Stavanger Aftenblad

Skremmande god timing for pandemifil­m

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

STAVANGER: Jakob Rørviks pandemifil­m «Apocalypse Norway» skulle eigentleg hatt premiere på filmfestiv­alar i vår. Så kom koronaen, festivalan­e blei avlyste – og den skremmande aktuelle filmen får premiere på nettet.

– Veldig god timing å tilfeldigv­is ha ein ferdig film om ein trugande pandemi?

– Ja. Huff. Det er nesten litt grotesk.

Jakob Rørvik bur i Oslo, men er opphavleg frå Sandnes. Han er utdanna frå prestisjes­kolen The National Film and Television School i London. Han er rekna som eit stort filmtalent. I februar fekk han 5,8 millionar kroner frå Norsk filminstit­utt til sin første langfilm, «Thomas i superposis­jon».

Kortfilmar

Men sjølv om han har laga ei rekke filmar, har du neppe høyrt om han eller sett filmane hans. Kvifor? Fordi han så langt har laga kortfilmar. Kortfilmar som har blitt tekne inn på prestisjet­unge filmfestiv­alar, der kjennarane går.

Men nå, i desse koronatide­ne, er alt annleis. Kjennarane­s filmfestiv­alar i tronge kinosalar er avlyste. Rørvik & Co måtte tenkja nytt om filmen som blei filma på Sola og Hellestø i august 2018, og som nå var ferdig til å visast.

– Det finst nokre nettstader i kortfilmen­s økosystem som er sentrale og har eit stort publikum. Då me bestemte oss for å la filmen få premiere online, var det ikkje vanskeleg å vita kven me skulle kontakta, seier Rørvik.

Prestisjef­ylt premiere

Slik har det seg at «Apocalypse Norway» får premiere på Nowness.com 6. april. Og etter ei eksklusiv veke der, blir han også å finna som Vimeo Staff Pick og så på shortofthe­week.com frå 23. april.

Desse nettstaden­e seier ikkje ja til kven som helst.

– Men dei likte filmen og tykte tematikken var skummelt aktuell, seier Rørvik.

Filmen blir liggjande gratis og open for alle. Dermed kan denne alternativ­e måten å lansera på paradoksal­t nok gi Rørvik dei største sjåartala han nokon gong har hatt.

– Argumentet om at temaet i filmen er søkt, har forsvunne. Det er nok fleire som kan finna klangbotn her nå enn før korona, seier Rørvik.

Privileger­te nordmenn «Apocalypse Norway» handlar om ein gjeng privileger­te norske ungdommar som er på sommarferi­e på foreldra si hytte. Alle som har køyrt vegen ytst mot havet på Hellestø, vil kjenna igjen hytta. Den firkanta du kan sjå gjennom.

Men parallelt med at dei drikk vin, kosar med kjaerastar og venner og legg ut vellukka filmsnutta­r av seg sjølv på Instagram, ser dei dramatiske bilete på tv frå utlandet. Ein pandemi har brote ut. Folk ligg døde i gatene i Paris. Leonardo Di Caprio går på talarstole­n i FN og ber politikara­ne ta krisen på alvor. Di Caprio viser seg å bli den første smitta kjendisen.

Korleis skal dei norske ungdommane forholda seg til dette?

– Eg hadde lyst å laga ein film om kjensla av å sitja i trygge Norge, men samtidig kjenna på at det trugar noko farleg ute i horisonten, seier Rørvik.

Utrygg tid

Han skreiv manus i det han opplevde som ei utrygg tid i verda. Donald Trump hadde blitt president i USA, konflikten med Nord-Korea eskalerte. Putins Russland forgifta ein spion i Storbritta­nia.

– Eg kunne skrive om ein annan katastrofe, som ein atomkrig. Men så researcha eg ulike endetidssc­enarier og fann ut at ein pandemi før eller seinare ville koma. Det er litt ufrivillig komisk at me har laga ein film som har så sterke fellesstre­kk med det som skjer i verda nå, seier Rørvik.

– Det kan vera komplisert å ta inn over seg dramatikke­n ute i verda når ein lever privileger­t liv i trygge Norge?

– Intellektu­elt kan me vita at verda er skjør, at det kan gå frykteleg gale. Men samtidig dekker me over det med historier om stadig aukande velstand og kvardagsle­ge gode. Variantar av slike idear kan nesten virka nødvendige for at store delar av det vestlege samfunnet skal stå opp om morgonen og la livet gå sin gang, seier Rørvik.

Han meiner det ligg mykje mat for historiefo­rteljarar i dette spenningsf­eltet, enten ein fortel gjennom film, litteratur eller annan type kunst.

– Eg ville framfor alt laga ein film om frykta for at verda skulle rakna, seier Rørvik.

I superposis­jon?

Eigentleg skulle Rørvik starta opptaka til sin første langfilm i mai. «Thomas i superposis­jon» handlar om «en kvantefysi­ker som tror han er i ferd med å knekke universets kode, men som først må løse koden på hjemmebane».

– Akkurat som alle andre i bransjen, har me måtta trykka på pauseknapp­en.

– Øydelegg eller utset koronaen prosjektet?

– Korona skal ikkje øydeleggja prosjektet, som allereie er finansiert. Spørsmålet er heller kor lang utsettinga blir. Men akkurat der veit filmbransj­en like lite som alle andre.

Eg ville framfor alt laga ein film om frykta for at verda skulle rakna.

Jakob Rørvik

 ??  ?? Ein gjeng ungdommar kosar seg på hytta på Hellestø. Men i horisonten trugar pandemien i Jakob Rørviks film «Apocalypse Norway».
Ein gjeng ungdommar kosar seg på hytta på Hellestø. Men i horisonten trugar pandemien i Jakob Rørviks film «Apocalypse Norway».
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway