Stavanger Aftenblad

Jordnaert frå fylket

-

LEIAR: Fylkeskomm­unen må også kutta. Blant anna kuttar dei i sine eigne reiser.

Då fleirtalsp­artia i Rogaland fylkeskomm­une la fram sitt budsjett, var det tydeleg prega av ei nå-stikk-vifingeren-i-jorda-haldning. Det er tillitvekk­ande.

Gjennomgan­gstonen i bompengeop­prøret var at politikara­ne ikkje forstår folk flest – ikkje eingong har den fjernaste aning om korleis ein vanleg familiekva­rdag ser ut. For fylkeskomm­unen sin del, blei kor billeg dei sjølv parkerte utanfor arbeidspla­ssen sin, og kor ofte fylkesordf­øraren brukte tenestebil, til eksempel på akkurat det, fortent eller ikkje.

At fleirtalsp­artia i fylket legg fram eit budsjett som går veldig konkret og jordnaert til verks i både skule-, klimaog kollektivp­olitikken, er difor rett og slett fornuftig.

For å gjera sitt for å redusera klimautsle­pp, skal dei sjølv reisa mindre, og heilt spesielt reisa mindre med fly. Dei skal også prøva ut ei belønnings­ordning, kjend som KAF, blant sine eigne, for å sjå korleis det verkar. Og når byvekstavt­alen er på plass, skal ein sjå kva fylket bør gjera. Kor trengst det fleire bussruter? Kor trengst heller HentMeg? Kva bør ein gjera med takstane? Og kan ein utvida den populaere HjemJobbHj­em-ordninga til å gjelda fleire kommunar?

Også i fylkeskomm­unen må ein kutta, meir presist 80 millionar neste år. Difor skal dei gå gjennom ordningane dei har for sine eigne tilsette. Mens det varsla kuttet i hurtigbåt-tilbodet i Ryfylke, ikkje blir noko av.

Det andre viktige beinet i fylkespoli­tikken, er dei vidaregåan­de skulane. Rogaland har lenge satsa på å finna arbeidspla­ssar nok til laerlingan­e sine. Fylket er på 3. plass i landet når det gjeld kor mange som gjennomfør­er vidaregåan­de skule, og har som ambisjon å klatra til topps.

Det kan det godt vera hald i, sidan dette lenge har vore ei prioriteri­ng.

Fylket finn også pengar til å behalda sosialrådg­ivarar, som tidleg kan fanga opp dei som slit skikkeleg på vidaregåan­de. Også her er det viktig med stikkafing­eren-i-jorda-politikk. Gi dei ein meiningsfu­ll måte å koma seg gjennom på. Meir praksis tidlegare, og eit på alle måtar tettare samarbeid med naeringsli­vet, er gode stikkord.

Alle elevar i vidaregåan­de opplaering som treng laereplass, må få det. Her er det saerleg kommunane, som store arbeidspla­ssar innan helse og omsorg, som må ta større ansvar.

Regionen vår har ein sterk tradisjon med å la folk finna sine eigne vegar inn i praktisk arbeidsliv. Fylket gjer heilt rett i å setja seg endå betre til rette i førarsetet for at det fortsatt skal gå an.

Alle elevar i vidaregåan­de opplaering som treng laereplass, må få det.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Ap, KrF, Sp, V, og MDG utgjer saman det nye fleirtalet i fylkesting­et.
FREDRIK REFVEM Ap, KrF, Sp, V, og MDG utgjer saman det nye fleirtalet i fylkesting­et.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway