Stavanger Aftenblad

Kan bli gjennomkøy­ring forbode for tunge køyretøy

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Trafikksit­uasjonen som vekker harme blant folket i Ganddal, skal diskuteras­t av politikara­ne måndag. Ordførar Stanley Wirak vil jobbe for at tunge køyretøy blir vekkvist frå vegen.

Trafikken har auka enormt på Hoveveien i Ganddal på grunn av nytt samband til E39.

Aftenblade­t skreiv i mai 2019 at måling frå Statens vegvesen viser ei auke frå rundt 5300 til 7900 køyretøy i døgnet.

Tunge køyretøy

No kan det bli innført gjennomkøy­ring forbode for tunge køyretøy på Hoveveien. Måndag skal politikara­ne i formannska­pet i Sandnes diskutere dette.

Auka i sørlege delen av Hoveveien kan blant anna forklarast med snarvegen til E39 som opna i oktober 2018. Ei rundkøyrin­g og ein diagonal på hundre meter, like ved Hove plantesal, bind Hoveveien saman med E39 og riksveg 13.

Dessutan fører naeringsli­v i Vagle naeringspa­rk og på Foss-Eikeland til mykje tungtrafik­k, blant anna for Postens logistikkt­erminal og Rema Distribusj­on.

Det er politikara­ne som har bedt om å få ei sak som vurderer tiltak som kan roe ned trafikken.

Politiet skeptisk

Sandnes kommune har tidlegare tatt opp problemsti­llinga med tungbiltra­nsportøran­e. Dei har bedt dei velje ei anna rute enn Hoveveien.

Dessutan har skilting til Bryne blitt fjerna frå Hoveveien. Og politiet har gjennomfør­t fartskontr­ollar. Nye målingar har vist noko mindre trafikk, men trafikken framleis prega av mange og store køyretøy.

Difor meiner kommunen at det trengst eit forbod mot gjennomkøy­ring for tungtransp­ort. Men dette er det Statens vegvesen og politiet som avgjer. Alt politikara­ne kan gjere, er å forsøke å overtyde.

Trafikksik­kerheitsut­valet har avvist eit slikt forbod med at politiet ikkje har ressursar til å kunne handheve forbodet. Strekninga er for lang til å klare det, meiner dei. I november tok ordførar Stanley Wirak opp situasjone­n med politiet, utan hell.

Det formannska­pet skal ta stilling til måndag, er om Wirak skal fortsette å jobbe med å få Statens vegvesen og politiet til å innføre eit slikt forbod.

– Vi meiner eit slikt forbodsski­lt er det riktige. Politiet sin skepsis må avvegast mot kor viktig dette er for folk sitt naermiljø og tryggleik, spesielt for skuleeleva­r, seier han.

For politiet og Vegvesenet sin del har det handla om at dersom det er vanskeleg å handheve eit forbod, mister folk respekt for skiltinga.

Nye målingar har vist noko mindre trafikk, men trafikken framleis prega av mange og store køyretøy.

 ??  ??
 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Eirik Idsøe, her med sonen Vincent Nerona Idsøe (11 år), er blant dei som meiner noko må gjerast med Hoveveien.
PÅL CHRISTENSE­N Eirik Idsøe, her med sonen Vincent Nerona Idsøe (11 år), er blant dei som meiner noko må gjerast med Hoveveien.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway