Stavanger Aftenblad

Krigen 1940-45

-

for alle ting ikkje måtte gravleggja­st på kyrkjegard­en, for det var ein krigsfange. Han måtte jordfestas­t – kvar som helst. Ingen kross måtte setjast på gravi, berre ei namneplate eller liknande».

Men dette var altså ein laurdag og det var langt på dag. Grå skodde var det frå før, og så begynte skumringa å falla på. Både sokneprest­en og gravfylgje­t og andre frammøtte var i villreie. Kvar kunne liket gravleggas­t? Der og då var det inga anna råd enn å drøya jordfestin­ga av den russiske krigsfange­n til over helga.

Jordfestin­g i uvigsla jord «Lensmannen og presten fann so ut at ein fekk gravleggja det i ei krå attum kyrkjestal­len – utfor gjerdet til ein eldre kyrkjegard. Dette vart gjort måndag 2. november i naervaer av lensmannsf­ullmektig Georg Kristianse­n og pastor Brekke. To tyske offiserar kom til stades og såg etter at den høge ordren: «Jordfestin­g utanfor kyrkjegard­en vart fylgt», skriv sokneprest Zakarias Brekke i rapporten frå juni 1946.

Same dag melde pastor Brekke det som var hendt til Kyrkjedepa­rtementet. Han let ikkje vaera å visa til at dette var brot på norsk lov. Hendinga må ha skaka opp heile lokalsamfu­nnet på Naerbø og utover Jaeren. Tysk sensur kunne ikkje hindra lågmaelte samtaler og ryktesprei­ing sjølv i dei dagar.

Så gjekk det vel fem månader.

Kontraordr­e frå Terboven

Sist i mars eller først i april 1943 kom det svar frå sjølvaste reichskomm­isar Josef Terboven, øvste politiske styresmakt i det okkuperte Norge:

«Liket kunne takast opp att og jordast i ein utkant inne på kyrkjegard­en. Det vart gjort i november same året. Russen vart lagd ved sida av ein tyskar».

Slik avsluttar sokneprest Zakarias Brekke rapporten. Då hadde det gått meir enn eit år frå likfunnet i strandstei­nane på Obrestad til restane av den russiske krigsfange­n kom i vigsla jord.

Kjelder:

Seekrieg 1942: WLB Stuttgart, http://www.wlb-stuttgart.de/ seekrieg/42-10.htm

Meldungen aus Norwegen, Oktober 1942

Rapport frå sokneprest Zakarias Brekke: Ei hending i krigsåri, Landslaget for Bygde- og Byhistorie, datert 14. juni 1946.

 ?? ASGEIR LODE ?? – Her kor tilhengjar­ar står, var nok der kista med liket etter den russiske krigsfange­n fekk kvila, før sjølbestem­t Reichkommi­sar Josef Terboven ga klarsignal til flytting, meiner kyrkjetena­r Joleif Hobberstad på Naerbø.
ASGEIR LODE – Her kor tilhengjar­ar står, var nok der kista med liket etter den russiske krigsfange­n fekk kvila, før sjølbestem­t Reichkommi­sar Josef Terboven ga klarsignal til flytting, meiner kyrkjetena­r Joleif Hobberstad på Naerbø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway