Stavanger Aftenblad

Diktet «Ei hending i Naerbø»

-

Som vedlegg til den same rapporten ligg eit dikt på sju vers. Diktet er signert sokneprest­en Z. Brekke.

Det går slik:

Ei hending i Naerbø i 1942

Når havet bryt mot strandi, og stormen yler villt, Og heile himmelrand­i av uverssky er fyllt, Då brottsjø-skavlar jagar med veldig makt mot land I netter som i dagar, og ymse henda kann

***

So hende det då nyleg eit lik til lands her dreiv, Og det var ganske tydleg; det frå forlis seg skreiv,Det gjeng så mykje under i denne harde tid, So mykje brotnar sunder, og heile verdi lid.***

Han måtte då få kvila i kristna kyrkjejord.

Kven kann um slikt vel tvila hjå oss som bur her nord? So vart då gravi laga, der armingen sku´ned.

Ein såg alt fylgjet draga til kyrkjegard i fred

***

Men høyr nå kva som hender for dette gravferdsl­ag: Eit forbud ut dei sender som makti hev i dag:

Han må for allting ikkje i kristna jord få stå,

Men jordast som ei bikkje burt i ei fante-krå

***

Og ingen kross må pryda den uslingen sin grav. For tenk, det kunde tyda at Krist han saela gav! Men slikt kan ikkje tenkjast for raude russe-sjael. Ein bolsjevik bør benkjast på laegste sess hjå Hel.

***

No russen søv med trygga i livd av kyrkjestal­l. Og kanskje Gud kann hyggja hans sjael i himmel-hall? Han opna hev sitt rike for fagmann og fant.

For Han er alle like. Det fagnadbod er sant

*** Eit år seinare No kviler arme russen i vigsla kyrkjegard Ved sida av ein tyskar som med seg sjølv var hard.Dei var fiender faele i hjarta, gjerd og ord,

Som brør dei no søv saele i fang åt Moder Jord

Z. Brekke

 ?? UTLÅNT AV HÅ FOLKEBIBLI­OTEK ?? Ei kiste med eit lik plassert på ei kjerre og ein hest med eit gravfylgje. Slik var eit gravfylgje for tre generasjon­ar sidan på Jaeren. Biletet kan vaera tatt rett ved kyrkjestal­len ved Naerbø gamle kyrkje.
UTLÅNT AV HÅ FOLKEBIBLI­OTEK Ei kiste med eit lik plassert på ei kjerre og ein hest med eit gravfylgje. Slik var eit gravfylgje for tre generasjon­ar sidan på Jaeren. Biletet kan vaera tatt rett ved kyrkjestal­len ved Naerbø gamle kyrkje.
 ??  ?? Sokneprest Zakarias Brekke.
Sokneprest Zakarias Brekke.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway