Stavanger Aftenblad

Drama om dansk IS-fange

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FILM: Velspelt og dramatisk om ung, dansk fotograf som blir kidnappa av IS – basert på sann historie.

Ingenting går etter planen. Plutseleg hamnar Daniel sjølv midt i krigens helvete – som fange hos terrororga­nisasjonen IS. Dei skyr, som kjent, ikkje noko middel i sin fanatiske galmannska­mp for kalifatet.

Danske «13 måneder» er basert på den sanne historia om den danske fotografen Daniel Rye, som sat 398 dagar – 13 månader – i fangenskap hos IS i 2013– 2014. Då danskane skulle dela ut sin versjon av Oscar/Amanda – Robertpris­en – fekk filmen suverent flest nominasjon­ar. «Ser du månen, Daniel?» – som filmen heiter på originalsp­råket fekk til slutt prisen både for årets danske film, årets regissør, årets mannlege hovudrolle og årets adapterte manus.

Det er fullt forståeleg.

«13 måneder» lukkast i å fortelja ei historie full av dramatikk og dilemma, både om Daniel og hans medfangar og om familien heime i Danmark. For samtidig som Daniel blir pina, plaga og torturert i sitt fangenskap, og lever med dødsdommen hengande over seg heile tida, kjempar familien ein desperat kamp for å få han fri.

Dilemmaet er dette: Skal ein forhandla med og betala terrorista­r løysepenga­r for å få fri folk dei har teke til fange? Staten Danmark har – som mange andre land – landa på eit prinsipiel­t «nei». Prinsippet er ikkje vanskeleg å skjønna. Hadde terrorista­r visst at heimlandet ville betalt millionar av dollar kvar gong dei tok eit vestleg menneske til fange, ville talet på kidnapping­ar eksplodert.

På den andre sida: Finst det nokon familie som ville akseptert ei slik prinsipiel­l haldning om det var deira son, bror eller far som blei teken til fange? Sjølvsagt ikkje. Familien heime i Danmark, ein heilt vanleg familie der faren køyrer lastebil og mora jobbar i Legoland, er desperat etter å få sonen heim. Dei har ikkje millionar på konto – men vil gjera alt for å skaffa pengane terrorista­ne krev.

Filmen skildrar dermed ein dobbel kamp. Daniels kamp for å overleva. Og familiens kamp for å få han ut av Syria.

Skodespela­rane i alle rollene fungerer veldig godt, enten rollene er store eller små. Jesper Smed gjer ein formidabel innsats som den ulukkelege fangen. Først som ein litt naiv og happy go lucky-aktig type i Danmark – som får seg ei frykteleg oppvakning i Syria.

Kamera ligg tett på Smed. Han får angsten, redselen og desperasjo­nen til å stå fram som svaert overtydand­e. Det er ikkje dveling eller uttvaering av eksplisitt­e bilete av valden og overgrepa som er det viktigaste verkemidde­let for å få fram den fysiske og psykiske terroren dei internasjo­nale fangane blir utsette for, men ansikta, kroppane og tankane deira. Resultatet er at du trur på det du ser. Og at sjølv om du veit at Rye overlever, er det spennande å sjå korleis dette går. Det går heller ikkje bra for alle fangane.

Historia inneheld alt ei historie på film krev: Ekte menneske, ekte moralske dilemma, dramatikk på liv og død. Når du i tillegg veit at dette ikkje berre er påfunn og fantasi, men basert på ei verkeleg historie frå ein verkeleg konflikt, blir det heile berre sterkare.

 ??  ?? Daniel Rye opplevde IS-krigaranes brutalitet på naert hald, som fange gjennom 13 lange månader.
Daniel Rye opplevde IS-krigaranes brutalitet på naert hald, som fange gjennom 13 lange månader.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway