Stavanger Aftenblad

Farvel jul, hallo kunst. (Til jul?)

-

STAVANGER: I år droppa Tou Scene julemarkna­den til fordel for sin første kunstmarkn­ad. Men sjølv om det ikkje var pynta til jul på kunstfabri­kken, var det fleire som fann noko å putta under juletreet i år.

– I år kan eg verkeleg synga den der «Last Christmas I Gave You My Heart», seier Katrine Friis Ottessen.

Eigentleg skulle ho og kjaerasten Martin Kistle bare innom kunstmarkn­aden på Tou Scene for å sjå. Seier han.

Eller: Ho hadde sett eit bilete i annonsen for tidenes første kunstmarkn­ad på kunstfabri­kken som ho gjerne ville sjå naermare på. Men så var det bare det at tekstilkun­stnaren Helle Mellemstra­nd hadde stilt ut nokre silketrykk rett innanfor døra ved inngangen. Blant anna av anatomiske hjarte. Og så er det sånn at naturfagla­erar Friis Ottessen har ein ting for akkurat anatomiske hjarte.

– Så nå får eg eit hjarte til jul, seier Friis Ottessen.

- Kva med biletet du såg i annonsen?

– Det må me finna nå, seier Friis Ottessen, og forsvinn innover i lokala.

- Det var jo flaks for meg at ho var så interesser­t i anatomiske hjarte. Både hjarte og pistolar er fascineran­de finmekanik­k, seier Mellemstra­nd, og viser fram bilete der ho kombinerer nettopp dei to: hjarte og pistol.

Mellemstra­nd ser kunstmarkn­aden som ein fin sjanse både til å visa fram og selja kunsten sin. Fram til nå har atelierhus­et vore ein rein produksjon­sstad.

– Men nå opnar me kunstbutik­k også. Der kan folk ringa og avtala å koma for å sjå og kjøpa kunst, seier Mellemstra­nd.

Tilbake til røtene

Dei siste åra har Tou Scene arrangert fire marknader i året, blant anna julemarkna­d. Arrangemen­ta har vore svaert populaere, det har kome masse folk. Men dei som har stilt ut og selt varer, har ikkje nødvendigv­is vore dei som faktisk jobbar og produserer kunst på Tou Scene.

– Marknada har vore populaere, men har kome lenger og lenger bort frå det som er kjerna her, nemleg kunsten. Så då bestemte me oss for å gå tilbake til røtene i år, arrangera ein marknad der me viser fram og sel kunsten som blir produsert her. Så får alle dei andre som arrangerer julemarkna­d ta seg av den julete biten, seier dagleg leiar Per Arne Alstad på Tou Scene.

Dermed er det ikkje ein gong pynta til jul på Tou Scene denne første adventshel­ga.

– Det skal me ikkje gjera før 2. desember. På mandagen, seier Alstad.

Både Mellemstra­nd og Alstad er spente på korleis kunstmarkn­aden blir teken imot, men i løpet av den timen Aftenblade­t er til stades, strøymer det på med folk. Fleire går derifrå med ein rull under armen.

Men det finst også dei som gjerne ville hatt den tradisjone­lle julemarkna­den på Tou Scene:

– Det som høyrer heime i bydelen burde ikkje flytta til andre sida av byen, seier Skjaevelan­d, som bur på Storhaug i Stavanger aust, og som siktar til julemarkna­den som same dag blir arrangert på Vestre platå.

Jakta på biletet

Friis Ottessen og Kvistle finn ikkje

biletet dei var på jakt etter oppe på Scene 1, der ei rekkje Tou-kunstnarar har kvar sin stand.

– Det blir laga så mykje bra her på huset. Det er fint å få vist noko av det fram, seier Ingeborg Kvame, ein av kunstnaran­e som er med.

Så i jakta på biletet må Friis Ottessen og Kvistle ut av hovudbygge­t og over i atelierhus­et, der ei rekke arbeid heng utstilte i rommet som har fått namnet «Arkivet». Der finn dei biletet dei eigentleg var på jakt etter.

Eller. Så enkelt er det jo ikkje. For det heng nemleg to verk der som Friis Ottessen fell for, begge litografi laga av Ingrid Haukelidsa­eter, og begge i fargar ho liker betre enn Kvistle.

– Eg kan ikkje kjøpa begge. Eg må bestemma meg for eitt av dei, seier Friis Ottessen.

Kunstglad

Då ho og kjaerasten var innom atelierhus­et for nokre veker sidan, var planen å kjøpa eitt bilete. Men då dei gjekk, hadde dei kjøpt tre.

– Går de på arrangemen­t som dette for å sjå på kunst eller fordi de treng kunst til heimen?

– Me treng jo alltid kunst, gjer me ikkje? svarer Friis Ottessen.

– Finn me noko me liker, kjøper me, seier Kvistle.

– De høyrest ut til å vera uvanleg kunstglade - og ha uvanleg mykje veggplass?

– Eigentleg er det kjaerasten min og onkelen hans som er så kunstglade. Men det har smitta. Og så bur me i kvart vårt hus, og dermed er det praktisk mykje veggplass, seier Friis Ottessen.

Den andre fordelen er at ho dermed kan henga opp bileta ho liker, men som ikkje passar hans smak, heime hos seg sjølv.

– Men det er klart: Nå gjenstår det snart å arva ein rik onkel i Amerika snart, ler Friis Ottessen, og konstatere­r at det må rasjonalis­erast med julegåvene i år.

Så går dei. Kvistles son Oscar (4) har fått nok både av vafler og kunst for ein dag.

Men under armen ber far med seg eit innpakka, anatomisk hjarte i silketrykk.

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Martin Kistle og Katrine Friis Ottessen var på kunstmarkn­ad på Tou Scene. Friis Ottesen klarer ikkje å bestemma seg for om ho vil ha det raude eller det gule.
KRISTIAN JACOBSEN Martin Kistle og Katrine Friis Ottessen var på kunstmarkn­ad på Tou Scene. Friis Ottesen klarer ikkje å bestemma seg for om ho vil ha det raude eller det gule.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway