Stavanger Aftenblad

Kva om det var 15 menn og berre éi kvinne?

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KUNSTUTVAL: Kunstnar Kenneth Varpe var den einaste mannlege av 16 kunstkonsu­lentar i Stavanger kommunes kunstutval frå 2015 til 2018. Det har han aldri tenkt på som eit problem. Men kva om kjønnsubal­ansen gjekk motsett veg?

– Eg har ikkje tenkt over at det er eit problem med så få menn involvert i det kommunale kunstutval­et. Det har aldri falt meg inn. Kanskje fordi det alltid er ein politisk representa­sjon av menn i sjølve utvalet, som til slutt bestemmer kven som skal få oppdraget, seier Kenneth Varpe.

Aftenblade­t har gått gjennom årsrapport­ane til Stavanger kommunes kunstutval frå 2015 til 2018, etter kunstuvalm­edlem Bjarne Kvadsheims (Sp) hjartesukk over at få menn er involvert i arbeidet med kunstnaris­k utsmykking i kommunen. Tala viser at 15 av 16 kunstkonsu­lentar i løpet av desse fire åra var kvinner. Noko som blant anna kan forklarast av at 15 av 18 tilgjengel­ege kunstkonsu­lentar i Rogaland er kvinner.

Kvinnedomi­nert miljø

– Kunstmiljø­et her i regionen er veldig kvinnedomi­nert. Eg syns det er eit problem at her er så få menn, seier Ingeborg Kvame, leiar i Bildende kunstneres foreining Rogaland (BKFR).

Hennar lister viser at berre 32 prosent av medlemmene i foreininga er menn. Som også er ein refleksjon av det nasjonale biletet: Kvinner dominerer i kunstutdan­ninga. 72 prosent av norske kunstnarar var i 2013 kvinner.

– På sist møte på Rogaland kunstsente­r møtte nesten berre damer, og berre éin eller to menn. Du ser det same her på Atelierhus­et på Tou. Av dei 31 kunstnaran­e som jobbar her, er det berre 3–4 menn, seier Kvame.

– Spelar kjønn inn i blikket på kunst – slik at kvinnedomi­nansen i kunstutval­ets arbeid har konsekvens­ar for kunsten som blir kjøpt inn?

– Eg har høyrt at menn føretrekkj­er kunst av menn – og at kvinner også ofte gjer det. Den mannlege kunsten har ein tendens til å bli opphøgd over den kvinnelege. Det finst mange fleire kvinneleg kunstnarar, mens menn dominerer marknaden, svarer Kvame.

Ei gladsak?

Tala frå Stavanger kommunes kunstutval viser likevel at ei lita overvekt av kvinnelege kunstnarar har fått utsmykking­soppdraga i kommunen mellom 2015 og 2018, med 15 kvinner mot 11 menn.

– Er dette eigentleg ei gladsak?

– Eg skulle ønska det var jamnare kjønnsford­eling. At fleire menn var involvert i den kommunale kunstutsmy­kkinga.

Sjølv er eg Kvame oppteken av å framheva kvinnelege kunstnarar. Ho seier kunstkonsu­lentane skal presentera eit mangfald, både i kjønn, alder og uttrykk når dei inviterer kunstnarar til konkurrans­e – og trur dette blir vareteke, uavhengig av kva kjønn kunstkonsu­lenten har.

Kvame syns samtidig det er interessan­t at det er så mange kvinner og så få menn i kunstmiljø­et i regionen – og skjønnar ikkje heilt kor det blir av mennene.

– Lokalt i Stavanger har me nå kvinnelege leiarar både på Kunstsente­ret, Kunstmusee­t og i Kunsthalle­n. Dei er også opptekne av å trekkja fram kvinnelege kunstnarar. Men ser du på kunstprogr­ammet til dømes på BGE, er det ein annan balanse. Det er der ein sel kunst for millionar. Det er i dette sjiktet mennene dominerer, seier Kvame.

Gubbevelde­t er borte

Som mannleg kunstnar har Kenneth Varpe merka overvekta av kvinner i det lokale kunstmiljø­et. Han veit ikkje kor mennene blir av.

– Kanskje flyttar fleire av mennene til Oslo? undrar han.

– Er biletkunst­en eit kvinnefelt?

– Det er flest kvinner som studerer kunst, men flest menn som blir kjøpt inn. Det er eit problem, svarer Varpe.

Han har høyrt eldre kunstnarar snakka om at det tidlegare fanst eit gubbevelde i den lokale biletkunst­en, og lurer på når dette snudde.

– Kjønnsbala­nsen er noko å tenkja på. Ein hadde kanskje sett det tydelegare om det var motsett, om det var éi kvinne og 15 menn som hadde vore kunstkonsu­lentar i kommunen. Eller om alle kunstinsti­tusjonane i Stavanger var leia av menn. Eg trur det har noko med optikken ein ser med. Korleis ville den manglande kjønnsbala­nsen blitt sett på om det var menn som dominerte?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway