Stavanger Aftenblad

Pizzademok­ratiet leverer

-

GJESTEKOMM­ENTAR: Nokre kvalitetar er unike i det norske demokratie­t. Dei må hegnast om når smittesitu­asjonen no krev at norske politikara­r nasjonalt og lokalt innfører kriselover og fullmakter. rekke tilhøve som spelar inn for verdas demokrati over tid.

Den er truleg den mest omfattande og pålitelege datasamlin­ga om demokrati som eksisterer.

Vi kan bruke V-dem til å samanlikne Noreg med andre land. Når eg studerer korleis valprosess­ane og ymse deltakings­nivå artar seg i Noreg, ligg vi som venta blant dei øvste med høg skår. På desse felta ligg vi likevel ikkje klart føre land som Tyskland, England eller USA.

Derimot er vi i ein saerklasse som dialog-og-diskusjons-demokrati, det vil seie på «deliberati­ve democracy index» i datasamlin­ga. Denne handlar om korleis debatt og rådslaging om politiske avgjerder fungerer.

Indeksen er sett saman av korleis landa skårar i samfunnsen­gasjement, kor opptatt ein er av det felles beste, å kunne lytte til motargumen­t, gje vekt til høyringar og leve opp til ei grunngjevi­ngsplikt for styresmakt­ene.

Ser vi til dømes på i kva for grad norsk politikk er prega av at ulike partar sine argument slepp til og vert lytta til, er norsk politikk unik. Her skårar vi faktisk jamt over dobbelt så høgt som til dømes det dei franske, tyske, britiske og amerikansk­e demokratia gjer; Noreg ligg jamvel klart over skårane til våre nordiske naboar.

Det er beint fram oppsiktsve­kkjande kor saermerkt denne sida av det norske demokratie­t er.

Fredrik Solvang i brennpunkt­et

NRK Debatten har dei første vekene under krisa vist ei viktig side av deliberati­vt demokrati på norsk. Somme av debattane har hatt sjåartal på over ein halv million; ryktet om den felles samtalens død som følgje av fragmenter­ing i sosiale medium, er overdrive.

Det vart spetakkel då Fredrik Solvang i Debatten i førre månad vigde stor plass til den i overkant alarmistis­ke forskaren Gunhild Alvik Nyborg. Alt dagen etter var ulike ekspertar inviterte til eit ekstraprog­ram. Her svara dei utførleg på kritikken. Du kan trygt seie motargumen­ta slapp til – i eit program med sjåartal opp mot ein halv million.

Mistillit-paradokset

Det er ulike måtar styremakte­r kan oppnå støtte og oppslutnad på. Dei kan opptre som om dei var opphøgde og saerleg innsiktsfu­lle, om enn litt uvisst av kva for grunn. Ein annan metode er å spele på samhald og lydnadspli­kt.

I vår type demokrati kjem legitimite­ten derimot nedanfrå, frå eit nett av debattar og rådslaging­sprosessar. Dette er eit sterkare system som er betre i stand til sjølvkorre­ksjon – og det toler usemje og usikkerhei­t.

Jamfør då Fredrik Solvang prøvde å stille leiaren av Folkehelse­institutte­t, Camilla Stoltenber­g, til veggs nyleg: «Du skaper tvil! Du har problemati­sert det, sier du. Men det er jo å skape tvil!»

«Det er jo tvil om alle disse tiltakene, faktisk», svara Stoltenber­g. «Ikke om de enkleste, å vaske hendene og holde avstand. Men alle de tunge tiltakene med store ringvirkni­nger for samfunnet, er det tvil om effekten av.»

Når opposisjon­en er motvillig eller fagfolk er usikre, hender ofte paradoksal­e ting. For det første skjer ei laering for tilhøyrara­ne, trass tvitydige signal. For det andre vil politikk som saknar god grunngjevi­ng, verte korrigert. I sum verkar det tillitvekk­jande. Paradokset er at det som liknar mistillit, er laga av det same stoffet som skaper tillit.

Dette systemet er naturlegvi­s noko anna enn anarkisme. Også hos oss har sentrale byråkratar lojalitets­plikt.

Godt teikn

Når Camilla Stoltenber­g vedgår at ho er usikker, eller når regjeringa kjem med framlegg som deretter vert korrigerte av opposisjon­en midt i denne krisetida, burde vi eigentleg juble.

Då kan vi vite at dei komparativ­t sett saermerkte kvalitetan­e til det norske demokratie­t utfaldar seg også under krisa.

For pizzademok­ratiet – det leverer!

Noreg er i saerklasse i verda som demokrati gjennom dialog og diskusjon.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway