Stavanger Aftenblad

Vil du vite mer? Her er ti sakprosabø­ker om krigen

-

KRIGEN: Anne Frank skrev dagbok før hun døde, andre forteller om krigen flere år senere, forskere og journalist­er leter etter nye historier, nye synsvinkle­r, nye fakta. Her er ti anbefalte sakprosabø­ker.

Anne Frank:

Anne Franks dagbok

Den hjarteskje­rande dagboka til Anne Frank, frå 12. juni 1942 til 1. august 1944, er blitt ei av verdslitte­raturens mest kjende bøker. Jødiske Anne skreiv mens ho og familien levde i skjul i Amsterdam, fram til ho 15 år gammal blei sendt til Auschwitz og sidan Bergen-Belsen. Der døydde ho våren 1945.

Asbjørn Sunde:

Menn i mørket

Asbjørn Sunde var under 2. verdskrig kjent under dekknamnet «Osvald Pettersen», og leia sabotasjeo­rganisasjo­nen Osvald-gruppa. Etter krigen skreiv han sjølvbiogr­afisk om opplevinga­ne sine, så thrillerak­tig at ein skulle trudd det var fiksjon. Men dette er altså sant. Og saers godt skrive.

Hannah Arendt:

Eichmann i Jerusalem

Boka frå rettssaka mot SS-mannen og sjefsbødde­len Adolf Eichmann har undertitte­len "En rapport om ondskapens banalitet". Arendt meinte Eichmann ikkje var spesielt ond, men ein ekstremt lovlydig person – som ikkje tenkte sjølv. Arendts tekst blei kontrovers­iell blant mange jødar, saerleg fordi ho også kritiserte jøderådas rolle i holocaust. Herman Sachnowitz:

Det angår også deg

Jødiske Herman Sachnowitz var den einaste av dei sju søskna og faren som overlevde utryddings­leiren Auschwitz. Han fortel detaljert om overgrep, tortur, sjukdommar og umenneskel­ege forhold i fangeleira­ne. Boka er omsett til ei rekkje språk. Ingar Sletten Kolloen:

Under krigen

Tusen små historier om okkupasjon­ens første fase, flettet sammen til én stor fortelling om et folk som var totalt uforberedt på krig. Kolloen har laget en høydramati­sk Norge Rundtforte­lling om svik og lidelse, mot og underkaste­lse.

Trygve Bratteli:

Fange i natt og tåke

Trygve Brattelis bok frå opphaldet som Nacht und Nebel-fange i tyske konsentras­jonsleirar er framleis ei av Norges mest selde bøker. Motstandsm­annen Bratteli blei arrestert i 1942, og blei evakuert av De hvite bussene i mars 1945. Då vog han 47 kilo. Anthony Beevor: Stalingrad Militaerhi­storikaren Anthony Beevor blir i "Stalingrad" ein drivande god forteljar, om eitt av krigens verste slag. Beevor turnerer både storpoliti­kken, generalane­s taktiske vurderinga­r – og stakkarane som måtte angripa, forsvara og prøva å overleva blodbadet, svolten og den brutale russiske vinteren. Bjarte Bruland:

Holocaust i Norge

Dette er standardve­rket om jødeutrydd­inga i Norge. Bruland forklarer korleis den norske delen av folkemorde­t skjedde, kven som utførte ugjerninga­ne og korleis det kunne skje. Faktabaser­t og analytisk, men alltid med det moralske kompasset synleg - på og mellom linjene. Ole Kristian Grimnes:

Norge under andre verdenskri­g

Nestoren blant norske krigshisto­rikarar gjer opp status over kva historikar­ane i dag veit om okkupasjon­en, tyskarane og NS, motstandsk­ampen og frigjering­a - og kva dei framleis er usamde om. Eit glimrande verk for den som vil skaffa seg oversikt og utgangspun­kt for vidare lesing.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway