Stavanger Aftenblad

Sats på stråmannen!

-

KOMMENTAR: Manglar du ekte meiningar å argumenter­a mot for å skåra politiske poeng? Då er det berre å finna på noko meiningsmo­tstandaran­e dine aldri har hevda eller gjort. avskaffa jula. Dei har tvert om mange juleproduk­t, som ein del av vinterkoll­eksjonen. Men Amundsen har altså, via stråmann, gitt inntrykk av at den svenske politiske «korrekthei­ta» nå har kome til Norge.

Ribbeforbo­d?

16. november la Frp ut ein Facebook-post med eit bilete av eit saftig stykke juleribbe og denne teksten:

«Ikke engang julebordet vil overformyn­derne i MDG la folk få ha i fred. Vi mener at folk må kunne spise god og tradisjone­ll julemat uten å føle på et eneste gram av skam. Er du enig? Lik og del!»

Hadde MDG uttalt at folk som vil ha tradisjone­ll julemat skulle føla på skam? Nei. Men Oslo kommune hadde invitert til eit julebord der standardme­nyen var vegansk – i tråd med at kjøtforbru­ket i Oslos kantiner skal halverast. Dei som vil ha tradisjone­ll juletaller­ken, eller kveite, treng berre gi beskjed på førehand, så får dei det.

Ja, og så har du KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad, som stod for førre vekes mest famøse politiske utspel, der han sausa saman Kinas eittbarnsp­olitikk, aktiv dødshjelp og bioetikk. Kva dette hadde med MDGs politikk å gjera? Veldig lite. Men Ropstad klarte, via stråmann, å hamna veldig mykje i media.

Ikkje sant

Alt dette kunne jo ha vore interessan­te politiske debattar. Om norske bedrifter plutseleg avskaffa jula for å vera politisk korrekte. Om eit politisk parti ville forby tradisjone­ll norsk julemat. Om tunge politiske krefter argumenter­te for å nedvurdera menneskeve­rdet og innføra eittbarnsp­olitikk i Norge.

Problemet er at det ikkje er sant.

Det interessan­te spørsmålet er korleis noko som ikkje er sant kan skapa så mykje bruduljar, så mykje merksemd og setja dagsorden i den norske politiske debatten.

Eller. Eigentleg er det ikkje så rart. Saerleg om ein kastar blikket over Atlanteren og til USA, der falske nyheiter, «alternativ­e fakta», konspirasj­onsteoriar, rykte og direkte løgner har blitt Donald Trumps metode.

Då Fred Shapiro ved Yale-universite­tet i USA i desember 2018 skulle kåra årets topp ti-sitat, slik han hadde gjort dei 13 siste åra, hamna Trumps personlege advokat Rudolph Giuliani på topp. I ei utveksling med NBCs Chuck Todd sa Giuliani: «Sanning er ikkje sanning» («Truth isn’t truth»).

– Eg trur kanskje den mest slåande utviklinga i tidsanda er den dramatiske nedgangen i respekt for sanning i politikken. […] Eg meiner det er eit veldig representa­tivt sitat for tida me lever i, sa Shapiro til Washington Post.

Ikkje nytt

Det er ikkje noko nytt at ein bruker stråmenn, rykte og løgner i politikken. Ein treng berre hinta om noko, i ettertid seia at ein spøkte, som då Trump sa at Barack Obama var grunnleggj­ar av IS. Eller ein kan påstå at Obama blei fødd i Kenya, og ikkje på Hawaii.

Poenget er: I den augeblinke­n dei har sagt noko høgt, same om det berre er tull, finst det der ute, i folks minne. Dermed har du lukkast i å skapa eit inntrykk som kan vera svaert vanskeleg å viska ut, sjølv om det er feil.

Eitt av dei mest kjende døma – noko av det første kommunikas­jonsfolk og spinndokto­rar laerer – handlar om USAs 36. president, demokraten Lyndon B. Johnsen. Historia er fortalt av den legendaris­ke gonzo-journalist­en Hunter S. Thompson: Då Johnson sleit i kampanjen for å bli senator i 1948, bad han kampanjele­iaren sin starta ein ryktekampa­nje om at motstandar­en hans – ein grisebonde – likte å ha seg med svina sine.

«Me kan ikkje påstå det. Du veit jo at det ikkje er sant», sa den sjokkerte kampanjesj­efen.

«Sjølvsagt er det ikkje sant! Men få den jaekelen til å nekta for det!» svarte Johnson.

Ifølgje Thompson vann Johnson senatsvale­t med mindre enn 100 stemmers overvekt. Der blei han sitjande til han blei John F. Kennedys visepresid­ent. Så blei han president.

I det same dei har sagt noko høgt, same om det berre er tull, finst det der ute, i folks minne.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway