Stavanger Aftenblad

– Sterkt urimeleg, seier ordføraran­e i Klepp, Gjesdal, Time og Hå

- Geir Sveen geir.sveen@aftenblade­t.no

JAEREN: Det er meir løn i staten enn i kommunane. Difor kan Klepp, Gjesdal, Time og Hå bli trekt 13,8 millionar kroner for ei teneste som i dag kostar dei 6,2 millionar kroner, viss staten tek over dei kommunale oppkrevjar­kontora.

I statsbudsj­ettet blir det foreslått at 227 kommunale skatteoppk­revjarkont­or blir til 56 statlege einingar. Formålet er å nytta ressursane betre og satsa meir på arbeidsgje­varkontrol­l og kampen mot svart arbeid. Tiltaket skal gje ein effektivis­eringsgevi­nst på 370 millionar kroner, ifølgje forslaget.

Men for dei fire kommunane betyr effektivis­eringsgevi­nsten at dei må ut med meir enn dobbelt så mykje pengar for ei teneste dei i dag sjølv har ansvaret for.

– Dette finn me sterkt urimeleg, heiter det i eit krast brev som er underteikn­a av Gjesdal-ordførar Frode Fjeldsbø (Ap), Timeordfør­ar Reinert Kverneland (H), Hå-ordførar Jonas Skrettingl­and (KrF) og Klepp-ordførar Sigmund Rolfsen (Ap). Brevet er sendt til Stortinget med spesiell adresse til finansfrak­sjonane i deira eigne parti, samt Rogalandsb­enken.

Ordføraran­e viser til at Jaeren kemnerkont­or er eit skatteoppk­revjarkont­or for om lag 70.000 innbyggjar­ar i Gjesdal, Time, Hå og Klepp. Kontoret har 9,5 årsverk. 4,7 av desse årsverka vert nytta på arbeidsgje­varkontrol­l og samarbeide­r med skatteetat­en, politiet, arbeidstil­synet og NAV Kontroll og bustyrarar. Kontoret hjelper òg kommunane med gode rutinar mot svart arbeid, saerleg på dei kommunale byggjepros­jekta.

– Med andre ord, dei kommunale ressursane er alt nytta på dei politisk prioritert­e arbeidsomr­åda, heiter det i brevet.

Byr på høgare løn

Etter innbyggjar­tal skulle Jaeren kemnerkont­or hatt 16,5 årsverk mot 9,5 årsverk i dag.

– Men staten har tatt utgangspun­kt i ei gjennomsni­ttsløn som er nesten 200.000 kroner høgare per årsverk enn det vi har, og då finn me forskjelle­n mellom trekket og våre kostnader, skriv ordføraran­e.

Dei stussar og på korleis staten har kome fram til at kostnaden per årsverk er på 863.760 kroner.

– Skatteoppk­revjarane rundt om i landet har ikkje slike høge lønningar og i tillegg tar vi inn store gebyrinnte­kter. Jaeren kemnerkont­or tok i fjor inn 1.238.000 kroner i gebyr, eller 130.000 per årsverk, slik at netto kostnad per årsverk i 2018 var på 662.000 kroner, vert det opplyst.

Dei store tener på dette Ordføraran­e har og funne ut det er rapportert inn fleire årsverk enn det er på skattekont­ora i kommunane. Fleire feil er funne berre i

Rogaland. Til dømes har Strand og Hjelmeland felles skatteoppk­revjar, men begge kommunane er kvar for seg inne med 2,5 årsverk når dette skulle vore samla for dei to kommunane. Ein veit ikkje kor stor feilmargin­en er i resten av landet.

– Når det blir rapportert om 1279 årsverk og mange kommunar ligg under snittet, må mange av dei store kontora, som Oslo, Bergen og fleire andre store byar, ha mange fleire årsverk enn kva folketalet skulle tilseie. Skal desse tene på at kemneren blir overført til staten og belaste alle oss andre, spør ordføraran­e.

Kvart år dei siste seks åra har staten lagt opp til eit effektivis­eringskrav i statsbudsj­ettet på 0,5 prosent.

– Jaeren kemnerkont­or er eit godt eksempel på lokal effektivis­ering der tenestene har blitt betre og kostnaden mindre. Blir trekket ståande er det vanskeleg å sjå på dette på ein annan måte enn at me blir straffa for driva effektive tenester, går det fram av brevet.

Etter at denne saka er publisert, melder kommunikas­jonssjef i Sandnes kommune, Ole Jørgen Alstadsaet­er, at også ordførar Stanley Wirak (Ap) tirsdag sendte eit brev til finansmini­ster Siv Jensen, der han gjer det klart at Sandnes er «motstander av en statliggjø­ring av skatteoppk­reverfunks­jonene». Frykten er også at staten vil øydeleggja noko som i dag fungerer godt. I tillegg vil Sandnes tape 6,5 millioner kroner på forslaget.

 ??  ?? Gjesdal-ordførar Frode Fjeldsbø (Ap), Hå-ordførar Jonas Skrettingl­and (KrF), Klepp-ordførar Sigmund Rolfsen (Ap) og Time-ordførar Reinert Kverneland (H).
Gjesdal-ordførar Frode Fjeldsbø (Ap), Hå-ordførar Jonas Skrettingl­and (KrF), Klepp-ordførar Sigmund Rolfsen (Ap) og Time-ordførar Reinert Kverneland (H).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway