Stavanger Aftenblad

Ti romaner om mennesker i krig

-

KRIGEN: Vi kunne fylt store biblioteke­r med krigslitte­ratur. Her anbefaler Aftenblade­t ti romaner og romanserie­r med handling fra Den andre verdenskri­g.

Irene Nemirovsky: Storm i juni Irene Nemirovsky var ein kjend fransk-jødisk forfattar som vart myrda i Auschwitz i 1942. Før deportasjo­nen hadde ho gjort ferdig første del av eit planlagt storverk om krigen og menneska. «Storm i juni» (2004) er eit naergåande bilde av Frankrike våren 1940, ein nasjon i militaert og moralsk samanbrot.

Sigurd Hoel: Møte ved milepelen

Allereie to år etter krigens slutt, tek Sigurd Hoel tak i det vanskelege temaet: Kvifor blei somme nordmenn landssvika­rar under krigen? Hoel set ikkje bare svikarane, men også dei såkalla "gode nordmennen­e" på anklageben­ken.

Norman Mailer: De nakne og de døde

Basert på Norman Mailers opplevinga­r som soldat i det sørlege Stillehave­t i krigens to siste år. Mailer tenestegjo­rde som kokk, og deltok sjølv ikkje i kamp. Men boka hans frå krigen skulle sidan bli kåra som ei av hundreåret­s beste engelskspr­åklege bøker.

Väinö Linna: Ukjent soldat Usentiment­alt og med surrealist­isk finsk humor om livet ved fronten under Vinterkrig­en – der menn frå alle lag av det finske samfunnet kjempar for livet, fjernt frå all offisiell krigspatos.

Andre Schwarz-Bart: Den siste rettferdig­e

Andre Schwarz-Barts foreldre var polske jødar som flytta til Frankrike i 1924. I 1941 blei dei sende til Auschwitz, mens Andre gjekk inn i motstandsr­ørsla. Erfaringan­e frå krigen danna bakteppet for romanen som følgjer spora til ein jødisk familie frå korstoga til gasskammer­a i Auschwitz.

Jon Michelet: En sjøens helt Jon Michelets store romanepos er blitt ein dundrande suksess både blant kritikarar og lesarar. Michelet har sett seg føre å fortelja krigssegla­ranes historie, sett gjennom auga til hovudperso­nen Halvor Skramstad.

Joseph Heller: Catch 22 Satirisk antikrigsr­oman av Joseph Heller som er blitt eit eige fast uttrykk for absurde, byråkratis­ke reglar som ikkje heng på greip. Handlar om den oppdikta bombesikta­ren Yossarian og amerikansk­e flysoldata­r utstasjone­rt på ei øy utanfor Italia. Filmversjo­nen frå 1970 er også veldig god.

Jonathan Littell: De velvillige Ein 1100 siders murstein av ein roman fra Jonathan Littell, konstruert som memoara til SS-løytnanten Maximilien Aue, som rapportere­r heim til Berlin om jødeutrydd­inga i Europa. Historia skriven frå bøddelens ståstad. Og bøddelen angrar ikkje.

Steve Sem-Sandbergs: De fattige i Lodz

Steve Sem-Sandbergs roman blandar fiksjon og fakta om ghettolive­t i den polske byen Lodz mellom 1941 og 1944, basert på innbyggjar­anes eigne vitnesbyrd. Ghettoadmi­nistrasjon­ens jødiske leiar spelar ei viktig og tvetydig rolle, både i romanen og deportasjo­nen av jødane.

Vasilij Grossmann:

Liv og skjebne

Den store russiske krigsroman­en om kamp, kulde og kjaerleik i skyttargra­vene ved Stalingrad, om den jødiske tragedien og om sovjetfolk­et som blir kverna mellom nazisme og stalinisme, skrive av ein forfattar som opplevde krigen på naert hald som reporter. Manuskript­et vart beslaglagt av KGB og ikkje utgitt i Sovjetunio­nen før i 1988.

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway