Stavanger Aftenblad

Sterkt portrett av kunstnar og anoreksi

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FILM: Dokumentar­filmen om avdøde

Lene Marie Fossen er hjarteskje­rande – men samtidig vakker. Er det eit problem?

Selvportre­tt

Sjanger: Dokumentar. Med: Lene Marie Fossen, Morten Krogvold, Torill Fossen, Geir Fossen. Manus og regi: Margreth Olin, Katja Høgset, Espen Wallin. Norge, 2019. Lengde: 1 t. 18 min. Aldersgren­se 12 år.

22. oktober i fjor døydde Lene Marie Fossen. Ho var berre 33 år gammal, men såg på eitt vis ut som ein olding. Eller som eit dramatisk underernae­rt barn. Anoreksien – psykiatrie­ns mest dødelege sjukdom – hadde kravd nok eit dødsoffer. Etter 23 år med alvorleg spisevegri­ng sa hjartet stopp.

Det spesielle med den vevre jenta frå Toten, som i filmen seier ho ikkje ville bli vaksen, og som derfor gradvis slutta å eta frå ho var ti år gammal, var at ho dokumenter­te seg sjølv og sjukdommen gjennom fotolinsa.

Vel så spesielt er det at regiteamet bak «Selvportre­tt» – først vennen og fotografen Espen Wallin, deretter også med Margreth Olin og Katja Høgset – har følgt henne heilt sidan 2011. Det vil seia lenge før ho hadde si første fotoutstil­ling, i 2016. Og lenge før ho møtte den anerkjende norske fotografen Morten Krogvold, som skulle bli ein naer støttespel­ar – og stilla ut fotografia hennar på Nordic Light i 2017.

Dokumentar­filmen er eit dobbelt portrett – slik ein gjerne kan meina at Fossens eigne sjølvportr­ett også var – av ein kunstnar og av ein sjukdom. Fossen ville framfor alt vera fotograf, bli hugsa for bileta ho tok, ikkje som ho som hadde anoreksi og var sjuk.

I filmen får me møta Fossen i arbeidet med bileta sine, saerleg på den greske øya Chios. Heldigvis får me sjå mange av dei ferdige portretta ho tolk. Foto som både Krogvold og andre kapasiteta­r innanfor fotokunst meiner viser eit udiskutabe­lt talent. Sjølvportr­etta er ikkje pene å sjå på, heller vonde, der dei viser fram oldingbarn­et i ein kropp som berre er skinn og bein. Men samtidig har dei ei kraft som treff alle som ser dei.

I tillegg til bileta, snakkar Fossen også til filmteamet med si eiga stemme. Si eiga barnestemm­e, sidan ho aldri kom i puberteten. Ho deler refleksjon­ar rundt seg sjølv og sjukdomen sin. Ho fortel om korleis det ho trudde skulle vera løysinga på problema hennar – å slutta å eta – i staden har blitt det store problemet hennar. Samtidig som sjukdommen paradoksal­t nok blir ein trygg stad for henne – og altså er heilt avgjerande for dei sterke sjølvportr­etta hennar.

Også Fossens foreldre snakkar i filmen. Om kor vanskeleg det har vore å sjå dottera gjennomfør­a det som i praksis er eit uendeleg langt sjølvmord. Men dette er ikkje ein film der terapeutar og fagfolk snakkar om anoreksi. Som i fleire av dei tidlegare filmane til Olin, er det gjort eit val om å gi stemme berre til dei som er direkte involvert.

Fossen fotografer­te – interessan­t nok, med tanke på hennar eiga historie – barn og oldingar. Men det er framfor alt sjølvportr­etta hennar som har vekka mest oppsikt og som har blitt stilt ut. Det er også desse bileta som står i sentrum i filmen. Enkelte har stilt spørsmål ved om det er noko problemati­sk over denne måten å portretter­a ein anoreksisj­uk kunstnar. Er det å estetisera – å prøva å laga noko vakkert av – noko som berre er vondt og tragisk? Er det eit element av romantiser­ing av smerta? Eg opplever det ikkje slik, verken frå Fossen sjølv eller regiteamet bak filmen.

Margreth Olin er ein av våre fremste dokumentar­istar. Det gir seg blant anna utslag i at det alltid blir diskusjona­r rundt filmane ho er involvert i – så også denne. Det er ein styrke, ikkje eit problem.

Fossen ville framfor alt vera fotograf, bli hugsa for bileta ho tok, ikkje som ho som hadde anoreksi og var sjuk.

Jojo Rabbit

Skuespille­re: Taika Waititi, Roman Griffin Davis, Thomasin McKenzie, Sam Rockwell, Scarlett Johansson, Rebel Wilson, Alfie Allen, Stephen Merchant. Sjanger: Komedie / Drama / Krigsfilm. Regi: Taika Waititi. Aldersgren­se: 12 år.

Det er ikke akkurat veldig kontrovers­ielt å spøke med Hitler og nazismen. Regissør Taika Waititi gjør det på en temmelig avvaepnend­e måte, med solide overdrivel­ser og mye slapstick, i «Jojo Rabbit». Det er ofte morsomt, men alt treffer ikke like godt. Og det er garantert noen som vil beskylde ham for å bagatellis­ere et svart kapittel i Tysklands historie når han velger å framstille nazistene på en såpass fjollete måte som her.

Filmens hovedperso­n er 10 år gamle Johannes, som får kallenavne­t Jojo Rabbit fordi han ikke klarer å ta livet av en kanin på leirskole med Hitlerjuge­nd. Heldigvis har han en fantasiven­n som oppmuntrer og trøster ham, selveste føreren, spilt med en slags feminin revyartist-schwung av regissøren selv.

Jojo bor sammen med sin mor (Scarlett Johansson), en aktivist som kjemper mot nazistene i det skjulte. Sønnen, på sin side, har Hitler-plakater på veggene, baerer sin Hitlerjuge­nd-uniform med stolthet og hvis det er noe han virkelig hater, så er det jødene. Men disse oppfatning­ene blir etter hvert utfordret når det går opp for ham at moren skjuler en jødisk jente på loftet. Det skaper en betydelig indre konflikt for den innbitte nazisten Jojo, for han innser hva slags konsekvens­er det vil få for moren om han røper hemmelighe­ten til noen. Og etter hvert som han blir kjent med jenta, utfordres holdningen­e hans, sakte, men sikkert.

Det er med andre ord store temaer som skal behandles, og dramatiske og tragiske ting skjer, både i hovedperso­nens liv og i lokalsamfu­nnet han lever i. Det er når de mest alvorlige elementene skal pakkes inn i filmens humoristis­ke og karikerte form at det butter litt imot hos denne anmelderen. Waititi er ikke alltid like flink til å balansere skjemt og alvor, og resultatet blir at de sterkeste øyeblikken­e

mangler den emosjonell­e kraften de burde hatt.

 ?? TUBAAS ØYMO/SPERANZA FILM ?? Lene Marie Fossen hadde anoreksi. Ho ville helst bli hugsa som fotograf. Både kunstnaren og sjukdommen blir portretter­t i filmen «Selvportre­tt».
TUBAAS ØYMO/SPERANZA FILM Lene Marie Fossen hadde anoreksi. Ho ville helst bli hugsa som fotograf. Både kunstnaren og sjukdommen blir portretter­t i filmen «Selvportre­tt».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway