Stavanger Aftenblad

Kunstgras er ikkje gras

-

IDRETT: Nokre fotballtre­narar framstille­r det som at kunstgrasb­anar er eit «vera eller ikkje vera» for norsk fotball. Men tenk om dei tek feil?

Roald Mjølsnes

golv i idrettshal­l. Fotballspe­larar kan jo ikkje sparka fotball på handballun­derlag, må vite.

Større aktivitet, mon det?

Ein kan sjølvsagt diskutera kunstgrasp­roblematik­ken frå fleire perspektiv. Fotballeia­rar vil sikkert hevda at kunstgrase­t legg forholda til rette for større aktivitet. Mon det. Skal vi tru NFF sin eigen statistikk har talet på aktive fotballspe­larar vore stabilt lenge før plasten tok fotballen. Tal frå 2006-2018 syner ein liten nedgang på gutesida (-3 prosent), men ein gledeleg auke på jentesida (+5 prosent). Strøymer jentene til fotballen fordi dei slepp sorpa på shortsen? Neppe. Derimot har kunstgras den openberre fordelen at det står like grønt og fint i januar som i juli. Flott, då speler me fotball i januar også. Heile året. Jag poden ut! Sludd og 2 minus? Ingen problem, banen er slett som eit ansikt fylt med botox.

Det høyrest kanskje logisk ut at barn blir betre når dei speler fotball heile året. Vel, at noko er logisk betyr som kjent ikkje at det er sant. Kan hende utviklar barna seg like godt av å driva med ein annan idrett i dei mørkaste og kaldaste vintermåna­dane? Om ikkje anna har vel motivasjon­en godt av litt pause? Nokre fotballtre­narar framstille­r det som at kunstgrasb­anar er eit «vera eller ikkje vera» for norsk fotball. Men tenk om dei tek feil? Har dei nokon gong synt statistikk eller forsking som underbygge­r at norske barn er sunnare fordi dei har plastikkba­nar å boltra seg på? Konkurrere­r norske lag betre internasjo­nalt etter at dei fekk kunstgras?

Som far og tidlegare fotballspe­lar blir eg trist når eg tenker på det som har gått tapt. Det som skapte dei sterkaste minna hjå meg frå fotballban­en, får mine barn aldri oppleva: Dei første stega ut på den første grastrenin­ga om våren, yre som kalvar på sommarbeit­e. Saftig gras og mjuk mold som har festa seg mellom knottane og tørka, og som må plukkast laust. Nyklipt bane før første kamp, angen av vår og liv og forventnin­g. Den lukta! Lukta av frisk natur – lukta av ekte fotball. Og så sorpa sjølvsagt; kampane då alt er brunt og blaut og forkynner naturens klare orden: No er det slutt, no har me gitt alt. Vinteren og ein velfortent ferie bankar på døra.

Kunstgrasb­anar – og bingar er noko barna aldri har bede om. Nokon har derimot skapt eit bokstaveli­g tala kunstig behov. Det er ikkje sant at optimal utvikling er avhengig av optimale fasiliteta­r. Idrettshis­toria er full av bevis på det motsette. Der forholda er som ringast, brenn gjerne elden sterkast.

Rikare dimensjona­r

Sjølv sparka eg sikkert meir fotball enn barna mine gjer, sjølv om mitt underlag varierte mellom grus, asfalt, tregolv og gras av varierande kvalitet. Om eg blei like god, får vel framtida vise, men eg fann likevel rikare dimensjona­r i idretten enn perfekte pasningar. Noko viktig er snart heilt borte.

Og nå har eg ikkje plass meir til å skriva om alle skadane som følgjer av det kunstige graset. Skadar som er av ein slik karakter at om me brukte sunn fornuft, så hadde me stengt alle kunstgrasb­anar på flekken og kasta heile driten på havet. Eller…

 ?? SCANPIX ?? «Konkurrere­r norske lag betre internasjo­nalt etter at dei fekk kunstgras?» spør Roald Mjølsnes.
SCANPIX «Konkurrere­r norske lag betre internasjo­nalt etter at dei fekk kunstgras?» spør Roald Mjølsnes.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway