Stavanger Aftenblad

Fuglane som liknar på oss

- Tom Hetland

BOK: Sjøfuglane blir faerre. Ein laerd og lyrisk skotsk baron fortel oss kvifor me bør gjera noko med det.

Adam Nicolson:

Sjøfuglens skrik. Omsett av Hege Mehren og Kristin Gjerpe. 464 sider. Gursli Berg forlag.

Dei siste 60 åra har bestanden av sjøfugl blitt redusert med to tredelar på verdsbasis. Situasjone­n er ikkje betre her i landet. På Røst er for eksempel 80 prosent av lundefugla­ne blitt borte sidan slutten av 1970-åra. Overfiske, klimaendri­ngar, forureinin­g og andre endringar i den økologiske balansen har sin pris. Sjøfuglane er på mange måtar eit barometer for tilstanden i hav- og kystmiljøe­t.

Men det finst også andre grunnar til å interesser­a seg for sjøfugl. Dei er dei einaste skapningan­e som kan leva både i lufta, i sjøen og på land. 98 prosent av dei held til i koloniar og har utvikla ganske avanserte samlivsfor­mer. Og dei er sofistiker­te navigatøra­r, som kan tilbakeleg­gja enorme strekninga­r over havet for så, på forunderle­g vis, å finna heim til eige reir.

Briten Adam Nicolson har eit uvanleg godt utgangspun­kt for å skriva om desse fuglane. Som baron av Carnock er han eigar av Shiant-øyane, ein del av Hebridane på nordvestky­sten av Skottland med rike sjøfuglkol­oniar som Nicolson har følgt gjennom mange år.

Liknar menneske

Den prisbelønt­e og kritikarro­ste boka «Sjøfuglens skrik» er eit varselrop. Den slår alarm om kva mennesket er i ferd med å gjera med nokre av dei vakraste og mest interessan­te medskapnin­gane våre, og ein forsvarsta­le for at alle naturens vesen har sin eigenverdi. «Sjøfugler er intelligen­te på andre måter enn oss,» skriv Nicolson, og kallar boka eit manifest for ein ny epoke der det sentrale er «troen på at alle levende vesener har rett til liv, og erkjennels­en av at de har former for forståelse som vi aldri har delt og antakelig aldri kommer til å dele».

Slikt kunne fort blitt til pompøst, romantisk føleri, men Nicolson er langt frå å falla i den grøfta. Han presentere­r oss for elleve artar: havhest, lundefugl, krykkje, måke, lomvi, skarv, havlire, havsule, alke, albatross og den utdøydde geirfuglen. Om kvar fugl får me oppdatert faktakunns­kap så det held, basert på moderne, høgteknolo­giske metodar. Med GPS kan ein kartleggja vandringan­e til fuglane på ein heilt annan måte enn før, med kamera kan ein følgja det sosiale livet deira frå minutt til minutt.

Interessan­t nok har sjøfuglane utvikla trekk som gjer dei meir like oss menneske enn tilfellet er med andre fuglar. Dei blir gamle (albatrosse­n kan bli 70-80 år), dei blir seint kjønnsmodn­e, para held som oftast saman livet ut (oftare enn hos oss!) og dei får relativt få ungar som dei til gjengjeld legg stor innsats i å fø opp. For den som er opptatt av utviklinga av det moderne kjønnsroll­emønsteret, kan det vera artig å kasta eit blikk på sexlivet til lomvien, der kresne hoer har kontrollen, og fuglefjell­a er fulle av «menn som ingen treng».

Historie, dikt og folketru Forfattare­n underslår ikkje at livet som sjøfugl kan vera brutalt, og det er ikkje berre menneska si skuld. I kampen for å overleva tyr fuglane både til søskenmord og kannibalis­me, og rovdyr og rovfugl er sjeldan langt unna. Det er eit liv med høgt stressnivå som sjeldan inviterer til idealiseri­ng for den som studerer det på naert hald.

Likevel, det som gjer «Sjøfuglens skrik» til noko meir enn ei vanleg, god fuglebok er nettopp plassen forfattare­n gir til den mytiske fascinasjo­nen over sjøfuglane, og det tusenår lange samlivet mellom menneske og fugl, på godt og vondt. Stadig vekk utfyller Nicolson den ornitologi­ske vitskapen med historiske tilbakebli­kk, poesi, eventyr og folketru frå ulike kystkultur­ar. Han har eit rikt språk med fullt av friske, moderne bilde, godt overført til norsk av omsetjaran­e Hege Mehren og Kristin Gjerpe. Toppskarve­n har ein «paringspar­at partysleik», lomvien er «designet som et kampfly», lundefugle­ns skrik er som «når en miniatyrmo­torsag starter mykt».

Det vesle forlaget Gursli Berg skal ha stor ros for at også eit norsk publikum får lesa ein naturskrib­ent med kvalitetar utanom det vanlege.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway