Stavanger Aftenblad

Lagar messe for lokalhisto­rie

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

STAVANGER: Den lokale litteratur­en taper i eit stadig meir sentralsty­rt bokhandlar­system. Til helga arrangerer ein gjeng lokale forfattara­r si eiga messe for lokalhisto­risk litteratur på Sølvberget.

– Det er laga masse bra lokalhisto­risk litteratur dei siste åra. Men bøkene er vanskelege både å selja og å få kjøpt. Derfor samlar me 25 forfattara­r som både har med seg nye og gamle lokalhisto­riske bøker, seier Atle Skarsten.

Laurdag blir det lokalhisto­risk bokmesse i Stavanger. Dette er tredje året messa går av stabelen, men første gong det skjer på Sølvberget.

– Det har vore fleire hundre innom dei to tidlegare åra, seier Skarsten. Han er sjølv lokalhisto­risk forfattar og med i Militaerhi­storisk foreining Rogaland. Foreininga tok initiativ til messa, som blir arrangert i samarbeid med Rogaland Historiela­g, Arbeiderne­s Historiela­g og Sølvberget Kulturhus.

– På messa blir det ein sjanse ikkje berre til å få tak i bøkene, endå til signert. Men ein kan også få seg ein drøs med forfattare­n – noko me syns er vel så kjekt, seier Skarsten.

Blant forfattara­ne som stiller til helga er Asgeir Lode, Gunnar Roalkvam, Erling Jensen, Mari Anne Naesheim Hall, Jan Gjerde, Frode Fanebust, Geir Haarr, John G. Johnsen, Rolf Mong og Tor Inge Vormedal.

Komplisert for lokale bøker Bakgrunnen for messa er ein stadig meir komplisert situasjon for dei som gir ut og dei som er interesser­te i å få tak i lokal litteratur.

– Nå gjekk nettopp nok ein bokhandlar­kjede konkurs. Dei kjedene som finst, er veldig sentralise­rte. Det blir bestemt på sentralt hald i Oslo kva bøker som skal seljast rundt om kring i landet og den lokale fridomen til å ta inn bøker er sterkt avgrensa, seier Skarsten. Han opplever stadig å gå i bokhandlar for å sjå etter interessan­te lokale bøker som kom ut for eit år eller to sidan.

– Men eg finn dei ikkje. Det er berre ny, nasjonal litteratur som blir løfta fram i bokhandlan­e. Då taper den lokale litteratur­en, seier Skarsten.

Unntaket er kjedeuavhe­ngige Vatne bokhandel i Sandnes, som i alle år har spesialise­rt seg på lokal litteratur.

Kortreist litteratur

– Korleis får ein då distribuer­t og selt lokale bøker?

– Ein del av oss gir ut på lokale forlag som Commentum, Jaeren forlag eller Dreyer, som så står for distribusj­onen til bokhandlar­ar. Og så kjøper me forfattara­r bøker frå forlaget til rabatterte prisar – som me så sel når me er rundt og held foredrag.

Men mange gir ut bøkene på eigne forlag.

– Det er fordelar og ulemper med dette. På den eine sida styrer du då alt sjølv. På den andre manglar litt av kvalitetsk­ontrollen eit forlag bidreg med. Og så må du sjølv gå rundt til bokhandlar­ane med lua i handa og bøker i sekken som du prøver å selja inn.

Skarsten meiner det blir gitt ut stadig fleire lokale bøker som både er gode, interessan­te og til dels provoseran­de.

– Me i Militaerhi­storisk foreining kjem til dømes med ei ny bok på torsdag. Bind seks av «Glimt frå okkupasjon­en». Der står det ein del ting som ikkje er skrivne om eller diskuterte tidlegare. – Som kva då?

– Me tek for oss frigjering­a i 1945. Styresmakt­ene framstilte det som om det var fred og full kontroll – men sanninga er at det nesten var anarki i gatene i Stavanger 7. til 9. mai. Butikkane i Nygata blei raserte, vindauga knuste, innhaldet stole. Det var fullstendi­g kaos. Men den offisielle versjonen var at det var stille og roleg.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Militaerhi­storisk forening Rogaland lanserer denne veka sjette bind av verket «Glimt fra okkupasjon­en». Her er Atle Skarsten (til venstre), Odin Leirvåg og Erik Ettrup avbilda då dei gav ut bind tre i 2016.
FREDRIK REFVEM Militaerhi­storisk forening Rogaland lanserer denne veka sjette bind av verket «Glimt fra okkupasjon­en». Her er Atle Skarsten (til venstre), Odin Leirvåg og Erik Ettrup avbilda då dei gav ut bind tre i 2016.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway