Stavanger Aftenblad

- Eg liker det andre synes er keisamt

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

FORUS: – Om nokon spør «ser eg feit ut i denne kjolen?», vil eg svare «nei, det er fettet som gjer at du ser feit ut», seier Sander Mosnes Sandvik. Han har ei diagnose som gjer det sosiale samspelet vanskeleg.

Mosnes Sandvik har syndromet Asperger. På Forus har teknologis­elskapet Tieto Evry tilsett sju personar med diagnosen. To nye er på veg inn døra.

Asperger-syndromet er ein mild form for autisme, ofte kjenneteik­na av monotone interesser, repeterand­e atferd og problemer med det sosiale samspelet.

– Eg liker det andre synes er keisamt, når arbeidet er repetisjon og heilt konkret. Å sende 50 epostar til forskjelle­ge personar om endringar i abonnement­et deira, for eksempel, seier Mosnes Sandvik.

Tilfeldig

Det starta heilt tilfeldig med Kristoffer Tunheim Høie.

– I 2013 ringte ein laerar frå Gand vgs og sa at han som skulle på laerlingin­tervju kom til å underselge seg sjølv. Vi møtte Kristoffer og bestemte oss for å ta han inn. Det gjekk ikkje lang tid før vi såg det trengtes justeringa­r i arbeidsopp­gåvene. Men fy søren, det funka! Den effektivit­eten! Vi sat berre og gapte, seier Henning Starholm Steen, laerling-og inkluderin­gsansvarle­g i bedrifta.

I jobben med brukeradmi­nistrering, jobba den nye laerlingen så systematis­k og raskt at han fort blei gitt alt ansvaret.

– Med tilrettele­gging kan dei gjere ein minst like god, gjerne betre jobb enn andre. Samtidig er nettopp det noko av utfordring­a. Gir vi dei for mykje arbeid, risikerer vi at dei har slikt laserfokus at dei gløymer å ta pauser eller ete. Du kan ikkje be dei ta det att mandag. Til slutt går det på helsa laus.

Han meiner den viktigaste tilrettele­gginga arbeidsgiv­ar kan gjere, er å bli kjent med arbeidstak­aren.

– Tankekøyre­t kan for ein med Asperger bli svaeret slitsomt, og enkelte kan trenge å prate om det for å kome ut av moduset. Det følger ofte med litt ballast i form av andre diagnoser som depresjon, angst eller tvangslidi­ng. For enkelte kan det hjelpe å ha eit stillerom, medan andre treng å kunne kome seint.

Kaos

Kvar person har sin form for Asperger. Carsten Mauland skilde seg så frå dei andre at det aldri blei merka. – Eg syntes det var gøy at Henning gjekk rundt og prata om inkluderin­g utan å få med seg at eg også har diagnosen. Etter to år sa eg «du veit vel at eg også har Asperger?»

Sander Mosnes Sandvik set opp skjema og lager planar. Alt han gjer i løpet av ein dag, er å finne i punktvise lister. Ein sommar la

han opp kvar dag etter følgande mønster: Han vakna, spiste, sorterte legoklossa­r i forskjelle­ge boksar etter fargar, spiste igjen etter tre timar, sorterte legoklossa­r i forskjelle­ge boksar etter fargar, spiste igjen etter tre timar. Heilt til det var på tide å legge seg.

Kristoffer Tunheim Høie derimot bør helst ikkje ha alt for fastsette rutiner.

– Eg tør ikkje ha alt for mange rutiner. Sett at du har ein plan for kva du skal gjere kvar dag. Så kjem du til torsdag og veit du skal støvsuge, men så rekker du det ikkje. Då blir det kaos.

Kaffedrøs-modellen

Mange som har diagnosen, synes det sosiale kan vere trått.

– Den norske arbeids-modellen er lagt opp rundt kaffedrøse­t. Å snakke om laust og fast i ti minutt, kan for ein med Asperger opplevast som heilt uuthaldele­g, seier Henning Starholm Steen.

Ifølgje SSB er 75 prosent av funksjonsf­riske mennesker i ordinaer jobb, medan berre 43 prosent av alle med funksjonsn­edsetting jobbar. Berre 25 prosent av personar med Asperger-syndromet

er i ordinaer jobb, ifølgje Nav.

– Ein vil sjeldan la vere å tilsette ein person som har vondt i ryggen, men heller legge til rette med hev-senk-funksjon i pult og ein betre stol. Med litt omsyn og tilrettele­gging går det som oftast fint for ein med Asperger å jobbe.

– Dette er ei gruppe som ikkje hadde trengt å stå utanfor samfunnet, og det er veldig på tide at vi gjer noko med det. Tieto Evry har verkeleg gått i bresjen for denne gruppa, seier Asbjørn Haaland, arbeidsliv­scoach i Nav.

No blir teknologis­elskapet mal for bedrifter over heile landet. Nav har tatt kontakt med for å samarbeide om å få fleire med Asperger inn i arbeidsliv­et. Dei lagar informasjo­nsmateriel­l som skal kunne brukast av andre bedrifter.

Haaland jobbar med å rettleie bedrifter i korleis bli inkluderan­de.

– Arbeidsgiv­ar kan meine mykje om inkluderin­g, men du må ha alle med deg, elles blir vedkomande sittande aleine på pauseromme­t.

Han hjelper bedriftene med å lage rutiner som skal gjere dei meir inkluderan­de. Dei skal ha eit skriftleg produkt som seier korleis dei jobbar med inkluderin­g.

– Ein kan ikkje berre ta dei inn og tenke det vil gå bra. Ei dedikert bedrift har rigga seg så godt at alle forholda er på plass. Det handlar blant anna om å tileigne seg kunnskap om diagnose.

Haaland meiner alle arbeidstak­arar vil tene på at bedrifter tør å ta inn mennesker med diagnose.

– Det er sjølve lakmustest­en på om ein arbeidsgiv­ar har rutinene på plass for å ta vare på sine tilsette. Alle kan på eit tidspunkt kome til å trenge tilrettele­gging.

Den norske arbeids-modellen er lagt opp rundt kaffedrøse­t. Å snakke om laust og fast i ti minutt, kan for ein med Asperger opplevast som heilt uuthaldele­g.

Henning Starholm Steen

 ?? ANDERS MINGE ?? Carsten Mauland, Sander Mosnes Sandvik og Kristoffer Tunheim Høie er viktige brikker i IT-selskapet TietoEvry. Dei er opptatt av at alle må få ein sjanse til å jobbe.
ANDERS MINGE Carsten Mauland, Sander Mosnes Sandvik og Kristoffer Tunheim Høie er viktige brikker i IT-selskapet TietoEvry. Dei er opptatt av at alle må få ein sjanse til å jobbe.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway