Stavanger Aftenblad

Sentrum mot periferi – og auga som ser

-

GJESTEKOMM­ENTAR: Så dette er Frogner på beste vestkant i Oslo, tenkte eg.

Vålerenga. Seinare har eg prioritert toget til Son, og Storting og regjering har kravd sitt. Men eg har høyrt mykje om Frogner.

Skildringa mi av Frogner kan ein enkelt lage om kvar einaste plass – Jevnaker, Son, Naustdal, Bryne eller Ålgård. Byfolk som gjer narr av små plassar går aldri lei. Eg kjem frå Naustdal, no slått saman med Førde, Jølster og Gaular til den store Sunnfjord kommune. Det bur, ifølge statistikk­en, 2782 sjeler i bygda, om lag det same som for 30 år sidan. Nokon vil sikkert meine at det er utruleg morosamt at kyrkja er det einaste staselege bygget, at campingpla­ssen er relativt sliten og at det går ein og annan gjennom sentrum med rullator. Eller, ein kan vektlegge naerleiken til vakker natur og ei god lakseelv. Og kyrkja er flott! Det nye kommunesen­teret Førde vart kåra til Norges styggaste by ein gong på 1990-talet, noko mange hugsar. Men Førde har også ein magisk folkemusik­kfestival, Norges beste volleyball­ag og er omgitt av flotte fjell.

Motsette bilete av Jevnaker

Dei to Dagens Naeringsli­v-journalist­ane som reiste heile vegen frå Oslo til Jevnaker på Hadeland i slutten av januar, hadde ledd seg i hel av Sunnfjord. Dei drog til Jevnaker etter at The New York Times kåra staden til eit av verdas beste reisemål i 2020. Bakgrunnen for det var naturlegvi­s galleriet The Twist – ei 60 meter lang, tvinna «bru» over Randselva, av mange vurdert som ein arkitekton­isk sensasjon, teikna av Bjarke Ingels Group.

Men på lista er berre stadnamnet Jevnaker, og det fekk Dagens Naeringsli­v til å rykke ut. Dette resulterte i åtte flaue sider om kor utruleg kjedeleg, lattervekk­jande, teit og dumt alt er på Jevnaker. To kinarestau­rantar, ei aude hovudgate, to gamlingar med rullator, Kiwi-butikk og eit thai-gatekjøkke­n. Dermed er jo alt sagt.

Og det var dette eg kom til å tenke på ein dag eg stod og såg ut av vindauga på sentrumsna­ere Frogner: Det såg brått så grått og kjedeleg ut. Men eg kunne ha peika på dei breie alleane med kastanjetr­e, dei eksklusive butikkane, Nasjonalbi­blioteket eller dei fine restaurant­ane.

Auga som ser, dei er viktige for kva som blir sett.

Ein alvorleg konflikt i vår tid

Denne saka blir fort gløymt. Men ho minner om eit alvorleg bakteppe av konflikten sentrum–periferi; – ei gammal konfliktli­nje i norsk politikk.

I 1933 stilte Arbeidarpa­rtiet til val med slagordet «By og land, hand i hand». Mange har mora seg og skrive dette om til «By og land, mann mot mann». No snart 90 år seinare, tydar mykje på at det siste blir meir og meir dekkjande.

Her i Noreg har vi fått nyord som «bunadsgeri­lja», «distriktsp­sykopat» og «elitehat». Tonen i debattane om sentralise­ring verkar også bitrare og meir uforsonleg­e enn før. Ikkje berre i Noreg: I internasjo­nalt perspektiv er sentrum– periferi ei av vår tids sterkaste konfliktli­njer. Folkerøyst­inga om brexit i Storbritan­nia viste ein klår aldersdime­nsjon. Unge var for å bli, dei eldre ville ut av EU. Men det var også tydeleg at stemmegivi­nga delte seg i by mot land. Folk i byane ville bli, dei på landet ville ut.

«Dei gule vestane» i Frankrike rommar fleire variantar av protest, men ein viktig frustrasjo­n er høge drivstoffp­risar – som rammar dei som bur i distrikta meir.

Nedsnakkin­ga av byen er ikkje ukjend her i Noreg. Det finst dei som meiner at det verkelege livet ikkje kan levast i byane, men berre på bygda eller ved kysten. Og det motsette finst, meir og meir vokalt, – nedrakking av det traurige bygdelivet.

Auga som ser. Om vi bruker dei rett, kan dei på sitt beste sjå nyansar. Og fleire sider av same sak.

Twitter: @bardvegar

Det såg brått så grått og kjedeleg ut. Men eg kunne ha peika på breie allear, eksklusive butikkar, Nasjonalbi­blioteket eller fine restaurant­ar.

 ?? FREDRIK HAGEN ?? Vi har høyrt mykje om kor fint det er på Frogner i Oslo, men avislesara­r i New York kjenner betre til Jevnaker – og det storslagne The Twist ved Kistefos-museet som svevar over Randselva.
FREDRIK HAGEN Vi har høyrt mykje om kor fint det er på Frogner i Oslo, men avislesara­r i New York kjenner betre til Jevnaker – og det storslagne The Twist ved Kistefos-museet som svevar over Randselva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway