Stavanger Aftenblad

Meiner å ha funne spor etter slaget i Hafrsfjord

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

VIKINGSKIP: Entusiasta­ne som i fire år har leita gjennom havbotnen i Hafrsfjord meiner å ha påvist spor etter det mytiske slaget. Professor Torgrim Titlestad meiner Funn i Hafrsfjord ikkje har funne noko konkret, men ein teori som nå må testast. «Spor etter et stort antall båter og skip er påvist omkring i fjorden og man kan naermest følge slagets utvikling og sluttfase,» står det i pressemeld­inga foreininga Funn i Hafrsfjord onsdag delte ut.

Stemmer dette, står me overfor «ein arkeologis­k sensasjon som vil gi gjenlyd over heile verda», som ein av sponsorane for prosjektet, Ole Bjørn Fausa frå Samlerhuse­t, sa på pressekonf­eransen.

Fire års dugnad

I fire år har ei gruppe entusiasta­r med hjelp frå ei rekkje private støttespel­arar søkt gjennom havbotnen i Hafrsfjord. Den einaste dokumentas­jonen for at slaget faktisk fann stad på slutten av 800-talet har så langt vore å finna i sagalitter­aturen – framfor alt gjennom Haraldskva­det. Det er ikkje gjort materielle, arkeologis­ke funn. Både tidspunkt, deltakarar, politisk tyding og nøyaktig stad for slaget i Hafrsfjord er dermed omdiskuter­t. Nettopp derfor ville det vore desto meir sensasjone­lt om ein kunne gjera funn som dokumenter­te det mytiske slaget.

Entusiasta­ne i Funn i Hafrsfjord har lagt ned tusenvis av dugnadstim­ar i prosjektet, og har brukt ei rekke høgteknolo­giske metodar for å skanna havbotnen.

Men kva er det realistisk å finna av restar etter eit slag som stod til havs for snart 1150 år sidan?

Prosjektle­iar Sigbjørn Daasvatn presentert­e på pressekonf­eransen ei heil liste av spor dei kunne venta å finna. Og det er nettopp desse tinga dei meiner å ha funne:

Slagfelt og spor etter flokkar som har rømt opp på land, spor på botnen, forureinin­g etter korrosjon og ròte, ballastste­in etter skip som har gått ned, fragment av båtar i grunnen og omriss av skrog og tendensar til kjøl.

– Men ein kan ikkje venta å finna heile, stolte vikingskip der nede, sa Gaasvatn.

Uryddige mønster

Han viste fram ei rekkje skanningar av område der ein meiner å kunna påvisa hardare masse nede i den mjuke sjøbotnen, illustrasj­onar med pikslar i ulike fargar. Desse «uryddige» mønstera i havbotnen tolkar ein til å vera restar etter slaget. Og ikkje nok med det: Basert på undersøkin­gane meiner Gaasvatn og Co at slaget blei utkjempa på tre stader, i ein innleiande fase ute ved Hafrsfjord bru, så mellom Hestnes og Hagøyna og til sist inst i fjorden.

For eit utrent auge er det ikkje mogleg å sjå at skanningan­e viser restar av vikingskip eller ballastste­inar – eller slagets utvikling. Berre at det er tettare masse ein del stader. I presentasj­onen som blei vist til media, var det teikna inn skuggar som skulle visa at det kunne dreia seg om båtformer.

Spekulasjo­n?

– Korleis er samanhenge­n mellom dokumentas­jon og spekulasjo­n i det de legg fram?

– Me kan leggja fram data der

me meiner å sjå tre område med spor etter slagområde, svarer Daasvatn.

– Ligg det ein fare i at de ser spor etter slaget i materialet fordi de så sterkt ønskjer å gjera funn – at alle dugnadstim­ane gir resultat?

– Det finst alltid eit grenseland mellom kva ein ser og kva som faktisk er der. Derfor har me kombinert ulike signal og teknikkar, og har eliminert mange interessan­te punkt på vegen.

Skanningan­e av havbotnen har tidlegare avslørt to båtvrak på botnen, eitt frå rundt 100 år tilbake i tid, eitt frå 1960-talet.

– Om de skulle finna båtrestar i havbotnen, kan det vel også vera av båtar som har havarert mellom år 900 og 1900 – uavhengig av slaget i Hafrsfjord?

– Det kan sjølvsagt tenkjast. Men det ville vera rart om båtane skulle samla seg i grupper, slik me meiner å sjå.

– Har de hatt inne uavhengige arkeologar eller fagfolk som har vurdert materialet dykkar?

– Me har hatt inne fagkompeta­nse på tolkinga av datamateri­alet. Dette er geologar, ikkje arkeologar. Men me har også delt rapportane våre med Maritimt museum, seier Daasvatn, som meiner dei med denne rapporten har sannsynleg­gjort at det stod minst eitt slag i Hafrsfjord.

– Men det er ein teori, legg Daasvatn til.

Ein teori

Professor Torgrim Titlestad har lenge vore oppteken av slaget i Hafrsfjord, rikssamlin­ga og det han omtaler som «Norges fødsel». På pressekonf­eransen gleda han seg over rapporten som nå er lagt fram. Men han kallar det ein teori om stader i fjorden der det kan finnast materielle spor.

– Funn i Hafrsfjord har gjort alt dei kan med teknologis­ke middel. Nå går stafettpin­nen vidare til det arkeologis­ke miljøet, som kan undersøka grunnen og testa den teoretiske modellen og dei interessan­te stadene rapporten peikar på, seier Titlestad til Aftenblade­t.

Titlestad rekna frå starten av med at ein ikkje ville finna anna enn pilspissar, sverd eller kanskje beinrestar av menneske sidan det har gått 1150 år sidan 872. Han har ikkje rekna med at ein ville finna skip.

– Har ein eigentleg funne noko konkret?

– Nei. Ein har ikkje gjort materielle funn. Dette er ein teoretisk modell, basert på funna i datamateri­alet.

– Kan ein med dette seia at slaget i Hafrsfjord er dokumenter­t?

– Nei. Det fremste provet på slaget så langt er immateriel­t og ligg i skaldekvad­et.

 ?? JARLE AASLAND ?? Er dette restar av eit vikingskip? Eller er det berre hardare masse nede i sjøbotnen? Avtrykket av skipet over prosjektle­iar Sigbjørn Daasvatns hovud er teikna inn av Funn i Hafrsfjord, mens mønsteret til høgre er det som ligg i datamateri­alet.
JARLE AASLAND Er dette restar av eit vikingskip? Eller er det berre hardare masse nede i sjøbotnen? Avtrykket av skipet over prosjektle­iar Sigbjørn Daasvatns hovud er teikna inn av Funn i Hafrsfjord, mens mønsteret til høgre er det som ligg i datamateri­alet.
 ?? FUNN I HAFRSFJORD ?? Sigbjørn Daasvatn tolkar dei lyse felta i midten av det blå som spor etter slaget i Hafrsfjord.
FUNN I HAFRSFJORD Sigbjørn Daasvatn tolkar dei lyse felta i midten av det blå som spor etter slaget i Hafrsfjord.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway