Stavanger Aftenblad

Då tyskarane sa nei til å begrava eit russisk lik på Naerbø

- Asgeir Lode

1942: Krigen var på andre året. Hausten var ille. Så blei eit skip med over 900 russiske krigsfanga­r skote i senk utanfor Lindesnes. Ein av desse dreiv i land på Jaeren og låg og skvalpa i strandstei­nane på Obrestad. Men hans siste reis enda ikkje der.

Stormen og uveret i oktober vil ingen ende ta, kan folk ha tenkt og sagt langs Jaeren og store deler av Sør- og Vestlandet denne månaden i krigsåret 1942.

For det var ikkje bare ein dag med regn, vind og ufyse ver. Jaerbønder som ikkje hadde fått korn, poteter, kålrabi, roer, neper og gulrøter i hus, visste mest ikkje si arme råd denne hausten. Dessutan var det krig i landet og i heile verda, og det på andre året.

Heile 1942 hadde forresten vore ein grufull vekkjar for heile Jaeren og for Norge. Uro, redsle, blendingsg­ardin og det å måtte kikka seg over skuldra kor folk flest stod og gjekk, var kjensler som jaerbuen og det norske folket ikkje var vane med. Både her og der luska det angjevarar med lange øyre. Folk var usikre og redde.

Mørke over alt Tvangsinnd­rivinga av radioar i alle heimar var ein ting. Forordning­ar som varsla dødsstraff ved skyting for samarbeid med fienden, planleggin­g av flukt eller sal

av båtar til folk som planla flukt over Nordsjøen, var jamgodt med dødsstraff.

Det same gjaldt i verste fall for folk som var med på å distribuer­a illegale aviser. Dette kunne kvar og ein lesa på plakatar på lyktestolp­ar og oppslagsta­vler. At okkupasjon­smakta meinte alvor også på Jaeren, viste dei massive tyske arrestasjo­nane av totalt 39 unge jaerbuar i oktober og november 1941.

19 av desse ungdommane hadde planlagt båtflukt frå Obrestad hamn og over til England, hausten 1941. Kuttaren «Lykken» og dei 19 kom aldri ut av hamna. Fluktplana­ne sprakk. 15 av desse unge mennene vart dømde til døden i SS und Polizeiger­icht i Oslo, 9. mai 1942. Natt til 21. mai 1942 vart dei bakbundne og lasta opp på tyske militaerbi­lar frå appellplas­sen i fangeleire­n Grini og frakta til Trandumsko­gen. Der skjedde avrettinga­ne av dei 15. Lika havna i ei massegrav.

Dette traumet prega folk på Jaeren sommaren og hausten 1942.

På toppen av alt kom altså oktober – og dag ut og dag inn med konstant uver. 26. oktober klokka 06.00 banka mannskap frå det norske statspolit­iet og norske lensmenn på dørene til alle jødiske heimar i heile landet for å arrestera alle jødiske menn. Denne dystre aksjonen vart omtalt i alle Nazi-kontroller­te norske aviser. Det var altså ikkje bare mørk himmel, uver og regn i oktober 1942.

Folk snakka lågmaelt saman i desse tider.

Nest verste skipskatas­trofe

21. oktober var og ein uversdag. Då stampa det tyske lasteskipe­t MS «Palatia» langs Sørlandsky­sten i tung sjø. Fartøyet var i utgangspun­ktet eit tysk skip på 3979 bruttoregi­stertonn, bygd 1928 i Lubeck. Det hadde vore ein del av flåten til reiarlaget HamburgAme­rikalinje

fram til året 1940. Då skifta skipet eigar, og eit statleg reiarlag i Sovjetunio­nen kjøpte fartøyet.

Sommaren 1941 låg båten ved kai i Tallinn i Estland. Namnet var då MS «Khazan». Men Estland og dei to andre landa i Baltikum, Latvia og Litauen, var okkuperte av Nazi-Tyskland. I Tallinn konfiskert­e den tyske krigsmarin­en like godt den store lastebåten. NaziTyskla­nd hadde bruk for eit slik skip til fangetrans­portar. Og sjefane i den tyske krigsmarin­en likte ikkje namnet. Det var russisk, så det fekk tilbake dåpsnamnet MS «Palatia».

I oktober 1942 dreiv tyske soldatar over 900 russiske krigsfanga­r om bord og under dørken i MS «Palatia». Den tyske planen var truleg å frakta dei russiske krigsfanga­ne til Norge og slavearbei­d ved tyske festningsa­nlegg. Ferda nordvestov­er skulle få ein brå slutt.

21. oktober 1942 var fire allierte Hampden-fly frå 489 Squadron RNZAF på tokt langs kysten av Sørlandet. I ruskevêret søraust for Lindesnes oppdaga dei fire britiske flya MS «Palatia» gjennom skylaget, og gjekk til angrep. Eit av flya sendte i veg ein torpedo og fekk inn ein fulltreffa­r.

Om lag 986 menneske drukna og omkom.

915 av desse var sovjetiske krigsfanga­r.

Den norske losen som var om bord, gjekk og ned med skipet. Eit tysk eskorteski­p lukkast ikkje i forsøka på å redda mannskap el

Senkinga av MS «Palatia» er den nest største skipskatas­trofen langs norskekyst­en under 2. verdskrig – og i historia.

ler russiske fangar. Sjøen var for grov. Dessutan var dette for det meste krigsfanga­r og fiendar.

Senkinga av MS «Palatia» er den nest største skipskatas­trofen langs norskekyst­en under 2. verdskrig – og i historia.

Bare eit fåtal av dei omkomne dreiv i land og fekk ei grav.

Men mange russiske lik enda i viker og strandstei­nane vest for Lindesnes og i strandstei­nane og stendene langs Jaeren.

Ein av dei ble ført nordover av bølger og straum før han dreiv i land ved Obrestad.

Og dermed starta eit nytt drama. Eit drama som fekk i alle fall to kapittel.

Eit lik i strandstei­nane

Fleire år etter finn me nokre få ord om dramaet – i sokneprest Zakarias Brekke sin samlerappo­rt til Landslaget for Bygdeog

Byhistorie, datert 14. juni 1946. Historia om likfunnet utgjer bare ei maskinskri­ven A4side og er halden i eit nøkternt språk:

Liket av ein russar dreiv i land ved Obrestad i Naerbø. Det vart meldt til lensmannen i Hå.

I tillegg til rapporten ligg det og ved eit dikt på sju vers.

Sokneprest Zakarias Brekke må ha vore opprørd også då han sette seg ved kontorpult­en i prestebust­aden like ved kyrkja på Naerbø og opna dekselet til skrivemask­inen denne dagen, sjølv om tre og eit halvt år hadde gått sidan likfunnet i strandstei­nane på Obrestad.

«Likfunnet vart meldt til lensmannen i Hå, (på dette tidspunkte­t var Ingebrigt I. Gausland lensmann i Hå, red. anm.) og han sa ifrå til Wehrmacht i Stavanger, so dei kunne ta seg av liket. Dei svara at det var deim heilt uvedkomand­e», skriv sokneprest­en.

Men ein sokneprest, ein kyrkjelyd og eit heilt lokalsamfu­nn i gamle Naerbø kommune kunne ikkje sitja med hendene i fanget og vita at det russiske liket som låg og skvalpa i havskum og sjøråk i strandstei­nane på Obrestad skulle bli eit bytte for sjø, reker, måker og kråker. Her måtte noko gjerast.

Nei til russarlik i vigsla jord «So måtte då folk på Naerbø taka seg av liket og få det gravlagt. Grav vart opna på Naerbø kyrkjegard, og laurdag ettermidda­g 31. oktober kom likfylgjet frå Obrestad til kyrkjegard­en. Presten i Hå var og på veg dit og vilde jordfesta det», skriv sokneprest Zakarias Brekke vidare i rapporten.

Eit likfylgje på den tida var ikkje bare seks mann som bar ei kiste. Eit likfylgje var mykje meir enn det. I dag som då, var det rundt fem kilometer frå Obrestad til kyrkjegard­en på Skjaerpe. Det som var meint å bli den siste ferda for den russiske krigsfange­n, var eit likfylgje til fots etter ein hest, ei kjerre og ei handlaga trekiste med eit lik av eit offer for meiningsla­us krig og gru. Kista hadde truleg snikkar Sven Aarrestad, dåverande eigar av Naerbø Trelast, snikra.

Dette var altså berre ti døgn etter torpederin­ga av det tyske fangeskipe­t MS «Palatia» og skipskatas­trofen utfor Lindesnes. Hest, kjerre, likkista med den tidlegare russiske krigsfange­n og likfylgjet seig oppover vegen frå Obrestad, forbi Vigre og Lode mot Naerbøkyrk­ja og kyrkjegard­en. Sokneprest­en var på veg ut hageporten og mot kyrkjegard­sporten då kona hans kom springande og ropte etter ektemannen. Det same gjorde ein politimann. I rapporten frå 14. juni 1946 heiter denne politimann­en Bore. Dåpsnamnet hans er ukjent.

Nå var det alvor.

Politimann Bore hadde fått telefon frå høgtståand­e offiserar i Wehrmacht i Stavanger at «liket

Politimann Bore hadde fått telefon frå høgtståand­e offiserar i Wehrmacht i Stavanger at "liket for alle ting ikkje måtte gravleggja­st på kyrkjegard­en, for det var ein krigsfange".

 ?? WIKIMEDIA COMMONS ?? Slik såg fangeskipe­t MS «Palatia» ut før det vart senka av allierte bombefly utanfor Lindesnes i oktober 1942. Over 900 russiske krigsfanga­r gjekk ned med fartøyet.
WIKIMEDIA COMMONS Slik såg fangeskipe­t MS «Palatia» ut før det vart senka av allierte bombefly utanfor Lindesnes i oktober 1942. Over 900 russiske krigsfanga­r gjekk ned med fartøyet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway