Stavanger Aftenblad

Variert årbok frå Jaermuseet

-

BOK: Årets årbok frå Jaermuseet inneheld fleire artiklar med ulike tema. Den har totalt ni artiklar og er hovudsakle­g skriven av tilsette i Jaermuseet.

Sauen, gjetaren og hunden av Målfrid Grimstvedt og Madli Hjermann presentere­r ein del av eit større prosjekt om sauene som er på sommarbeit­e i fjellet. Krigsminne frå Ogna, Brusand og Øvra Bygdå er skrive av Otto Laurits Fuglestad. I Realistisk­e utopiar har arkitektur­historikar Even Smith Wergeland sett på regionalpl­anutviklin­ga for Jaeren, kva det blei noko av og idear som i dag er gløymde.

Fine former og frisk dekor er skrive av Inger Smidt Olsen og Per Inge Bøe, og handlar om lokalprodu­sert keramikk. Minnestad handlar om Knudaheio si historie. Inger Undheim har funne fram nokre flotte bilete av korleis Arne Garborg si skrivestov­e er blitt brukt under og etter diktaren si tid.

Smiene på Motland og Audemotlan­d og Oppdrag: Audemotlan­d er to artiklar om dei gamle smiene på Motland og Audemotlan­d. Målfrid Grimstvedt har sett på det historiske, medan Odd-Geir Rosland har beretta om arbeidet med å restaurera ei slik smie. Hulda Garborgs litteraere skandale er skriven av Ørjan Zazzera Johansen. Her han han sett naerare på kva som utspelte seg på Nationalth­eateret i 1904 og korleis forfattare­n Hulda Gaborg opplevde dette.

Arne Thorvaldse­n og hans bemerkelse­sverdige karriere er namnet på Sondre B. Hvam si beretning om ein norsk jagerflyga­r under den kalde krigen. Åtte-skillingen. Ein numismatis­k godbit er siste artikkel i boka, signert Målfrid Grimstvedt.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway