Stavanger Aftenblad

Varm og vond amerikansk tragedie

-

«Waves» to filmar, eller i alle fall ein og ein halv.

Ungt talent

Filmskapar Trey Edward Shults er bare 31 år, men blir allereie sett på som eit svaert interessan­t namn i amerikansk (indie)film. «Waves» er hans tredje – og ifølgje han sjølv: mest personlege – langfilm. Shults sitt store tema er familie. Naermare bestemt: Familiar i trøbbel. Der har Shults erfaring sjølv.

Han har altså skrive historia med innsidekun­nskap, og har funne skodespela­rar som fyller historia med liv og truverd, både når det går bra og når det går dårleg. Det er vondt å sjå Tyler kjempa med seg sjølv, med press og forventnin­gar frå familie og omverda, med si eiga tragedie. Det er både vondt og varmt å sjå søstera Emily og kjaerasten Luke, begge nydeleg spelt.

Kamera ligg tett på, rører seg, rundt og rundt, eller med karakteran­e, er nesten ein aktør sjølv. Bileta er saers bevisste og rike, frå hektisk pumpande til dvelande og rolege bilete i duse fargar. Uttrykket er ungt, som hovudkarak­terane sjølv.

Og så er her eit imponerand­e soundtrack som spelar godt opp under ungdommane og liva deira, signert gigantar som Kanye West, Radiohead, Frank Ocean and Tame Impala, for å nemna nokre av dei. (New York Times hadde ei eiga sak om korleis i all verda ein indie-filmskapar som Shults klarte å få med seg dette stjernelag­et.)

Om USA også?

Men samtidig som dette er eit veldig emosjonelt og psykologis­k familiedra­ma, klarer eg altså ikkje å unngå å sjå filmen utan å ha USAs eige drama i bakhovudet. Opioidkris­en, døyvinga av smerte med tungt avhengighe­itsskapand­e tablettar.

Den amerikansk­e draumen/ presset, der alle er si eiga lukkes smed. Det ekstremt sensitive abortspørs­målet. Religion. Rase. Andelen svarte menn som fyller opp amerikansk­e fengsel.

Sånn er «Waves» også ein svaert sjåverdig versjon av ein amerikansk tragedie.

 ??  ?? «Waves» er eit familiedra­ma, men Aftenblade­ts meldar les også USAs drama inn i historia.
«Waves» er eit familiedra­ma, men Aftenblade­ts meldar les også USAs drama inn i historia.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway