Stavanger Aftenblad

1. måndag i advent

-

DRØSET: Så tenner me eitt lys i kveld. Me tenner det for, eh, ja …

Han tente lyset. Eller gjorde han det? Han vende blikket opp mot den store lyspaera som hang og dingla i leidningen frå taket. Det var for så vidt ein lysande spiraltråd der inne. Men ikkje så mykje meir.

Det ville vera å ta kraftig i å hevda at det nå var lys i ytre gangen. Han hadde, gjennom å trykka inn brytaren, på sitt vis sagt «bli lys». Men det blei ikkje lys. Det blei i beste fall ein glød. Eit tussmørke. Ein merkeleg situasjon i mørketida. Ein slags variant av verken lys eller mørker.

Ein mellomting.

Han innsåg jo kva som hadde skjedd.

Dei hadde kome til den tida på året då det på død og liv skulle vera koseleg.

– Må me ha det koseleg i ytre gangen også!? ropte han innover i husets halvmørke.

Det kom ikkje noko svar. Han gjentok spørsmålet, litt høgare.

– Hae? kom det fjernt frå kjøkkenet. Han kunne høyra ein låg dur av radio og kvardagsli­v.

Han løfta vinterjakk­a av knaggen og tok henne på. Prøvde å finna sporet han skulle stikka glidelåsen i. Han var sjanselaus. Jakka var svart, glidelåsen var svart, rommet var nesten svart, han sikta og bomma, sikta og bomma, så ingenting.

– Eg trudde poenget med lyspaerer var at me skulle kunna sjå noko i mørket, ropte han inn til kjøkkenet. Han meinte å høyra henne syngja og nynna der inne. Ho var tydelegvis i godt humør.

Sjølv banna han stille i halvmørket. Gav opp glidelåsen.

Han halvt følte seg fram til skorne. Dei var gode å ha om vinteren, men var utstyrte med nokre ustyrlege innersolar som bølga og bretta seg om han ikkje passa på. Han prøvde å sjå om solane nede i skoa var bretta eller låg fint, men var sjanselaus i det koselege lyset, sjølv når han løfta skoen så tett opp at han hadde nasen nedi.

Plutseleg stod ho i døropninga. – Kva gjer du?

– Eg prøver å finna ut om solen ligg skeivt, men det er ikkje så lett fordi …

– Har du sett at eg har kjøpt ny lyspaere?

– Ja, det var akkurat det eg lurte på, for …

– Er det ikkje koseleg, vel?

Eg trudde poenget med lyspaerer var at me skulle kunna sjå noko i mørket.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway