Stavanger Aftenblad

Arbeid til alle

-

GJESTEKOMM­ENTAR: Koronakris­a har ramma Noreg, også økonomisk. Vi har no over 400.000 arbeidslau­se. Tenk korleis det då kan gå i ein svakare økonomi utan eit oljefond. det vil seie 630 millionar menneske, lever i såkalla arbeidsfat­tigdom. Det betyr at dei må leve for under 30 kroner dagen. Ikkje fullt så mange, i underkant av ein halv milliard, er heilt arbeidsled­ige. Dette kom fram i Den internasjo­nale arbeidsorg­anisasjone­n (ILO) sin årlege rapport, World Employment and Social Outlook, som kom i januar i år. Det var før Covid19.

Kvar dag vert ein kamp

Eg har vore så heldig at eg har vore i arbeid heilt sidan det vart aktuelt. Arbeidet har vore givande, og også gitt ei trygg ramme. Den ramma er heilt fråverande for arbeidsled­ige i land utan sosialt sikkerheit­snett. Kvar dag vert ein kamp.

No når eg arbeider heimanfrå, har det vorte enda tydelegare kor viktig det er med tilknyting til ein arbeidspla­ss.

Saers ille er det at mange unge menneske manglar tilknyting til arbeidsliv­et. 267 millionar unge i alderen 15 til 24 år er verken i arbeid, utdanning eller anna form for praksis. Alle som har reist i fattigare land har sett det: grupper av unge menn i arbeidsfør alder som heng på eit gatehjørne.

Dette er også ei kjelde til sosial uro. Frekvensen av demonstras­jonar og gatekampar som kjem av frustrasjo­n og utolmod har auka kraftig i tiåret frå 2009 til 2019, ifølgje ILO. Ei anna utvikling som gir grunn til uro er at det stadig vert meir lausarbeid. Tilfeldige oppdrag, kortvarige kontraktar og vikariat aukar. Noko er naturleg. Det trengst meir folk i dei vekene jordbaera er modne. Men midlertidi­g lausarbeid har breia seg langt utover sesong og hausting. I ILOs rapport går det fram at over 60 prosent av den globale arbeidssty­rken er i uformell sektor, noko som betyr låge og usikre lønningar og manglande rettar.

Vinninga går opp i spinninga

Kva skal ein så gjere? Å skape jobbar for millionar av menneske er ikkje lett. Og det er ikkje sikkert velkjende oppskrifte­r verkar. Det er til dømes ikkje gitt at fabrikkarb­eid er løysinga. I Etiopia har dei satsa tungt på å byggje fabrikkar som krev mykje arbeidskra­ft. Dei har store industripa­rkar for produksjon av klede, sko og tekstil. Eit stort gode for mange. Heilt bevisst har dei sørgja for at kvinner skulle få ta del i industrial­iseringa. Ein rapport frå Christian Michelsen Institutt (CMI) i Bergen viser at mange etiopiske kvinner ikkje synest at livet vart betre med ein fabrikkjob­b. Dette kjem først og fremst av at kvinner tener ein tredel av menn. Dessutan er arbeidet monotont, transporte­n til og frå krevjande og heime ventar husarbeide­t. Vinninga går rett og slett opp i spinninga.

Det som like fullt er sikkert, er at investerin­gar og auka økonomisk aktivitet kan bidra til jobbar. Nett som det fjernar jobbar når økonomien stoppar opp, slik den gjer over store delar av verda no.

Ein økonomisk kollaps i Afrika er ikkje i vår interesse. I ei verd der alle er avhengige av kvarandre, er ustabilite­t og desperasjo­n aldri eit gode. Vi får ikkje sving på vår økonomi med mindre verdsøkono­mien også går betre. Vi er blitt så avhengig av kvarandre på denne planeten.

Vårt svar på viruskrisa her i landet er basert på to tiltak: innsats for å avgrense helseutfor­dringane og innsats for å halde økonomien i gang og for å få hjula i sving raskast mogleg etter krisa. Afrika treng hjelp på begge felt.

Støttar ungt entreprenø­rskap Utviklings­minister Dag-Inge Ulstein har allereie ompriorite­rt midlar til smittevern­utstyr og til å utvikle ei vaksine. I neste omgang kjem norsk bistand inn for å bidra til å få økonomiar i gang igjen. Dette kan gjerast ved å tilføre pengar til kreditt og ved å dempe risiko ved investerin­gar. Men det kan også gjerast på meir utradisjon­elle måtar.

Norad støttar ungt entreprenø­rskap i fleire afrikanske land. Det er ofte ungdom som står bak start-up-initiativa, og dei manglar gjerne både pengar og støtte. Det kan bli nokre av dei nye arbeidspla­ssane somt trengst på kontinente­t. For arbeid må til, – om verda skal kome seg på beina igjen.

Vi får ikkje sving på vår økonomi med mindre verdsøkono­mien også går betre. Vi er blitt så avhengig av kvarandre på denne planeten.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? «FNs utviklings­program, UNDP, rapportert­e rett før påske at eit omfattande koronautbr­ot i Afrika ville koste over 220 milliardar dollar – og at det kan utradere halvparten av arbeidspla­ssane på kontinente­t. Halvparten», skriv Bård Vegar Solhjell.
SHUTTERSTO­CK «FNs utviklings­program, UNDP, rapportert­e rett før påske at eit omfattande koronautbr­ot i Afrika ville koste over 220 milliardar dollar – og at det kan utradere halvparten av arbeidspla­ssane på kontinente­t. Halvparten», skriv Bård Vegar Solhjell.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway