Stavanger Aftenblad

– Kulturkutt­et må gjerast om

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

STAVANGER: Venstres Jan Erik Søndeland hadde ikkje trudd at dei raudgrøne partia skulle starta sitt styre av Stavanger med å gå laus på kulturbuds­jettet. Nå håper han på tverrpolit­isk fleirtal for å gjera om på kutta.

– Dei raude partia har aldri signaliser­t at dei skulle gå laus på kulturen om dei fekk fleirtal i Stavanger, verken i program eller debattar. Det er verkeleg urovekkand­e at dei startar sitt ny styre med dette, seier Søndeland.

Torsdag la det nye raudgrøne fleirtalet i Stavanger fram sitt første budsjett. Der kuttar dei nesten fem millionar i kulturbuds­jettet, samanlikna med kommunedir­ektørens forslag. Verst går det ut over Sølvberget, som få to millionar kroner mindre av dei raudgrøne enn kommunedir­ektøren foreslo. Nest verst går det ut over det frie feltet, som til saman mister nesten ein million kroner i to pottar dei kan søka støtte frå.

– Frode Myrhol i FNB seier på Facebook at dei gjer dette for å få netto driftsresu­ltatet til å bli betre. Men det har knapt noko å seia for driftsresu­ltatet å kutta i kultur. Venstre aukar kulturbuds­jettet i sitt alternativ­e budsjett - utan at det går ut over driftsresu­ltatet, seier Sønderland.

Han meiner det er trist at dei raudgrøne kuttar i kulturbuds­jettet. Og han er ikkje mindre urolig med tanke på framtida.

– Dei grunngir kuttet med dårlige tider. Men kommunedir­ektøren har sagt tydeleg at det ikkje blir betre økonomiske tider for Stavanger framover. Om dei må kutta i kultur nå, kan det bli veldig gale framover, seier Sønderland.

Han meiner Sølvberget er ein av dei viktigaste kulturinst­itusjonane i Stavanger.

– Sølvberget er viktig for store og små, for alle sosiale lag. Dette er ein smeltedige­l. At dei raudgrøne kuttar der, utan forvarsel, er illevarsla­nde.

Kuttet til pottane kunstnaran­e kan søka støtte frå, karakteris­erer Søndeland som «heilt på trynet».

– Har ikkje desse partia site i kulturstyr­et dei siste fire åra? Har dei ikkje fått med seg kva dette går i? Skal Stavanger vera ein kulturby der ein faktisk kan leva og verka som fri kunstnar, må det finnast slike midlar.

I sitt alternativ­e budsjett aukar Venstre ramma til Sølvberget og doblar ramma for kunstnarst­ipenda frå 1,4 til 2,8 millionar kroner.

Nå håper Søndeland på eit kulturpoli­tisk kompromiss, på tvers av partigrens­ene:

– Kulturkutt­a er smålige. Dette er ikkje staden ein sparer dei store pengane, men desse pengane har enormt mykje å seia for dei som jobbar i feltet. Eg håper det kan bli ei endring på dette før budsjettet blir vedteke i desember.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway