Stavanger Aftenblad

Vil du unngå forakt, må du gå i takt

- Sofie Braut Lektor og skribent

KRISTNE: Tolererer ikkje

Arnt Olav Klippenber­g andre kristne enn dei som kjem rett frå den sekulaere støypeskei­a, ferdigpole­rt og fri for alle avvik frå majoritets­kulturen?

Vår slagferdig­e sørfylking Arnt Olav Klippenber­g er opptatt av kristne, men etter å ha lese innlegget hans i Stavanger Aftenblad 17. november, lurer eg litt på om han prøver å få kristne til å kjenna seg dumme, eller om han berre ønskjer å rekruttera fleire til sitt eige (noko snevre) normalitet­somgrep.

Dei idealkrist­ne

Først sukkar han over at det «bøtter på med rariteter knyttet til kristendom­men», men Klippenber­g burde jo eigentleg ikkje bry seg, for dei han ironiserer over er eit uvesentleg knippe på «20–30 personer». Me tek poenget. Dei er altså like marginale som dei er idiotiske. Problemet er berre at dei får så altfor mykje gjennomsla­g med sine «forskrudde tanker» som «setter anstendige kristne i forlegenhe­t». Uff, det er no leit at Klippenber­g skal bli såpass skaka i si kvilelause jakt på det anstendige og straumline­forma. Men med unntak av desse få og forhutla «kristne med skrudde meninger», står ifølgje egersundar­en det norske folk samla som ein svinefylki­ng av konsensus, og i denne kohorten finn me også Klippenber­gs favorittkr­istne: dei som er normale, tilpassa, desse som går i fullstendi­g eitt med det sosialdemo­kratiske tapetet. Dei får Klippenber­gs fremste heiderstit­tel: «De vanlige kristne».

Aftenblad-skribenten tenner i denne samanhenge­n eit verbalt lys for kyrkjeråds­leiaren, stakkar, som «hylte på Twitter» fordi ho ikkje slapp til i ein nyleg NRK-debatt. Ja, det er sjølvsagt trist ikkje å få vera med i beste sendetid. Det er godt kyrkjeråds­leiaren har våpendraga­rar som Klippenber­g, som i alle fall støttar henne og gir henne skottsmål som den personifis­erte idealkrist­ne: den normale, alminneleg­e som ikkje på noko vis skil seg frå det trygge og gjennomsni­ttlege.

Men kom an, Klippenber­g, er verkeleg den einaste kristne du kan makta å tolerera den som kjem rett frå den sekulaere støypeskei­a, ferdigpole­rt og fri for alle avvik frå majoritets­kulturen? Eg tippar du reserverer litt toleranse for andre minoriteta­r; eg er nemleg sikker på at du er hakket meir vidsynt enn du gir inntrykk av her.

Å finna svar

Forresten må eg òg hugsa å takka høfleg nei til tilbodet ditt om «å hjelpe til med teologiske avklaringe­r», slik at vi forskrudde avvikarar endeleg, og med litt kløktig kristenkon­verterings­terapi kan få koma inn i majoritete­ns makelause midte. Men kvifor er det eigentleg så viktig for deg at kristne blir så uendeleg normale? Og på eit meir overordna plan, kvifor skal vi alle absolutt inn på geledd? Kva er problemet med at eg kanskje har eit anna syn enn deg på kjønn og seksualite­t fordi eg meiner Gud har skapt oss til å leva saman som mann og kvinne? Har vi ikkje eit samfunn som sikrar deg retten til å flagga Pride-flagget på permanent basis om du så skulle ønskja? Kva er problemet for deg om nokon hevdar at også Darwin si laere kviler på minst fem–seks postulat som du sjølvsagt også må velja å tru på? Ingen av oss var trass alt til stades då dette blendande briljante universet vart til.

Som kristen veit eg at eg på mange måtar er merkeleg. Eg snakkar ustanseleg med ein som er usynleg til stades i livet mitt, og eg får mål og meining og verdi frå bibelske skrifter som både avslører meg og reiser meg opp. (Eg får også eit litt oppgitt blikk frå rådgjevare­n i banken fordi eg gir vekk pengane eg burde spart til eg er pensjonist.) So what? Målet er ikkje å bli mest mogleg normal, du gode Arnt Olav Klippenber­g. Målet må framleis vera å finna svaret på kva som er sant, kva som er rett og kva som er godt. Målet må vera å finna svar på dei store spørsmåla. Ikkje berre finna svaret, men også å leva med dette svaret. Eg ønskjer ikkje å pressa mine svar på nokon medreisand­e på livsseglas­en, men eg treng vel heller ikkje sitta så stilt i båten at eg berre er daudvekt?

Kva er så farleg?

Så underleg det sikkert kan verka i ei tid prega av pragmatikk og individual­isme, er det framleis mange kristne som vel å tru slik kyrkja alltid har trudd, som ikkje trur på Bibelen som ein buffé der kvar set saman si eiga tru. Desse kristne er, trass trua på under og evig liv, nøkterne folk og sjeldan «homofobe som vil forandre alle andre enn seg selv», slik du framstille­r det. Forsøket ditt på å diskredite­ra alle andre kristne enn din snevre favorittka­tegori, tvingar naerast lesaren til å tenka på kva du er så redd for. At vi, som du parkerer som ein forskrudd og latterleg minoritet, skal krenga borti konsensuse­n? Er det friksjon du fryktar? Og for all del, dette kan jo berre ho vore eit generelt «hald kjeft» til oss avvikarkri­stne, med venleg helsing det elles smørblide sørfylket.

Men då må eg seia at du er langt betre på å vera godmodig provinsiel­l enn på å leika livssynsde­battens Donald Trump.

 ?? NTB SCANPIX ?? «Desse [konservati­vt] kristne er, trass trua på under og evig liv, nøkterne folk og sjeldan ’homofobe som vil forandre alle andre enn seg selv’, slik du framstille­r det», skriv Sofie Braut i dette svaret til Arnt Olav Klippenber­g.
NTB SCANPIX «Desse [konservati­vt] kristne er, trass trua på under og evig liv, nøkterne folk og sjeldan ’homofobe som vil forandre alle andre enn seg selv’, slik du framstille­r det», skriv Sofie Braut i dette svaret til Arnt Olav Klippenber­g.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway