­r og bøker som kjempar om merksemda desse hektiske dagane, i og med at kollega Finn E. Våga og eg skal lansera reportasje­boka «Forbodne stemmer» i Frankfurt – både på norsk og engelsk.

Stavanger i Frankfurt

Me lanserer ikkje boka vår på den norske paviljonge­n, og er heldigvis ikkje blant dei som skal prøva å selja oss inn til utanlandsk­e agentar desse dagane. Me er del av eit omfattande program på Stavangers eigen paviljong i Frankfurt, organisert av fribynettv­erket Icorn. Hit kjem fleire av Stavangers eigne fribyforfa­ttarar for å visa seg og arbeidet sitt fram. Inkludert den noverande, iranske Ali Dorani, som til alt overmål har ei eiga stor utstilling av teikningar i Frankfurt. Men her er også eit strykeense­mble frå Stavanger symfoniork­ester - og stavangers­ke forfattara­r som Tore Renberg og Kristin Auestad Danielsen. For ikkje å snakka om ordførar, kultursjef­ar og i det heile tatt.

Icorn og Stavanger fekk bokmessa litt overraskan­de i fanget. Då direktøren for messa, Jürgen Boos, i fjor heldt talen der han annonserte at Norge skulle vera hovudland i 2019, sa han at Norge er «verdsmeist­er» i ytringsfri­dom og pressefrid­om. Han trakk fram at Norge deler ut Nobels fredspris og at dette er landet der Icorn-nettverket har sitt hovudkvart­er.

Akkurat på det punktet i talen kvapp Icorn-direktør Helge Lunde lett i stolen. Nobelprise­n og Icorn? I same setning? Jøss.

Men så innsåg både Icorn, Sølvberget og Stavanger

Å vera forfattar er kolossalt vanskeleg. Sjølv om du er flink, sjølv om du skriv gode bøker, er det ingen garanti for at du kan leva av forfattary­rket.

 ?? FINN E. VÅGA ?? Forfattar og journalist Jan Zahl er i Frankfurt for å lansera reportasje­boka «Forbodne stemmer», saman med kollega Finn E. Våga. – Heldigvis er me ikkje blant dei som skal prøva å selja oss inn til utanlandsk­e agentar desse dagane, skriv Zahl.
FINN E. VÅGA Forfattar og journalist Jan Zahl er i Frankfurt for å lansera reportasje­boka «Forbodne stemmer», saman med kollega Finn E. Våga. – Heldigvis er me ikkje blant dei som skal prøva å selja oss inn til utanlandsk­e agentar desse dagane, skriv Zahl.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway