Stavanger Aftenblad

Når barna får rekninga

-

GJESTEKOMM­ENTAR:

Dei unge sitt klimaopprø­r er legitimt. Kvifor lyttar ikkje styringspa­rtia i norsk politikk?

Det vert ikkje dommedag i Noreg om det vert meir enn to grader varmare klima. Men det vert fleire tørkeperio­dar, som i 2018, og meir ekstremvêr, flaum og ras. Å halde drikkevatn­et vårt reint vert vanskelega­re. Mange stader på jorda vert hardare ramma, derifrå vil det kome klimaflykt­ningar. Alt dette vil gje større kostnader for neste generasjon.

Det kan vere sundt for norsk politikk at generasjon­smotsetnin­gar vert eit tema. Den viktigaste tenkjaren i nyare politisk filosofi, John Rawls (1921–2002), var klår på at vi som lever i dag ber eit ansvar for den neste generasjon­en. Dagens generasjon er forplikta moralsk til å ta like mykje omsyn til framtidige medborgara­r som samtidige, hevda han i sin vidgjetne rettferdst­eori.

Kva er grunnen til at dei partia vi til vanleg reknar som mest ansvarlege, likevel ikkje tar moralsk leiarskap i klimasaka?

Er kunnskapen uklar?

Den opplagde forklaring­skandidate­n kunnskapsm­angel kan ikkje vere den verkelege forklaring­a. For meldingane frå forskarhal­d er klåre. Forskingsv­eteranen Knut H. Alfsen er nedslått over gapet mellom det politikara­ne seier, og det som faktisk blir gjort. Ein leiande klimaforsk­ar som professor Helge Drange (UiB), omtalar Noreg om lag som ein klimaverst­ing i vår politikk-krins. Sidan 1990 har europeiske land som Danmark,

Sverige, Tyskland og Storbritan­nia redusert utsleppa kraftig – med opp mot 50 prosent. I Noreg har utsleppa auka.

Det største forskingss­enteret om klima i Norden er Bjerknesse­nteret, med hovudsete i Bergen, og det er leia av professor Tore Furevik. Han seier at han oppfattar Noreg som ei klimasinke:

– Skal festtalene om et grønt skifte bli til virkelighe­t, må vi få fart på omstilling­en. Da er det jo helt vilt at regjeringe­n legger opp til enda mer leteaktivi­tet for olje- og gassnaerin­gen i nordområde­ne, seier han. (B.T, 13.12.2018).

Furevik var nyleg i Stavanger på eit arrangemen­t i regi av tankesmia Norsk klimastift­else. Her var han nettopp oppteken av at dagens politikk sender ei altfor dyr rekning til den neste generasjon­en.

Kina-og-USA-argumentet

Ei anna forklaring er at det snarare er Kina, India og USA som må slutte med utslepp for å løyse klimaprobl­emet. Dei har jo mykje større utslepp enn oss.

Men om vi ikkje sjølve har orden i eige hus, kan vi heller ikkje krevje at andre har det. EU sikrar ein fornuftig politikk, som vi er tilslutta, med nasjonale tak for utsleppa, og vår nasjonale politikk får ringverkna­der i EU.

Å støtte opp om EU og ordne opp i eige hus, bidrar til globale løysningar. Det motsette undergrev løysingane.

Betydninga av oljenaerin­ga

Den mest sannsynleg­e forklaring­a er dei politiske partia si frykt for veljartap fordi Noreg har så store oljeinntek­ter og så mange som arbeider direkte eller indirekte i oljenaerin­ga. Det gjeld jamvel om fleire analytikar­ar, til liks med treffsikre Thina Saltvedt, hevdar at tapsrisiko­en ved å ikkje påskunde omstilling­a av oljenaerin­ga aukar for kvart år.

Klimasaker har knappast høgste prioritet i norsk topp-politikk. Då Espen Barth Eide i Arbeidarpa­rtiet tenkte høgt om å slutte å subsidiere oljeleitin­g, var responsen i delar av LO naerast hysterisk, inkludert krav om at Barth Eide vart fjerna som klimapolit­isk talsperson.

Men ideen hans verkar innlysande. Vi påskjønnar enno oljeinvest­eringar, men nøler når det gjeld havvindsub­sidiering – og det logiske burde vel vore det motsette.

Unge Høgre vil verne meir av Barentshav­et for oljeleitin­g. Det vart kjapt avvist av moderparti­et.

Tysdag sist veke konstatert­e endå ein FN-rapport at dersom Paris-avtala skal nåast, må utsleppa kuttast massivt, og vi må begynne alt neste år. Den same dagen, i eit slags alternativ­t univers, var vår oljeminist­er på Equinor-konferanse. Kjell-Børge Freiberg si haldning til oljenedtra­pping var: «Det kommer til å vere lenge, lenge, lenge, veldig lenge til.»

Liknar eit narrespel

Den kunnige leiaren i Norges Naturvernf­orbund, Silje Ask Lundberg, hevda oppgitt i ein debatt nyleg at problemet til den norske regjeringa eigentleg er at dei er «så utruleg defensive». Ho brukte transports­ektoren som døme; også i denne sektoren ligg Noreg langt etter våre naboland. For transports­ektoren førebur regjeringa det fleire kallar avlatshand­el – kjøp av klimakvota­r i staden for å få krevje at måla skal innfriast. Som Lundberg peika på, då skjer jo nettopp ikkje den omstilling­a som trengst i transports­ektoren.

Noreg har hatt 11 miljøvernm­inistrar sidan 1990, og ikkje ein einaste av dei har innfridd måla regjeringa­ne deira sette for klimapolit­ikken. Det heile liknar eit narrespel.

Tidene skiftar

Miljøsaka vert viktigare for veljarane. Generasjon­smotsetnad­ane som har vakse seg sterkare i europeisk og amerikansk politikk, gjer seg meir gjeldande også i Noreg.

Bra, ville filosofen John Rawls sagt. Bob Dylan slo fast at når tidene skifter, hamnar du anten på rett eller gal side av historia.

«Then you better start swimmin’, or you’ll sink like a stone.»

Ikkje ein einaste av dei 11 miljøvernm­inistrane sidan 1990 har innfridd måla regjeringa­ne deira sette for klimapolit­ikken. Det heile liknar eit narrespel.

 ?? NTB SCANPIX ?? Dei unge i dag arvar problema dagens klimapolit­ikk fører til – men det verkar ikkje å bety nok for dei som politisk kan gjere noko med det.
NTB SCANPIX Dei unge i dag arvar problema dagens klimapolit­ikk fører til – men det verkar ikkje å bety nok for dei som politisk kan gjere noko med det.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway