Stavanger Aftenblad

Kvifor er norsk frukt namnlaus?

- Jostein Ims Hommersåk

MERKING: «Røde, gule og grøne eple» gir ingen opplysing om smak og aroma. Dette er dårleg produktinf­ormasjon.

I dag opplever me stendig sterkare krav om dokumentas­jon om opphavet til varer som blir omsett. Ja, kjøtet til dømes me kjøper i butikkane skal helst kunna sporast attende til bruket der dyret er ala opp.

Ei butikkjede reklamerar såleis med «klosterlam». Dei fleste rogalendin­gane vil då lett oppfatta at lammet er ala opp på garden ved Utstein kloster.

Kvifor blir då ei tilsvarand­e opplysings­plikt for frukt (og då serleg norsk frukt) ignorert i så stor grad som det blir i butikkane landet rundt?

Ikkje det same for meg

Ved annonserin­ga butikkane driv heiter det til dømes for eple i hovudsak berre «røde, gule, grøne eple». I beste fall er det merka «norske – røde, gule, grøne eple». Kvifor skal ikkje kunden få vita kva sort eple det er snakk om? Det er ikkje det same for meg (og truleg for dei fleste kundane) om det er Summerred-eple, Aroma-eple eller Gravenstei­ns-eple?.

Smak og aroma er verkeleg ulik mellom dei tre sortane. Skal då ikkje kunden eingong få vita namnet på sorten for å skilja eplesortan­e frå kvarandre ? «Røde, gule og grøne eple» gir ingen opplysing om smak og aroma. Dette er dårleg produktinf­ormasjon.

Normalt kjøper eg Conference-paere frå Holland, for eg veit den paera er saftrik og god. I år gjekk eg til innkjøp av ein lysare (og ikkje namngitt) type paere. Heldigvis kjøpte eg berre nokre få paerer. Paera var kort sagt ikkje etande. Ho enda difor i søpla. Hadde paera vore namngitt så hadde eg ikkje kjøpt den sorten igjen.

Heiderlege unntak

I år var det også norsk paere i butikkane. Eg våga ikkje, klok av tidlegare røynsle, å kjøpa då ho ikkje var namngitt. Eg er ikkje interesser­t i «å kjøpa katta i sekken» når eg handlar norsk frukt. Nå er det på tide at butikkane kvittar seg med» den slendriano­g latskapspr­aksisen» dei legg for dagen i annonserin­g og merking av den norske frukta. Heldigvis er det heiderlege unntak mellom butikkane. Coop Mega på Sandnes har mottatt pris for den grundige informasjo­nen og fine måten dei marknadsfø­rer frukta på. Det fortener dei. Ved siste besøk i butikken var i tillegg til namngitt frukt også ei liste med omtale av dei mest kjende norske eplesortan­e sett opp til orienterin­g for kundane.

 ??  ?? «Eg er ikkje interesser­t i «å kjøpa katta i sekken» når eg handlar norsk frukt», skriv Jostein Ims, som tykkjer merkinga er for dårleg.
«Eg er ikkje interesser­t i «å kjøpa katta i sekken» når eg handlar norsk frukt», skriv Jostein Ims, som tykkjer merkinga er for dårleg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway