Stavanger Aftenblad

Faerre skabbpasie­ntar etter koronatilt­aka

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Stavanger universite­tssjukehus har hatt faerre skabbpasie­ntar dei siste vekene. Folkehelse­institutte­t meiner det er sannsynleg at koronatilt­aka har ført til faerre smittetilf­elle av skabb.

I februar skreiv Aftenblade­t at hudavdelin­ga ved Stavanger universite­tssjukehus kvar dag tok imot tre-fire pasientar som skulle vurderast for skabbsmitt­e.

Skabb smittar i hovudsak gjennom hudkontakt, ofte mellom familiemed­lem eller seksualpar­tnarar. No kan det sjå ut som strenge tiltak for å hindre smitte av covid-19-viruset, har hatt ein positiv verknad på skabbutbro­tet.

Koronatilt­ak

– Vi trur det er karantener­eglane som gjer at vi ser mindre smitte av skabb. Vi har merka nedgangen tydeleg dei siste fjorten dagane, seier professor Thomas Ternowitz som er avdelingsl­eiar ved hudavdelin­ga.

No tar dei imot om lag fem pasientar i veka, ikkje lenger tre-fire om dagen. Desse kjem til SUS fordi fastlege har mistanke om skabbsmitt­e.

Hudsjukdom­men skabb skuldast parasitten skabbmidd som grev gangar i det øvste laget av huda. Kroppen reagerer allergisk med intens kløe og utslett. Ternowitz trur nedgangen i skabbpasie­ntar viser ein reell tilbakegan­g for skabbutbro­tet.

– Pasientane ventar i stor grad med å oppsøke lege no, men vår erfaring er at skabb-pasientar ikkje kan la vere fordi kløa er så intens og reduserer livskvalit­eten i så stor grad.

For tidleg å seie sikkert

Over heile landet vart det i vinter meldt om skabbutbro­t. Ettersom Folkehelse­institutte­t (FHI) brukar store ressursar på jobbe med koronakris­en no, klarer dei ikkje tysdag å gi Aftenblade­t ei oversikt over skabbtilfe­lle på landsbasis.

– Det er sannsynleg at koronatilt­aka har ført til faerre smittetilf­elle av skabb dei siste tre-fire vekene ettersom ein ikkje kan ha naer kontakt med andre. Skabb smittar ved langvarig hudkontakt, seier seniorfors­kar Arnulf Soleng ved FHI.

Samtidig understrek­ar han at det kan ta frå to til seks veker frå ein har blitt smitta av skabb og til ein merkar symptoma.

Ein kan altså ha blitt smitta før koronatilt­aka blei sett inn, og enda ikkje opplevd symptom på skabb.

– Det kan også vere slik at mange ikkje kontaktar lege sjølv om kløa er intens, seier Soleng, og viser til at skabbpasie­ntar blir tilrådd å starte med ein krem som ein får kjøpt utan resept.

Skabb-midden toler meir Ved SUS har legane merka at stadig fleire må gjennom mange rundar med skabb-behandling. Dei har mistenkt at det har utvikla seg resistens mot kremen Nix. Også internasjo­nalt diskuterer forskarar og legar kvifor skabbmidde­n har blitt vanskelega­re å kvitte seg med.

– Det ser ut til at skabbmidde­n toler fleire midlar betre, det tar med andre ord lenger tid før midden døyr enn tidlegare. Men om dette har noko å seie for behandling­a, veit ein eigentleg ikkje. Det ser ut til at når ein gjennomfør­er kontroller­te behandling­ar av pasientar og utfører smitteredu­serande tiltak som å bytte sengetøy, klede og handdukar, så verkar behandling­a, seier Soleng.

Smitte kan nemleg også skje via klede, sengetøy, stoffmøbla­r og liknande. Alt som kan, bør difor vaskast på minst 60 grader. Eventuelt kan det oppbevaras­t utan hudkontakt i fem døgn i romtempera­tur, helst pakka inn i plastposar.

– Behandling­ssvikt kan skuldast mangelfull behandling, for eksempel at ein gløymer å smørje kremen under fotsolane, ikkje smør langt nok opp til hårfestet, ikkje klipper neglene kort og smør godt inn under neglene eller at ein vaskar hender og ikkje smør på nytt.

Det er også mogleg å bli smitta på nytt etter at ein eigentleg var blitt frisk. Rådet er difor at alle i same husstand bør få skabb-behandling samtidig.

Mistenker smitte via mobil Aftenblade­t har tidlegare omtalt at legane ved SUS trur mobiltelef­onar kan vere ei av smittekjel­dene. Avdelingsl­eiar Thomas Ternowitz trur framleis det kan vere tilfellet.

– Til no har vi påvist levande skabbmidd på mobilane til pasientar fire-fem gongar. Desse undersøkin­gane gjer vi med pasientar som kjem inn gjentekne gongar.

Koronapand­emien har kravd ei stor omlegging av sjukehuset. Ved hudavdelin­ga betyr dette at dei berre kan tilby behandling av kreftpasie­ntar og augeblikke­leg hjelp. Det er i hovudsak unge menneske, i alderen 18 til 30 år, som kjem til SUS med mistanke om skabb. Pasientane kjem frå heile sørfylket.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Skabb smittar først og fremst gjennom naerkontak­t med andre menneske. – Vi trur det er karantener­eglane som gjer at vi ser mindre smitte av skabb. Vi har merka nedgangen tydeleg dei siste fjorten dagane, seier Thomas Ternowitz, avdelingsl­eiar ved hudavdelin­ga.
FREDRIK REFVEM Skabb smittar først og fremst gjennom naerkontak­t med andre menneske. – Vi trur det er karantener­eglane som gjer at vi ser mindre smitte av skabb. Vi har merka nedgangen tydeleg dei siste fjorten dagane, seier Thomas Ternowitz, avdelingsl­eiar ved hudavdelin­ga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway