Stavanger Aftenblad

Ekteskapst­eater på internett

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

STAVANGER: Blir det litt trongt i heimen for tida? Litt irritabelt i ekteskapet? Då passar det godt at Rogaland Teater viser «Scener fra et ekteskap» på nettet over påske.

– Gud, kor eg har sakna å gå på jobb!

Hjartesukk­et kjem frå Nina Ellen Ødegård, halvparten av skodespela­rekteparet Ødegård/Anders Dale.

– Då dei i si tid spurte oss om å gjera «Scener fra et ekteskap», lurte me jo litt på om det var ein fordel eller ei ulempe at me også var gift i den verkelege verda. Men me hadde aldri drøymt om at det skulle bli nesten påkravd for å kunna spela dette stykket, seier ektemannen.

Tomt teater

Dei sit på scenekante­n i eit tomt teater – med journalist­en på 2. rad. På hovudscene­n bak dei står glasburet der dei lenge har spelt teatervers­jonen av Ingmar Bergmans «Scener fra et ekteskap», til knallgode kritikkar, masse publikum og to Hedda-nominasjon­ar.

Men, som alle har fått med seg: Det er ikkje lenger lov å samla større folkemengd­er enn fem personar. Sidan 10. mars har det ikkje vore mogleg å framføra scenekunst med publikum i salen på Rogaland Teater.

– Dermed må me tenkja nytt for å få vist kunst til folket. Og då er det jo eit lukketreff at me har Nina Ellen og Anders, som ikkje må vera to meter frå kvarandre heile tida. Og så er det jo bra for smittevern­et at stykket blir spelt inni eit glasbur, seier informasjo­nssjef Pernille Kaldestad.

Teater på nett

Over påske skal Rogaland Teater prøva seg på noko dei aldri har gjort før, nemleg å strøyma eit teaterstyk­ke over nettet. Nøyaktig kva dag det skjer og nøyaktig kva plattform (ar) det skal bli mogleg å sjå strøymever­sjonen av «Scener fra et ekteskap» på, er ikkje heilt avklart. Men digitalt teater skal det bli. Du må sjå stykket mens det går – som vanleg teater. Men teatersalo­ngen er bytta ut med stova di heime.

– Me får pengar frå staten for å oppfylla vårt samfunnsop­pdrag, nemleg å bringa teater til folket. Det samfunnsop­pdraget skal me også prøva å oppfylla i desse koronatide­ne, seier Kaldestad, som samtidig presiserer at kvalitetsk­ravet ligg fast. Det er viktigare at dette blir bra, med ein skikkeleg teknisk produksjon, enn at det skjer fort og gale.

Det opne teateret?

– Skal det kosta noko for publikum?

– Nei. Men folk kan jo kjøpa dramakort, slik at det står kø utanfor den dagen me opnar dørene igjen.

Mens fleire teater i Oslo har permittert sine skodespela­rar, prøver Rogaland Teater å halda oppe ein viss aktivitet.

– Alle andre har stengt. Tenk om Rogaland Teater kan vera teateret som på eitt eller anna vis klarer å halda ope og får formidla teaterkuns­t til folket i koronaens tid, seier Dale.

– Det er viktig å bruka midla me har til å skapa noko – også i desse tider. Me veit ikkje kor lenge denne krisen skal vara – men folk treng kunst og kultur meir enn nokon gong nå. Folk treng å få fylt hjarta med noko anna enn koronakris­e, seier Ødegård.

Det blir sjølvsagt ikkje det same å spela teater utan kontakten med publikum – den felles opplevinga menneske imellom er essensen i scenekunst­en, slik Ødegård ser der.

– Skodespela­rar er vanlegvis skeptiske til filming og til å ikkje møta eit publikum. Men nå er tida her for å prøva nye ting, seier Dale.

Det manglar ikkje på idear frå teaterstab­en til alternativ­e måtar å jobba på. Første forsøk er altså ekteskapss­tykket på nett.

Klaustrofo­biske tider

– Det finst mange ektepar som er innelåste i ganske tronge rom for tida. Det gjer stykket ekstra aktuelt?

– Buret med all den eksistensi­elle teksten har ekstra sprengkraf­t i denne situasjone­n, ja, svarer Ødegård, som har ledd godt av ein del av humoren som heldigvis har kome ut av alt det tvangsmess­ige samvaeret ektepar og familiar for tida opplever.

– Det er kanskje naerliggja­nde å synast synd på folk som bur aleine. Men me som er trykka saman med kone og barn kan nok tidvis tenkja at dei som bur aleine er dei heldige. Det kan vera ganske krevjande å bu så tett saman med andre over så lang tid, seier Dale.

– Ein kan enten bli ekstra godt kjent eller ekstra irritert nå?

– I stykket blir det sagt at dei to lever i ei hermetisk lukka verd, der ein nesten blir kvelt av oksygenman­gel. Eg trur det i desse tider er viktig å gi kvarandre rom og oksygen, ikkje måtta vera saman absolutt heile tida, seier Dale.

– Ja, og der syns eg du har vore god, Anders. Du spør meg stadig vekk om eg har lyst til å gå ut ein tur for å få litt luft, seier Ødegård og ser ømt bort på sin omsorgsful­le ektemann. Han har svaret klart:

– Ja, det har vore fint å få deg ut av huset av og til.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Ekteparet Nina Ellen Ødegård og Anders Dale treng ikkje å halda to meters avstand. Dermed kan dei også spela tett teater saman.
FREDRIK REFVEM Ekteparet Nina Ellen Ødegård og Anders Dale treng ikkje å halda to meters avstand. Dermed kan dei også spela tett teater saman.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway