Stavanger Aftenblad

«Noen må tro i mørket»

-

DØD: Svein Ellingsen døde søndag – ein av våre viktigaste salmedikta­rar er borte. Salmane hans er blant dei mest brukte songteksta­ne i landet, skriv Jan Inge Sørbø, ein av dei som kjenner Ellingsens salmer best.

Jan Inge Sørbø

(Grundtvig, Landstad). Den siste fornyinga kom med Nynorsk Salmebok (1925), med Blix, Hovden og Støylens store produksjon. Dei forenkla og tok i bruk folkespråk­et: «Gud og Fader lat oss sova, under englevakt i stova» (Hovden). Mens så kom Ellingsen.

Dobbel fornying

Hans fornying hadde to element i seg. Det eine var at han førte vidare denne forenkling­a. Han skriv korte setningar, og ikkje alltid med rim. Samtidig er språket reint og tilslipt, så det enkle tek til å skina: «De slitte dager fylles/ av lovsang og forgylles», heiter det i adventssal­men «Rydd vei for Herrens komme». Og sjølv om berre to av salmane hans står under advent, så er det eit underliggj­ande adventsmot­iv i svaert mange av dei: Vi er i mørke, og vi ventar på solsnu og lys. Det er Ellingsens eksistensi­elle utgangspun­kt.

Og det fører over i den andre fornyinga han gjennomfør­te. Han tek innover seg den moderne fortviling­a, som slår ut i modernisme­n nettopp i dei åra han tek til å arbeida med salmar. Det er eit hovudtema i den religiøse delen av modernisme­n: Gud synest fråverande, det moderne menneske kjenner seg som Job, som har mista tilliten og berre har klagen att. Denne tematikken har ein sterk personleg klangbotn hos Ellingsen, som kjende til depressive plager, og som dessutan miste dottera i ei tragisk trafikk-ulykke i 1969. Ho var seks år gammal.

Formulerin­gar som «under livets tyngste slag» (i «Noen må våke i verdens natt») har denne bakgrunnen. Og nettopp i denne salmen blir hans modernisti­sk prega teologi formulert, når han skriv «Herre, du bor i mørket». Det er ein teologi vi kjenner hos dei store religiøse forfattara­ne, som Alfred Hauge, Arnold Eidslott, Bernanos, T. S. Eliot. Gud er ein lidande Gud, han bur hos dei som lid. Og kampen mot fortviling­a artar seg som ei vending bort frå seg sjølv, og over til alle dei andre lidande, som treng omsorg og hjelp: «Noen må baere den andres nød/ noen må vise mildhet». Fortviling vender seg til omsorg og blikk for andre, og sorg vender til forventnin­g om glede: «Herre, la vår tro bli fylt av glede». Eksistensi­ell naud blir sosialetik­k.

Svein Ellingsens mange venner kan fortelja om den personlege sida ved dette: Han var ein trufast venn, ein flittig brevskriva­r, som skreiv med kalligrafi­sk skrift utanpå konvolutte­n og i sine utsøkt vakre julebrev, og han svaert vár for korleis andre hadde det, og han utstråla varme når han kjende at nokon trong det.

Frå mørke til lys

Ellingsen gav ut den første boka si så seint som i 1978, «Det skjulte naervaer». Han har fortalt at han laga det første utkastet til disposisjo­n alt på femtitalet, då han fekk eit stipendiat-opphald i Danmark. Han var utdanna ved Statens kunstakade­mi og Statens laererskol­e i forming, og var formingsla­erar i mange år. Han var også malar, og spesialise­rte seg i ørsmå format, og omtala A5-storleik som «gigantform­at». Denne sida ved Ellingsen kan vi også sjå i salmane; dei er perfekte kunstverk, heilt utan mislyd. Det har noko med den lange tilbliving­sprosessen å gjera. Men Ellingsens salmar var kjent før boka kom; han var aktiv i salmekommi­sjonen for salmeboka i 1985, og var sterkt represente­rt der også. Frå 1976 var han statsstipe­ndiat, og arbeidde med salmar og kunst på heiltid. Han vart ein laerd hymnolog.

Han kjem frå mørket, og difor blir hans formulerin­gar om å koma inn i lyset så magiske og sjølvlysan­de

I eit intervju sa Ellingsen at hans salmar har to tyngdepunk­t: lidinga og livet i kyrkja. Det er svaert treffande. Han kjenner til tunge erfaringar, kanskje mest eksplisitt i den intense «Nå åpner savnet sine øde vidder», som heilt hudlaust skildrar ein sorgproses­s. Men også desse tre versa tek erfaringan­e inn i kyrkjeromm­et: «Her i din nød, hvor alt er fylt av fravaer/ er Gud deg naer og rekker deg sin hånd». Erling Sandmo, som døde tidlegare i vinter, skreiv ein gong at skilnaden på Händel og Bach var at den første skreiv om lyset i lyset, medan Bach kom frå mørket når han skildra lyset. Det kan ein også seia om Ellingsen. Han kjem frå mørket, og difor blir hans formulerin­gar om å koma inn i lyset så magiske og sjølvlysan­de. Og dette lyset finn han i kyrkjeromm­et, i dei kyrkjelege handlingan­e og dei liturgiske orda som held dette rommet oppe.

Dagen før Ellingsen døde, hadde Tom Egil Hverven ein fin artikkel om han i Klassekamp­en, som altså kom på trykk på diktarens siste levedag. Det visste nok ikkje Hverven, men han såg ein annan relevans. Den tida vi lever i no, med stengde kyrkjer og forbod mot store samlingar, viser oss til andre kjelder for å finna styrke. Som Ellingsens salmer: «Noen må tro i mørket».

 ?? LISE ÅSERUD / NTB SCANPIX ?? Kronprinse­sse Mette-Marit i samtale med salmedikta­r Svein Ellingsen i 2017.
LISE ÅSERUD / NTB SCANPIX Kronprinse­sse Mette-Marit i samtale med salmedikta­r Svein Ellingsen i 2017.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway